See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Romania - Wikipedia

Romania

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

[endre]
România
Romania sitt flagg
Romania sitt riksvåpen
Flagg Riksvåpen
Nasjonale motto: Ikkje noko
Romania si geografiske plassering
Offisielle språk Rumensk
Hovudstad Bucureşti
Styresett
Republikk
Traian Băsescu
Călin Popescu-Tăriceanu
Flatevidd
 - Totalt
 - Andel vatn
 
238 391 km² (80.)
3 %
Folketal
 - Estimert (2005)
 - Folketeljing (—)
 - Tettleik
 
22 329 977 (49.)

94/km² (79.)
Sjølvstende

  - Erklært
  - Anerkjent
Den rumenske uavhengigheitskrigen
10. mai 1877
13. juli 1878
BNP
  - Totalt (2005)
  - Per innbyggjar
 
183,162 mrd. USD (46.)
8 258 USD (70.)
Valuta Leu
Tidssone UTC +2
Nasjonalsong Deşteaptă-te române
Nasjonaldag 1. desember
Internasjonal telefonkode +40
Nasjonale toppdomene .ro

Romania er eit land aust i Europa. Landet grensar til Bulgaria, Serbia, Ungarn, Moldova og Ukraina i tillegg til Svartehavet. Frå og med 1. januar 2007 er Romania medlem i EU. Majoritetsspråket i Romania er rumensk, eit romansk språk i slekt med m.a. italiensk. I tillegg finst det ein stor ungarsk minoritet vest i Romania.

[endre] Historie

År 513 fvt., sør for Donau, vart Getækonfederasjonen nedkjempa av Darius, som på den tida kriga mot skytarane. Over eit halvt årtusen seinare, vart Getæane nok ein gong nedkjempa, denne gongen av det romerske imperiet, under keisar Trajan. Frå år 101 til 106 vart Getæarriket knust, og landet omgjort til den romerske provinsen Dacia. (Dacianar var namnet roma- / sigøynarfolket nytta om Getæarane.) Dei gotiske og karpiske krigane på Balkan i 238256 pressa det romerske imperiet til å opprette ein ny provins i Dacia, inne i det tidlegare Moesia Superior.

I 271 vart gamle Dacia ein del av Gotarriket, og var det fram til slutten av det 300-talet, då det vart innlemma i det hunske imperiet. Gepidarane og ávárane herska over Transylvania fram til det 700-talet, etter den tid vart Romania innlemma i det bulgarske imperiet fram til omlag år 1000. Pekenegane, kumanane og uzane vert òg nemnde i rumenske historiekrønike fram til opprettinga av Vlachia av Wallachia, av Basarab I, og Moldavia av Dragos i det trettande og fjortande århundret. I middelalderen levde rumenarane i tre forskjellige statar: Wallachia, Moldavia og Transylvania.

Wallachia kom under ottomansk styre på 1400-talet og Moldavia på 1500-talet. Dei var autonome provinsar, og opplevde båe kortare periodar med sjølvstende. Dei austlege delane av Moldavia (kalla Bessarabia) gjekk til det russiske imperiet i 1812 (delar av området vart ført attende etter Paristraktaten av 1856), den austlege delen kalla Bukovina gjekk til det austerrikske imperiet i 1775, og den søraustlege delen kalla Bugeac gjekk til det ottomanske imperiet.

Transylvania kom under ungarsk kontroll i det ellevte århundret (sidan 1301 var Ungarn og Transylvania delar av kongehusa Anjou, Habsburg og det heilage romerske imperiet. Etter slaget ved Mohács i 1526 vart området ein del det ottomanske imperiet. Ved slutten av det attande årundret vart Transylvania ein del av det austerrikske imperiet (kalla Austerrike-Ungarn frå 1867) fram til slutten av fyrste verdskrigen i 1918.

Den moderne rumenske staten vart oppretta i 1859 då Moldavia og Wallachia slo seg saman under den moldaviske domnitoren Alexandru Ion Cuza. Han vart byta ut med Hohenzollerndynasiet i 1866, og sjølvstende og status som kongedøme fekk landet i 1878, etter den russisk-tyrkiske krigen, der Romania kjempa på russisk side. På den tida byta Russland to sørlege distrikt i Bessarabia som Moldavia hadde teke attende etter krimkrigen i 1852, mot Dobruja. I 1918, ved slutten av fyrste verdskrig, sameina Bessarabia og Transylvania seg med det rumenske kongedømet. Den transylvanske unionen med Romania vart ratifisert i Trianontraktaten i 1920.

I 1940, ved byrjinga av andre verdskrigen, vart det nordlege Bukovina og Bessarabia, det nordlege Transylvania og det sørlege Dobrudja okkupert av Sovjetunionen, Ungarn og Bulgaria, ettersom Romania låg under diktator Carol II. Same året abdiserte Carol, og Romania gjekk inn i krigen på tysk side. På dette viset fekk landet attende Bessarabia og det nordlege Bukovina frå Sovjetunionen, og dei tok del i den føreståande invasjonen under leiinga av general Ion Antonescu. I august 1944 vart Antonescu sitt regime kasta, og Romania vart med Den raude arméen mot Nazi-Tyskland.

Ved hjelp av Den raude arméen som var stasjonert i landet etter krigen kontrollerte kommunistane Romania, og gjennom massivt valfusk gjekk kommunistane til makta. Monge rumenarar såg på det som eit svik frå deira vestlege allierte å la dette hende. I 1947 vart kong Michael I tvungen til å abdisere og å gå i eksil. Romania vart proklamert ein kommuniststat under direkte militær og økonomisk leiing av Sovjetunionen fram til 1958 Under denne perioden vart dei få ressursane som var att i landet etter den andre verdskrigen soge inn i sovjet-rumenske «avtalar».

Fil:Old wodden church in Maramures, Romania.jpg
Trekyrkjer frå Maramures i Romania

Sovjet-rumenske selskap vart oppretta i etterkrigstida for å skjule den regelrette plyndringa som fann stad, i tillegg til dei massive krigserstatningane landet måtte betale til Sovjetunionen. (Landet hadde trass alt vore på tysk side mesteparten av krigen.) Ein mørk periode i Romania si historie fann stad, då hundretusenvis vart fengsla av politiske grunnar, tusenvis av menneske vart mishandla, og politiske motstandarar vart både torturerte og drepne.

Ein kortliva periode av økonomisk oppgang og openheit fann stad i byrjinga av 1970-talet (omtala som ein "gyllen æra" av rumenske nostalgikarar), men enda brått då tidlegare diktator Nicolae Ceauşescu returnerte frå ei reise i Asia, som mellom anna inkluderte land som Nord-Korea og Kina. Diktatoren innførde ei hard linje, og innbyggarane i det allerie lutfattige landet fekk endå dårlegare levekår. Dei fyrste åra Ceauşescu var i leiinga var han svært populær, mellom anna av di han tok avstand frå russarane, men etterkvart vart han meir og meir sjølvoppteken og upopulær. Ceauşescu herska med frykt som sitt våpen, og undertrykkinga av landet sine borgarar vart endå verre etterkvart somj det hemmelege sikringspolitiet fekk meir og meir makt.

Fleire tiår med kommunisme under Gheorghe Gheorghiu-Dej, og seinare under Nicolae Ceauşescu enda seint i 1989 med den rumenske 1989-revolusjonen. Etter fleire veker med opprør og protestar i desember 1989, vart kommunistregimet kasta. Dei stadig meir valdelege opprøra kulminerte i avrettinga av Ceauşescu og kona hans Elena. Under den rumenske revolusjonen gjekk overgongen frå kommunisme til demokrati på eit meir fredeleg vis. Romania var det einaste austblokklandet som tydde til vald under oppløysinga av Sovjetunionen.

Kart over Romania og Bulgaria
Kart over Romania og Bulgaria

Valet i 1990 vart vunne av det politiske partiet FSN, der somme av politikarane seinare reformerte til eit sosialdemokratisk parti. FSN fekk halde på makta fram til 1996, då CDR, eit høgrevridd parti forma regjering for ein periode. Etter nokre år med ein del politiske omskiftingar i landet, fekk Ion Iliescu og statsminister Adrian Năstase i 2000 makta attende, men no som leiarar av det sosialdemokratiske partiet PSD.

