See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Elv - Wikipedia

Elv

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Columbiaelva i det nordvestlege USA.
Columbiaelva i det nordvestlege USA.
Ein meandrande del av Uruguayelva.
Ein meandrande del av Uruguayelva.

Ei elv er ein naturleg vassveg. Elver renn mot havet, ein innsjø eller ut i ei anna elv. Ei svært stor elv blir ofte kalla ei flod, medan ei svært lita elv er ein bekk. Ein kanal er ei menneskeskapt elv.

Elver kan setta preg på landskapet på ulike vis. Over lang tid kan dei grava seg nedover i steingrunnen og laga bratte dalar, såkalla elvdalar eller V-dalar. På flatlandet vil ei elv ofte bukta seg til høgre og venstre framfor å renna rett - dette kallar ein å meandra. Der elva renn nedover ei fjellside vil ho ofte danna ein foss. Ei stor elv som fører med seg mykje slam kan danna eit elvedelta der ho renn ut i havet.

Sidan vatnet i elvene er ferskvatn er livet i ei elv anleis enn livet i havet. Nokre artar, som laks, kan leva i begge miljøa.

Innhaldsliste

[endre] Elver og menneska

[endre] Flaum

I tider med mykje nedbør eller snøsmelting fører elver med seg mykje vatn, og kan dermed fløyma over. Dette kan føra til skader på liv og eigedom, men nokre samfunn, som det gamle Egypt rundt Nilen, har basert seg på næringsstoffa vårflaumen førte med seg.

Folk bur så nær dei kan Kwaielva i Thailand.
Folk bur så nær dei kan Kwaielva i Thailand.

[endre] Ferdsel

I århundre har store og små elver vore viktige ferdselsårer for transport av folk og varer i innlandet. Folk har slått seg ned langs elver, og svært mange byar er bygde langs breidden av ei elv.

Elver har òg hindra ferdsel ved å sperra den vegen ein ønsker å ta. Mange imponerande bruer er bygde for å letta ferdselen over ei elv.

[endre] Energi

Elver fører med seg vatn som kan brukast til irrigering i jordbruk. Dei inneheld òg mykje potensiell energi som kan brukast direkte, som til å driva vassmøller, eller til å laga straum ved at ein legg elva i røyr og bruker henne til driva turbinar.

[endre] Elver i mytologien

Ettersom mange elver har hatt makta over skjebnen til så menneske, er dei blitt svært viktige i religionane og legendene deira. Innan hinduismen er eit stort tal elver heilage, og mange av dei er personifiserte, som regel som ei gudinne.

[endre] Kjende elver

[endre] Norske elver

Sjå òg Elvar i Noreg

[endre] Verdas elver

[endre] Historiske elver

  • Sarasvati

[endre] Mytologiske elver

  • Styx
    Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.




aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -