See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
New Zealand - Wikipedia

New Zealand

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

[endre]
New Zealand
Aotearoa
Det newzealandske flagget Det newzealandske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonale motto: Ikkje noko
Geografisk plassering av New Zealand
Offisielle språk Engelsk, maori og newzealandsk teiknspråk
Hovudstad Wellington
Styresett
Dronning
Generalguvernør
Statsminister
Konstitusjonelt monarki
Elisabeth II
Anand Satyanand
Helen Clark
Flatevidd
 - Totalt
 - Andel vatn
 
268 680 km² (73.)
2,1 %
Folketal
 - Estimert (2007)
 - Folketeljing (2006)
 - Tettleik
 
 228 000 (122.)
4 143 279
15/km² (193.)
Sjølvstende
frå Storbritannia
26. september 1907
BNP
  - Totalt (2006)
  - Per innbyggjar
 
108 799 mrd. USD (58.)
26 470 USD (28.)
Valuta Newzealandsk dollar
Tidssone UTC +12
Nasjonalsong ««God Defend New Zealand»»
Nasjonaldag 17. mai
Internasjonal telefonkode +64
Nasjonale toppdomene .nz
Kart over New Zealand:
Kart over New Zealand

New Zealand eller Ny-Zealand er ein stat i Stillehavet på den sørlege halvkula. Landet er litt større enn Storbritannia og består av to store øyar, kalla Nordøya og Sørøya. Frå nordspissen av Nordøya til sørspissen av Sørøya er det 1600 km. Landet ligg mellom 30 og 50 grader sørleg breidd.

Kart over New Zealand
Kart over New Zealand

[endre] Klima

Klimaet på dei to øyane er ikkje særleg dramatisk, men ofte ustabilt. På breiddegradene der Sørøya ligg har ein svært lite landområde elles på jorda, bortsett frå Patagonia, så den vestlege luftstraumen kan strøyme nesten uforstyrra rundt jorda før den treff New Zealand, som dermed ofte vert råka av frontar. Sidan landet ligg midt i store havområde vert det ikkje så store temperaturendringar i samband med frontane, men ofte kjem det mykje regn og regnbyger, og nedbør som snø i dei høge fjella ein har i heile landet.

New Zealand dekkar ein god avstand frå sør mot nord. Auckland er derfor i middel eit par gradar varmare enn Christchurch. Fjella har ein god del å sei for klimaet. Enkelte område ligg i regnskugge og får så lite som 400 mm nedbør i året. Dei fleste områda får derimot nedbør om lag kvar andre eller tredje dag, og litt meir nedbør om vinteren enn resten av året. Vestsida av øyane er ein god del våtare enn dei større byane, særleg på Sørøya. Hokitika, som ligg på kysten like vest for nasjonalparken Arthur's Pass, har ein årleg nedbørsnormal på om lag 2800 mm. Isbrear og snø dekkar dei Sørlege Alpane der den totale årleg nedbøren (inkludert snøsmelting) kjem over 8000 mm. Snø har ein òg i dei lågareliggande områda på austkysten eit par gongar kvar vinter. Torevêr er sjeldan i dette maritime landet.

Vind er ein viktig klimatisk faktor på New Zealand, og ofte aukar vinden på til kuling gjennom Cooksundet. Av og til kan ein tørr og varm fønvind strøyme ned på austsida av Alpane. Her vert denne vinden kalla «norwester», og den fører ofte til langt mildare forhold om vinteren. Om sommaren kan han gje periodar med uvanleg høge temperaturar. Den mest spektakulære hendinga var då restane av ein tropisk syklon gjekk over dei sørlege Alpane 7. februar 1973. Christchurch og andre byar fekk då temperaturar opp mot 42 ºC, langt over den tidlegare nasjonale varmerekorden.

Nordøya ligg nærare subtropiske strøk og har sjeldan slike temperatursvingingar. Ved havnivå går temperaturen sjeldan under 0 ºC eller over 30 ºC, men frost er meir vanleg i indre område og dei høge vulkanske toppane er enno kaldare. Dei austlege områda kan kome opp i 35 ºC i fønvindsituasjonar.

[endre] På verdsveven


Land i Oseania

Australia | Aust-Timor | Fiji | Kiribati | Marshalløyane | Mikronesiaføderasjonen | Nauru | New Zealand |
Palau | Papua Ny-Guinea | Salomonøyane | Samoa | Tonga | Tuvalu | Vanuatu

Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.



Wikipedia på bokmål/riksmål
Denne spireartikkelen kan utvidast ved hjelp av den utfyllande artikkelen «New Zealand» på Wikipedia på bokmål/riksmål.


På andre språk


aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -