See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Estland - Wikipedia

Estland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

[endre]
Eesti Vabariik
Det estiske flagget Det estiske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonale motto: Ukjent
Geografisk plassering av Estland
Offisielle språk Estisk
Hovudstad Tallinn
Styresett
Republikk
Toomas Hendrik Ilves
Andrus Ansip
Flatevidd
 - Totalt
 - Andel vatn
 
45 226 km² (133.)
4,56 %
Folketal
 - Estimert (2005)
 - Folketeljing (—)
 - Tettleik
 
1 332 893 (148.)

29/km² (144.)
Sjølvstende
Frå Russland
24. februar 1918
Frå Sovjetunionen
20. august 1991
BNP
  - Totalt (2005)
  - Per innbyggjar
 
22 239 mill. USD (107.)
16 461 USD (42.)
Valuta Estisk kroon
Tidssone UTC +2
Nasjonalsong «Mu isamaa, mu õnn ja rõõm»
Nasjonaldag 24. februar
Internasjonal telefonkode +372
Nasjonale toppdomene .ee


Kart over Estland
Kart over Estland

Republikken Estland eller på estisk språk Eesti Vabariik, "Republikken Estland", er eit land nordaust i Europa. Estland grensar mot Austersjøen i nord og vest, mot Latvia i sør og Russland i aust.

Innhaldsliste

[endre] Historie

Estland har vore folkesett av finsk-ugriske stammar siden førhistorisk tid. Kristendomen vart innførd i 1227Danmark og Sverdbrørne sin riddarorden erobra Estland. Kontrollen over Estland har skifta mellom Danmark, den tyske riddarordenen, Sverige, Polen og Russland.

Etter samanbrotet til det russiske tsarriket under Den russiske revolusjonen erklærte estlendarane seg sjølvstendige den 24. februar 1918. Estland vart okkupert av Sovjetunionen i juni 1940, og okkupasjonen varde til 20. august 1991 Dei siste russiske styrkane reiste frå Estland 31. august 1994.

Estland vart medlem i EU 1. mai 2004. Estland er medlem av NATO.

[endre] Politikk

Estland er eit konstitusjonelt demokrati med ein president vald av parlamentet for fire år av gongen og eit parlament med eitt kammer. Den utøvande makta ligg hjå statsministeren, nominert av presidenten. Regjeringa er oppnemnd av presidenten etter parlamentet si godkjenning.

Lovgjevande makt ligg hjå parlamentet (Riigikogu) med 101 representantar. Representantane vert valde for fire år av gongen.

Den dømande makta er høgsterett (Riigikohus) med 17 representantar. Formann i høgsterett vert utnemnd på livstid av presidenten.

[endre] Fylke

Estland er delt inn i 15 fylke eller provinsar (maakonnad, eintal - maakond)

  • Harju fylke (Harju maakond eller Harjumaa)
  • Hiiu fylke (Hiiu maakond eller Hiiumaa)
  • Ida-Viru fylke (Ida-Viru maakond eller Ida-Virumaa)
  • Järva fylke (Järva maakond eller Järvamaa)
  • Jõgeva fylke (Jõgeva maakond eller Jõgevamaa)
  • Lääne fylke (Lääne maakond eller Läänemaa)
  • Lääne-Viru fylke (Lääne-Viru maakond eller Lääne-Virumaa)
  • Pärnu fylke (Pärnu maakond eller Pärnumaa)
  • Põlva fylke (Põlva maakond eller Põlvamaa)
  • Rapla fylke (Rapla maakond eller Raplamaa)
  • Saare fylke (Saare maakond eller Saaremaa)
  • Tartu fylke (Tartu maakond eller Tartumaa)
  • Valga fylke (Valga maakond eller Valgamaa)
  • Viljandi fylke (Viljandi maakond eller Viljandimaa)
  • Võru fylke (Võru maakond eller Võrumaa)

[endre] Geografi

For meir om dette emnet, sjå Estisk geografi.
Finskebukta og Estland.
Finskebukta og Estland.

Estland ligg på austkysten av Austersjøen med Finskebukta i nord, Russland i aust og Latvia sør. Landet er flatt og den gjennomsnittlege høgda er ikkje høgare enn 50 meter, og det høgaste punktet i landet Suur Munamägi i søraust med 318 meter.

Oljeskifer (eller kukersite) og kalkstein, i lag med skogområda som dekkjer 47 % av landet, spelar ei viktig økonomisk rolle i Estland, som elles har få naturressursar. Estland har over 1 400 innsjøar. Dei fleste er svært små, men den største, Peipus (Peipsi på estisk), er med 3 555 km² ein av dei største innsjøane i Europa. Han dannar det meste av grensa mellom Estland og Russland. Det renn mange elvar gjennom landet. Dei største er Võhandu (162 km), Pärnu (144 km) og Põltsamaa (135 km). Estland har òg mange myrområde, og ei kystlinje som er 3 794 km lang med mange bukter, sund og viker. Talet på øyar og holmar er estimert til om lag 1 500, og dei to største er Saaremaa og Hiiumaa, som begge er to eigne fylke.

[endre] Klima

Estland har eit temperert klima som ikkje er ulikt det ein finn i Skandinavia. Austersjøen medverkar i stor grad til dette, og fører til kjølig og fuktig vêr året rundt, og vintertemperaturane er relativt milde samanlikna med andre område på same breiddegraden. Dei nordlege kystområda kan derimot få kraftig vind innimellom som gjev ganske så sure forhold, i tillegg til den kalde austanvinden frå Russland. Lett snøfall er vanleg over heile landet om vinteren, men smelteperiodar som kjem med jamne mellomrom hindrar snødekket i å verte for djupt. Om sommaren har ein regn og regnbyer om lag kvar andre eller tredje dag. Mai og juni er den tørraste tida på året. Tallinn har ein normal årsnedbør på 585 mm.

[endre] På verdsveven


Aust-Europa

Albania | Armenia | Aserbajdsjan | Bosnia-Hercegovina | Bulgaria | Estland |
Hellas | Kasakhstan | Kroatia | Kviterussland | Latvia | Litauen | Makedonia |
Moldova | Montenegro | Polen | Romania | Russland | Serbia | Ukraina

Commons har multimedia som gjeld: Estland


EU Den europeiske unionen (EU) og EØS-området:

Austerrike | Belgia | Bulgaria | Danmark | Estland | Finland | Frankrike | Hellas | Irland | Italia | Republikken Kypros | Latvia | Liechtenstein | Litauen | Luxembourg | Malta | Nederland | Polen | Portugal | Romania | Slovakia | Slovenia | Spania | Tsjekkia | Tyskland | Storbritannia | Sverige | Ungarn

Berre EØS:

Island | Liechtenstein | Noreg


Den nordatlantiske traktat-organisasjonen (NATO) Fil:Flag of NATO.svg
Belgia | Bulgaria | Canada | Danmark | Estland | Frankrike | Hellas | Island | Italia | Latvia | Litauen | Luxembourg | Nederland | Noreg | Polen | Portugal | Romania | Slovakia | Slovenia | Spania | Storbritannia | Tsjekkia | Tyrkia | Tyskland | Ungarn | USA


På andre språk


aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -