Otra
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Otra | ||
|
||
Utspring | Setesdalsheiane | |
Munning | Kristiansand | |
Lengd | 245 km | |
Middelvassføring | 150 m³/s | |
Nedslagsfelt | 3740 km² | |
Renn gjennom | Kristiansand |
Otra er den største elva på Sørlandet. Ho renn frå Setesdalsheiane i Bykle kommune i Aust-Agder i nord til Kristiansand i Vest-Agder i sør. Elva er lakseførande opp til Vigeland i Vennesla. I tillegg finst den spesielle relikte laksen bleke i Byglandsfjorden.
Innhaldsliste |
[endre] Elveløpet
Otra er 245 kilometer lang og er dermed den åttande lengste elva i Noreg. Middelvassføringa er 150 m³/s. Høgaste vassføring er målt i oktober 1987 med om lag 1000 m³/s. Nedslagsfeltet er 3740 km² stort.
Det er to store innsjøar i vassdraget, Åraksfjorden og Byglandsfjorden.
[endre] Fisk
[endre] Laks
I Otra er det produksjon av lakseungar og laksesmolt. Vasskvaliteten dei siste åra har vore så god at det ikkje er registrert forsuringsskadar på smolten. Laksen klarer seg godt i Otra fordi elvevatnet ikkje er så surt. Det er kalkrik berggrunn i nedbørfeltet øvst i Setesdal som gjev elvevatnet ei viss bufferevne mot forsuring.
Fangstane dei siste åra har vore varierande:
- 2001: 7,2 tonn
- 2002: 5,3 tonn
- 2003: 7,4 tonn
- 2004: 5,8 tonn
- 2005: 9,9 tonn
- 2006: 10,7 tonn
- 2007: 5,9 tonn
[endre] Bleke
Bleke er ein laksefisk som berre finst i Otravassdraget.
[endre] Ørekyte
Òg karpefisken ørekyte har fått innpass i Otravassdraget. Det er funnet ørekyte i heile vassdraget oppfor Brokke kraftverk. Denne fisken er uønska i vassdraget, og det føregår eit arbeid for å hindre vidare spreeing.
[endre] Regulering
Otra er ei av Noregs mest regulerte elvar med fleire kraftverk:
- Holen kraftverk
- Brokke kraftverk
- Bjørgum småkraftverk
- Hekni kraftverk
- Hovatn kraftverk
- Langerak kraftverk
- Iveland kraftverk
- Nomeland kraftverk
- Steinsfoss kraftverk
- Hunsfoss kraftverk
- Vigelandsfoss kraftverk
I tillegg til kraftstasjonar er det etablert pumpestasjonar for overføring av vatn mellom reguleringsmagasin:
- Breive pumpestasjon
- Skarje pumpestasjon
[endre] Bakgrunnsstoff
[endre] Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Otra» frå Wikipedia på bokmål, den 2. mai 2008.