Bru
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ei bru er ein konstruksjon laga for kryssing av til dømes elver eller juv. I nyare tid er det òg blitt vanleg å byggja bruer over smale havstykke, som sund eller fjordar. Bruer kan bli brukte for å letta trafikken, både ved fotgjengararbruer over vegar og jernbanespor eller bruer for tog eller vegtransport over ei anna ferdselsåre.
Å byggja bruer er ein kunst som ingeniørar har imponert med i årtusen. Romarane er kjende for å ha bygd bruer overalt der riket deira spreidde seg.
[endre] Brutypar
Det finst fleire typar bruer, frå enkle til svært innvikla.
- bjelkebru er ganske enkelt ein tjukk bjelke brukt som bru.
- bogebru er forma som ein boge, og presset blir leia til fundamentet av brua.
- hengebru er ei bru som er forankra med kablar frå høge tårn på kvar side og kanskje undervegs på brua.
- skråkabelbru er óg forankra i høge tårn, men her står kablane i ei vifte ut frå tårna
- flytebru er ei bru som ligg på vatnet, halde oppe av si eiga oppdrift. Har gjerne pontongar for å få stor nok oppdrift.
- klopp er ei lita gangbru av stokkar eller stein.
[endre] Lenkjer ut
[endre] Sjå òg
- Bruer i Noreg
- Bru - Ein tidlegare kommune i Sogn og Fjordane fylke