Donau
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Donau | ||
|
||
Utspring | St. Georgen i Schwarzwald i Tyskland | |
- Høgd | 925 m | |
Munning | Donaudeltaet i Svartehavet | |
Land i nedslagsfelt | Tyskland, Austerrike, Slovakia, Ungarn, Kroatia, Serbia, Bulgaria, Romania, Moldova og Ukraina. | |
Lengd | 2 888 km | |
Middelvassføring | 6 500 m³/s | |
Nedslagsfelt | 801 463 km² | |
Sideelvar | Inn, Drava, Tisza, Sava, Olt, Siret, Prut | |
Renn gjennom | Ulm, Linz, Wien, Bratislava, Budapest, Vukovar, Beograd, Ruse, Galaţi |
Donau (i antikken Danuvius, på gresk i antikken Ἴστρος eller Istros, slovakisk Dunaj, ungarsk Duna, serbisk, kroatisk og bulgarsk Dunav, rumensk Dunărea, engelsk Danube) er den nest lengste elva i Europa (etter Volga) med ei lengd på 2 888 kilometer. Ho har sitt utspring i Schwarzwald sør i Tyskland der dei to elvane Brigach og Breg renn i hop, og på vegen ned til Svartehavet renn ho gjennom hovudstadane Wien, Bratislava, Budapest og Beograd. Elva renn gjennom, eller grensar til, ti land: Tyskland, Austerrike, Slovakia, Ungarn, Kroatia, Serbia, Bulgaria, Romania, Moldova og Ukraina. I tillegg omfattar nedslagsfeltet til elva desse landa: Italia, Polen, Sveits, Tsjekkia, Slovakia, Slovenia, Bosnia-Hercegovina, Montenegro, Republikken Makedonia, Moldova og Albania.
Donaudeltaet, der Donau renn ut i Svartehavet, er det største og best bevarte elvedeltaet i Europa.
Donau har i fleire hundreår vore ei viktig transportåre, og er det framleis i dag, og ho var lenge ei av grensene til Romarriket. Den tidlegare statsdanninga Austerrike-Ungarn omfatta store delar av dei landa Donau renn gjennom. Difor vert Austerrike-Ungarn ofte kalla Donau-monarkiet.
Dei forskjellige namna til elva kjem av det urindoeuropeiske ordet *dānu, som tyder «elv». Andre store europeiske elvar med same rot er mellom annan Donets, Dnepr, Dnestr, Don i Russland og Don i England.
Innhaldsliste |
[endre] Geografi
[endre] Sideelvar
Sideelvane til Donau forgreiner seg inn i ti andre land, og enkelte av desse er igjen viktige i seg sjølv. Frå kjelda til munningen er dei viktigaste sideelvane:
- Iller - Lech - Regen (renn i hop ved Regensburg) - Isar (like nedanfor Deggendorf) - Inn (ved Passau) - Enns - Morava - Leitha - Váh (ved Komárno) - Hron - Ipel - Sió - Drava - Vuka - Tisza - Sava (ved Beograd) - Timiş - Velika Morava - Caraş - Jiu - Iskar - Olt - Vedea - Argeş - Ialomiţa - Siret - Prut
[endre] Byar
Donau renn gjennom følgjande byar:
- Ulm - Tyskland
- Ingolstadt - Tyskland
- Regensburg - Tyskland
- Deggendorf - Tyskland
- Passau - Tyskland
- Linz - Austerrike
- Mauthausen - Austerrike
- Enns - Austerrike
- Grein - Austerrike
- Melk - Austerrike
- Dürnstein - Austerrike
- Krems - Austerrike
- Tulln - Austerrike
- Wien - hovudstad i Austerrike
- Bratislava (Pressburg) - hovudstad i Slovakia
- Komárno - Slovakia
- Komárom - Ungarn
- Esztergom - Ungarn
- Visegrád - Ungarn
- Budapest - hovudstad i Ungarn
- Baja - Ungarn
- Vukovar - Kroatia
- Bačka Palanka - Serbia
- Bezdan - Serbia
- Sombor - Serbia
- Ilok - Kroatia
- Novi Sad - Serbia
- Beograd - hovudstad i Serbia
- Smederevo - Serbia
- Drobeta-Turnu Severin - Romania
- Moldova Nouă - Romania
- Orşova - Romania
- Vidin - Bulgaria
- Lom - Bulgaria
- Oryahovo - Bulgaria
- Nikopol - Bulgaria
- Svisjtov - Bulgaria
- Ruse - Bulgaria
- Silistra - Bulgaria
- Calafat - Romania
- Corabia - Romania
- Turnu Măgurele - Romania
- Zimnicea - Romania
- Giurgiu - Romania
- Olteniţa - Romania
- Călăraşi - Romania
- Feteşti - Romania
- Cernavodă - Romania
- Hârşova - Romania
- Brăila - Romania
- Galaţi - Romania
- Tulcea - Romania
- Sulina - Romania
- Izmail - Ukraina
[endre] Inndeling
- Øvre del: Frå kjelda til Devínporten. Donau er ei fjellelv før ho passerar Passau, og har før dette ei gjennomsnittleg helling på 0,0012 %, og frå Passau til Devínporten minkar hellinga til 0,0006 %.
