See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Isbre - Wikipedia

Isbre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Engabreen, ein utløpar frå Svartisen i Nordland. (Foto: Guttorm Raknes)
Engabreen, ein utløpar frå Svartisen i Nordland. (Foto: Guttorm Raknes)
Satelittbilde av isbrear og bresjøar i Bhutan. (Kjelde: NASA)
Satelittbilde av isbrear og bresjøar i Bhutan. (Kjelde: NASA)

Ein isbre eller jøkul er ein fleirårig masse av snø og is som hovudsakleg ligg på land, og som er i rørsle. Brear kan skildrast som elver av is: Dei tek til på land og blir dregne mot havet av tyngdekraften. Ein isbre blir danna ved at det fell meir snø på ein stad enn det smeltar fleire år på rad.

Glasiologi er læra om isbrear. Breane er kraftfulle fenomen som tærar på fjell og kan grava ut dalar, fjordar og innsjøar. Isbrear som rekk ut i havet før dei smelter kalvar ofte svære isfjell. Brear fraktar òg med seg stein og grus som kan bli liggjande igjen i forskjellige avsettingar, til dømes i ein morene.

Innhaldsliste

[endre] Tal

Den største isbreen på det europeiske fastlandet er Jostedalsbreen (487 km²). I Europa er Austfonna (8 200 km²) på Svalbard størst.

I Noreg er det i dag om lag 1 600 isbrear. Desse blei danna under bronsealderen for 2 500 år sidan. På verdsbasis er det om lag 80 000 isbrear, men dette talet går nedover på grunn av global oppvarming.

[endre] Oppbyggjing

Ein bre er delt opp i to sonar: Næringsområdet, der det kjem meir snø enn det som smelter, og avsmeltingsområdet, der det smelter meir snø enn det som fell. Skiljet mellom dei to sonane blir kalla likevektslinja. Tilhøvet mellom snømengden som fell og mengden som smelter blir kalla massebalansen.

Ofte renn smeltevatnet ut gjennom ein tunnel nedst på breen. Utgangen til tunnelen blir kalla breporten.

[endre] Typar

Slutten på den grønlandske innlandsisen.
Slutten på den grønlandske innlandsisen.

Dei fire viktigaste bretypane er:

  1. Botnbre
  2. Platåbre
  3. Dalbre
  4. Innlandsis

Ein botnbre ligg i ei skålforma senking i ei fjellside, erodert ut av breen sjølv. Dette er den vanlegaste bretypen.

Ein platåbre eller kåpebre er ein stor isbre som ligg oppå eit fjellplatå. Ein slik bre er ofte sett saman av mange mindre brear som har smelta saman. Ofte har ho utløparar som er dalbrear. Jostedalsbreen er ein slik isbre.

Ein dalbre slynger seg nedover ein dal, ofte som ein utløpsbre frå ein platåbre. Engabreen i Svartisen er eit døme på ein slik bre.

Innlandsis er den største typen bre. I lengre periodar med mykje kulde kan ein platåbre veksa seg stor, slik at han dekker store delar av eit kontinent. Antarktis og Grønland har begge innlandsis i dag.

[endre] Bakgrunnsstoff

Commons har multimedia som gjeld: Isbre



aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -