Åraksfjorden
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Åraksfjorden | |
---|---|
Stad | Bygland (Aust-Agder) |
Koordinatar | Koordinatar: |
Overflateareal | 11,96 km² |
Kystlengd1 | 45,22 km |
Høgd over havet | 203 moh |
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen. |
Åraksfjorden er ein innsjø som ligg i Bygland kommune i Aust-Agder. Han er ein del av Otravassdraget. Åraksfjorden strekkjer seg frå Storstraumen i sør til Ose og er den nordlege delen av Byglandsfjorden. Namnet har han fått av bygda Åraksbø som ligg på austsida av Åraksfjorden.
På vestsida av vatnet ligg Skomedal og Frøysnes, på austsia Sandnes og Åraksbø. Riksveg 9 kryssar Byglandsfjorden ved Storstraumen og følgjer vestsida vidare nordover.
Den sørlege delen av Åraksfjorden har namnet Bjåfjorden, medan den midtre delen vert kalla Sandnesfjorden.
Åraksfjorden vert sommarstid traffikert av veterandampbåten «Bjoren».