Leiaren av det demokratiske partiet, Traian Băsescu vart vald til president av Romania den tolvte desember 2004. Traian Băsescu klarte å forme ei regjering rundt sitt eige politiske parti, samt partia "Sanninga" og "Rettskapsalliansen" (Alianta Dreptate si Adevar), ved å utvelje statsminister Călin Popescu-Tăriceanu. Alliansen forma regjering med det rumenske humanistpartiet (Partidul Uamnist Romăn), som no er kjend som Konservativpartiet, og det det etniske minoritetspartiet "den demokratiske alliansen av ungararar i Romania" (Uniunea Democrată a Maghiarilor din România), som har vore i regjeringa sidan 1996.

Etter at den kalde krigen slutta i 1989 fekk Romania stadig betre kontaktar i Vesteuropa. Landet vart med i NATO i 2004, og er eit søknadsland for den Europeiske Unionen. Etter planen skal landet verte medlem den fyrste januar 2007, men monge av krava EU har stilt til landet har endå ikkje vorte oppfylt. Mellom anna gjeld dette skyhøg korrupsjon og menneskerettar.

[endre] Klima

Romania har utstrekte fjellområde som i stor grad påverkar klimaet i dei fire årstidene. Bortsett frå dei høgare områda i Karpatane, vil dei fleste områda i Romania nå over 26ºC ein vanleg sommardag, men ein kan ha ein del fukt langs Donaudalen. Den varme tida på året er òg den våtaste, men torevêr har ein oftast i mai og juni. Elles er det lite nedbør å spore, og Romania er eit tørt land sjølv for å vere sentralt i Europa. Bucuresti har ein årleg nedbørsnormal på 592 mm.

Transylvania har ofte litt meir skya vêr sidan dei vestlege vindane stig oppover Karpatane, men seint på sommaren og tidleg på hausten er det gode sjansar for å sjå sola.

Om vinteren kjem det lett snøfall omlag kvar tredje eller fjerde dag over heile landet, men dei høgareliggande områda har oftare snø, som ligg langt ut på våren. Vinterkulden er litt strengare i nordaustlege område av landet, der den iskalde nordaustlege crivatvinden frå Russland er kraftigast og smelteperiodane kjem sjeldnare enn lenger sør. Kyststripa mot Svartehavet er det mildaste og tørraste hjørnet av Romania, men den kalde vinden kan vere sur sjølv om temperaturen held seg over 0ºC. Somrane er derimot solfyllte og tempererte, med lite torvêr og utan dei høgaste temperaturane.

Commons har multimedia som gjeld: Romania


Aust-Europa

Albania | Armenia | Aserbajdsjan | Bosnia-Hercegovina | Bulgaria | Estland |
Hellas | Kasakhstan | Kroatia | Kviterussland | Latvia | Litauen | Makedonia |
Moldova | Montenegro | Polen | Romania | Russland | Serbia | Ukraina


EU Den europeiske unionen (EU) og EØS-området:

Austerrike | Belgia | Bulgaria | Danmark | Estland | Finland | Frankrike | Hellas | Irland | Italia | Republikken Kypros | Latvia | Liechtenstein | Litauen | Luxembourg | Malta | Nederland | Polen | Portugal | Romania | Slovakia | Slovenia | Spania | Tsjekkia | Tyskland | Storbritannia | Sverige | Ungarn

Berre EØS:

Island | Liechtenstein | Noreg


Den nordatlantiske traktat-organisasjonen (NATO) Fil:Flag of NATO.svg
Belgia | Bulgaria | Canada | Danmark | Estland | Frankrike | Hellas | Island | Italia | Latvia | Litauen | Luxembourg | Nederland | Noreg | Polen | Portugal | Romania | Slovakia | Slovenia | Spania | Storbritannia | Tsjekkia | Tyrkia | Tyskland | Ungarn | USA
Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.


På andre språk


aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -