Aust-Europa
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Aust-Europa er ei nemning brukt om den austlege delen av Europa. Å definere grensene på dette området presist er vanskeleg, sidan det kjem an på samanhengen omgrepet blir bruka i.
I dag definerer ein det geografisk som området mellom Sentral-Europa og Uralfjella i Russland. Men i lang tid var omgrepet bruka om den delen av Europa som var under sovjetisk kontroll under den kalde krigen (den såkalla Aust-blokka), ein definisjon som baserer seg på ei politisk framfor ei geografisk inndeling.
I mange utdaterte kjelder omfattar omgrepet «Aust-Europa» framleis dei fleste eller alle europeiske land som fram til slutten av den kalde krigen var kommunistiske statar eller land kontrollerte av Sovjetunionen. Dei fleste menneska i Polen, Tsjekkia, Slovakia, Ungarn og Slovenia ser ofte på sine land som del av Sentral-Europa snarare enn Aust-Europa. Ei inndeling i berre to delar blir av mange i desse såkalla «austlege» landa sedd på som nedsetjande og urett samanlikna med land som Finland og Hellas, som ligg lenger aust, eller det tidlegare DDR, som på grunn av den tyske gjenforeininga med eitt vart «vestleg».
[endre] Kjelder
- Bokmålswikipediaen.