- Midtre del: Frå Devínporten til Jernporten. Elva vert breiare og den gjennomsnittlege hellinga vert berre 0,00006 %.
- Nedre del: Frå Jernporten til Sulina, med ei gjennomsnittleg helling på berre 0,00003 %.
[endre] Moderne skipsfart
Havgåande skip kan segle opp Donau frå Svartehavet til Brăila i Romania og elveskip kan gå vidare til Kelheim i Bayern i Tyskland; mindre fartøy kan så gå vidare oppover elva til Ulm i Tyskland. Om lag 60 av sideelvane er òg framkommelege for diverse fartøy.
Etter at Rhinen-Main-Donau-kanalen vart opna i Tyskland i 1992, har elva vore ein del av vassvegen over kontinentet frå Rotterdam ved Nordsjøen til Sulina i Svartehavet (3 500 km). I 1994 vart Donau ein del av dei alleuropeiske korridorane, vassvegar i Sentral- og Aust-Europa som krevde store investeringar dei neste ti til femten åra. Om lag 100 millionar tonn varer vart transportert på Donau i 1987. I 1999 vart det derimot vanskeleg med transport på elva etter at NATO bomba tre bruer i Serbia. Oppryddinga vart ferdiggjort i 2002. Den midlertidige pontongbrua som hemma skipsfarten vart til slutt fjerna i 2005.
Ved Jernporten renn Donau gjennom eit juv som dannar grensa mellom Serbia og Romania. Her er det bygd to vasskraftverk, eit i juvet, og eit 60 km nedanfor. I juni 2006 var det rekordstor vassføring ut frå desse demningane med 15 400 m³/s.
Det er bygd tre kanalar frå Donau: Donau-Tisa-Donau-kanalen (DTD) i regionane Banat og Bačka (Vojvodina, nord i Serbia); den 64 km lange Donau-Svartehav-kanalen, mellom Cernavodă og Constanţa (Romania) stod ferdig i 1984, og korta ned avstanden til Svartehavet med 400 km. Rhinen-Main-Donau-kanalen (rundt 171 km) stod ferdig i 1992, og knytta Nordsjøen til Svartehavet.
[endre] Donaudeltaet
- For meir om dette emnet, sjå Donaudeltaet.
Donaudeltaet har stått på UNESCO si verdsarvliste sidan 1991. Våtmarksområdet (som òg står på Ramsar si liste) inneheld store flokkar med trekkfuglar, inkludert den utryddingstrua dvergskarven (Phalacrocorax pygmaeus). Fleire kanalar og endringar av elveleiet trugar deltaet.
[endre] Geologi
Sjølv om kjeldeelvane til Donau i dag er relativt små, er Donau geologisk sett ei mykje eldre elv enn Rhinen, som òg har nedslagsfelt i sørlege delar av Tyskland. Sidan Rhinen er den einaste elva med utspring i Alpane som renn nordover mot Nordsjøen finns dei ei usynleg linje som deler store delar av Sør-Tyskland. Denne linja vert stundom kalla Det europeiske vasskiljet.
Før den siste istida i pleistocenperioden, starta Rhinen ved den sørvestlege enden av Schwarzwald, medan vatnet frå Alpane som i dag renn ut i Rhinen, rann austover i den såkalla Urdonau. Delar av dette gamle elveleiet, som var mykje større enn dagens Donau, kan ein framleis sjå (no utan vatn) som djupe dalar i Dei schwabiske Alpane. Etter at den Øvre Rhindalen var erodert endra vassvegane i Alpane retning, og rann ut i Rhinen.
Sidan Dei schwabiske Alpane stort sett består av porøs kalkstein (karst), og sidan Rhinen ligg lågare i terrenget enn Donau, så fører undergrunnselvar mykje vatn frå Donau til Rhinen. Om sommaren, då Donau ofte har lita vassføring, kan ho forsvinne heilt gjennom desse undergrunnselvane ved to stader i Dei schwabiske Alpane, kalla Donauversickerung (Donausluket). Det meste av dette vatnet kjem opp att berre 12 km lenger sør ved Aachtopf i Tyskland, og her renn det om lag ut 8 500 liter per sekund. Dette vatnet renn ut i Bodensjøen, og dermed vidare med Rhinen. Det europeiske vasskiljet gjeld då altså berre for vatnet som renn vidare frå dette punktet, og berre dei dagane av året då Donau har nok vatn til å kome seg forbi sluka i Donauversickerung.
Sidan desse store undergrunnselvane eroderer mykje av den omliggande kalksteinen, reknar ein med at det øvre leiet av Donau ein dag vil forsvinne heilt, og etter kvart bli ein fullstendig del av Rhinen, eit fenomen kalla elvetjuveri.
[endre] Menneske
Området rundt Donau inneheld spor av nokre av dei tidlegaste menneskekulturane, den donausk-neolittiske kulturen, som inkluderar den bandkermaiske kulturen. Frå åra 2000-5000 fvt. finn ein spor av Vučedol-kulturen, kjend for keramikken sin, og Vinča-kulturen langs Donau. Elva var ein del av Limes Germanicus (grensa mot Germania) for Romarriket.
I 1998 vart Den internasjonale kommisjonen for vern av Donau (International Commission for the Protection of the Danube River) (ICPDR) oppretta. ICPDR består av 13 medlemsland (Tyskland, Austerrike, Tsjekkia, Slovakia, Slovenia, Ungarn, Kroatia, Bosnia-Hercegovina, Serbia, Bulgaria, Romaina, Moldva og Ukrain) og EU. ICPDR vernar ikkje berre sjølv elva, men heile nedslagsfeltet, som inkluderar sideelvane hennar og grunnvasskjelder. Målet til ICPDR er å sørge for berekraftig bruk av vatnet, inkludert konservering, betring, og rasjonell utnytting av vatnet til fordel for landa og folka i Donauområdet.
[endre] Kulturell påverknad
Donau er nemnd i tittelen til den vidkjende valsen til den austerrikske komponisten Johann Strauss, An der schönen, blauen Donau (Ved den vakre, blå Donau). Valsen vart komponert då Strauss reiste nedover Donau, og er i dag kjend over heile verda og mykje brukt som ein voggesong.
Ein annan kjend vals om Donau er Valurile Dunărij av den rumenske komponisten Ion Ivanovici (1845–1902), som tok publikum med storm då han vart framført ved Verdsutstillinga i Paris i 1889.
Den tyske tradisjonen for landskapsmaling, Donauskulen, vart utvikla i Donaudalen på 1500-talet.
Den mest kjende boka som skildrar Donau er kanskje meisterverket Donau av Claudio Magris (ISBN 1-86046-823-3).
[endre] Økonomi
[endre] Drikkevatn
Donau er drikkevasskjelda til om lag ti millionar menneske. I Baden-Württemberg i Tyskland kjem om lag 30 % (i 2004) av drikkevatnet til området mellom Stuttgart, Bad Mergentheim, Aalen og distriktet Alb-Donau i reinsa form frå Donau.
I Austerrike og Ungarn kjem det meste av vatnet frå andre kjelder, og berre i visse tilfelle vert Donau brukt. Dei fleste land brukar derimot lite av vatnet frå den særs forrureina elva, på grunn av vanskar med å reinse vatnet. Berre delar av Romania, der vatnet framleis er reinare, bruker mykje drikkevatn frå Donau.
[endre] Transport
Som «Korridor VII» i EU er Donau ei viktig transportåre. Etter opninga av Rhinen-Main-Donau-kanalen knyttar elva Svartehavet saman med industrisentera i Vest-Europa og hamna i Rotterdam. Vassvegen er konstruert for å ta store innlandsfartøy (110x11,45 m), men mykje større fartøy kan segle langs store delar av elva. Donau er delvis kanalisert i Tyskland (5 sluser) og Austerrike (10 sluser). Ein har føreslått og byggje fleire sluser for å ta unna meir transport, men dette er foreløpig ikkje gjort noko meir med på grunn av miljømessige omsyn.
Nedanfor Freudenau-slusa i Wien, er berre Donau kanalisert ved Gabčíkovo-demningen, nær Bratislava og ved dei to vasskraftverka ved Jernporten. Desse slusene har større dimensjonar (liknande slusene i den russiske elva Volga med 300x30 meter). Frå Jernporten og nedover renn elva fritt mot Svartehavet, ein avstand på rundt 860 km.
Donau er knytta saman med Rhinen-Main-Donau-kanalen ved Kelheim, og med Wiener-Donaukanal i Wien. Bortsett frå enkelte andre sideelvar er dei største framkommelege sideelvane Drava, Sava og Tisza. I Serbia er òg eit kanalnettverk knytta til elva, kalla Dunav-Tisa-Dunav-kanalane.
[endre] Fiske
Fiske i Donau, som var svært viktig i mellomalderen, har avtatt kraftig dei siste åra. Enkelte fiskarar er framleis aktive visse stadar langs elva, og i Donaudeltaet er fiske framleis ein viktig industri.
[endre] Turisme
Av viktige turiststader langs Donau finn ein mellom anna Wachaudalen, nasjonalparken Donau-Auen i Austerrike, naturparken Obere Donau i Tyskland, Kopački rit i Kroatia, Jernporten og Donaudeltaet i Romania.
[endre] Kjelde
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Danube frå Engelsk Wikipedia .
[endre] Lenkjer ut
- Bibliografi om vassressursar og internasjonale lover
- Dun.AV — Donaupanorama-prosjektet
- Donausluket
- Aachtopfkjelda
- Donaudeltaet
- Kart over nedslagsfeltet til Donau(GIF - 257 KB), Kart+info, PDF
- ICPDR.org
- 'The Ister': Dokumentarfilm om ei reise langs Donaun
- Transport på Donau
- Donau regionsprosjekt
- danube-river.org
- Bruer over Donau | Ungarsk
- Kart over vassvegar mellom Rhinen og Donau
- Elvecruise på Donau
- Kart over Donau
Donau |
---|
Land:Tyskland | Austerrike | Slovakia | Ungarn | Kroatia | Serbia | Romania | Bulgaria | Ukraina | Moldova |
Byar: Donaueschingen | Ulm | Ingolstadt | Regensburg | Passau | Linz | Wien | Bratislava | Győr | Komárno | Esztergom | Budapest | Baja | Vukovar | Ilok | Bačka Palanka | Novi Sad | Beograd | Smederevo | Drobeta-Turnu Severin | Vidin | Ruse | Brăila | Galaţi | Tulcea |
Sideelver: Iller | Lech | Regen | Isar | Inn | Enns | Morava | Rába | Váh | Hron | Ipeľ | Drava | Tisza | Sava | Timiş | Velika Morava | Jiu | Iskar | Olt | Osam | Jantra | Vedea | Argeş | Ialomiţa | Siret | Prut |