Svalbard
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
|
|||||
Status | Del av Kongeriket Noreg med dei avgrensingar som fylgjer av Svalbardtraktaten | ||||
Sysselmann | Per Sefland | ||||
Hovudstad | Longyearbyen | ||||
Offisielt språk | Norsk | ||||
Areal - % vatn |
61 022 km²
|
||||
Folketal - totalt |
ca. 2 756 (2004) |
||||
Verdsdel | Europa | ||||
Internet-domene | .sj (ikkje i bruk, .no vert brukt [1]) | ||||
Tidssone | UTC +1 | ||||
Internasjonal telefonkode | +47 | ||||
Nasjonalsong | Ja, vi elsker dette landet |
Svalbard er ei øygruppe i Nordishavet, og utgjør alle øyar, holmar og skjer mellom 74 og 81 grader nordlig bredde og 10 og 35 grader austlig lengde. Den totale storleiken er på ca 62 050 km². Dei største øyane er Spitsbergen, Nordaustlandet, Edgeøya og Bjørnøya. Etter Svalbardtraktaten (av 9. februar 1920) er Noreg tilkjent full og uinnskrenka suverenitet over Svalbard, med dei begrensningane som fylgjer av traktaten. I fylgje lov av 17. juli 1925 er Svalbard en del av Kongeriket Noreg.
Innhaldsliste |
[endre] Historie
Namnet er fyrste gong nemd i islandske skrifter frå 1194. I den islandske landnåmsboka frå 1200-talet er Svalbard også nemd, men det er ikkje sikkert om dette er det same som Svalbard av i dag. Noreg vart gjeve suverenitet over Svalbard i 1920 etter at den såkalla Svalbardtraktaten vart inngått mellom Noreg og fleire andre land i Europa. Norsk styre tok til frå 14. august 1925.
[endre] Geografi
Totalt omfattar Svalbard landområde med eit areal på 61 022 km². Dei ti største øyane er
- Spitsbergen (37 673 km²)
- Nordaustlandet (14 443 km²)
- Edgeøya (5074 km²)
- Barentsøya (1288 km²)
- Kvitøya (682 km²)
- Prins Karls Forland (615 km²)
- Kongsøya (191 km²)
- Bjørnøya (178 km²)
- Svenskøya (137 km²)
- Wilhelmøya (120 km²)
I tillegg er det ei lang rekke mindre øyar og holmar som til saman utgjør 621 km².
Dei største tettstadane på Svalbard er Longyearbyen, Barentsburg og Ny-Ålesund. I Longyearbyen som er administrasjonssenter for Longyearbyen lokalstyre, ligg sysselmannskontoret for Svalbard.
[endre] Klima og fauna
Svalbard har tundraklima med eit sterkt maritimt preg. Klimaet blir ofte betegna som arktisk halvørken. Øygruppa har midnattssol frå 20. april–22. august og mørketid frå 27. oktober–15. februar (dei nøyaktige datoane vil variere ettersom kor lang nord eller sør ein oppheld seg.
I eit møte i Svalbardrådet den 26. april 1989 vedtok rådet med 13 mot to røyster å gå inn for svalbardvalmue som «fylkesblomst» for øygruppa. Sysselmannen fann det ikkje rett å fatta eit formelt vedtak då det ikkje var heimel for det.
[endre] Folkesetnad
På øygruppa bur det nordmenn (over 1900) og slavarar (i hovudsak russarar og ukrainarar) (ca 750). Dei fleste overvintrar. I tillegg til i Longyearbyen og Barentsburg, er det også fast busetting i Ny-Ålesund, på Bjørnøya og på Hopen. Sysselmannen er staten sin øvste representant på Svalbard og utøver politimynde. Øygruppa vert elles administrert som ein del av Troms fylke. Enkelte lover gjeld ikkje på Svalbard.
Busetnadar og stasjonar Folkemengd pr. 1. september 2004
- Longyearbyen: 1831
- Ny-Ålesund: 33
- Svea (Sveagruva): 9
- Barentsburg: 812 (russarar og ukrainarar)
- Hornsund: 12 (polakkar)
- Bjørnøya: 9
- Hopen: 4
[endre] Næringsliv
Svalbard er kjend for store kolressursar. Både av russarar og nordmenn er det drive kolutvinning sidan tidleg på 1900-talet. Det er funne jern, asbest og sinkblende. Leiteboring etter olje og gass finn stad. Svalbard radio er i dag den einaste kystradiostasjonen på Svalbard. Stasjonen som er viktig i maritim redningsteneste samarbeider nært med Svalbard lufthamn. Lufthamna er den internasjonale flyplassen ved Longyearbyen. Lufthamna har ruteflytrafikk til Tromsø og Murmansk/Moskva. Turisme er viktig for Svalbard og mange tusen turistar frå heile verda vitjar øygruppa med håp om å oppleva mellom anna midnattsol, isbjørn og det vêrharde klimaet. Det er nokre få fangststasjonar i drift, eit år var mellom anna den kjende eventyraren Stein P. Aasheim og familien ein vinter i ei fangsthytte på Austfjordneset på Spitsbergen. På Svalbard ligg også satellittstasjonen SvalSat som tek i mot data frå satellittar i bane rundt jorda.
[endre] Verneområde
Mye av landområda på Svalbard inkludert kystnære område er freda, anten som nasjonalparkar eller som naturreservat. Av dei største nasjonalparkane er Sør-Spitsbergen nasjonalpark, som utgjør Spitsbergen sør for Van Keulenfjorden, Nordvest-Spitsbergen nasjonalpark, som omfattar Haakon VII Land, og Forlandet nasjonalpark som omfattar Prins Karls Forland.
[endre] Nasjonalparkar
- Nordvest-Spitsbergen nasjonalpark
- Forlandet nasjonalpark
- Nordre Isfjorden nasjonalpark
- Sassen-Bünsow Land nasjonalpark
- Nordenskiöld Land nasjonalpark
- Sør-Spitsbergen nasjonalpark
- Indre Wijdefjorden nasjonalpark
[endre] Naturreservat
- Nordaust-Svalbard naturreservat
- Søraust-Svalbard naturreservat
- Hopen naturreservat
- Bjørnøya naturreservat
- Ossian Sars naturreservat
- Moffen naturreservat
[endre] Fuglereservat
- Blomstrandhamna fuglereservat
- Boheman fuglereservat
- Dunøyane fuglereservat
- Forlandsøyane fuglereservat
- Guissezholmen fuglereservat
- Gåsøyane fuglereservat
- Hermansenøya fuglereservat
- Isøyane fuglereservat
- Kapp Linné fuglereservat
- Kongsfjorden fuglereservat
- Moseøya fuglereservat
- Olsholmen fuglereservat
- Plankholmane fuglereservat
- Skorpa fuglereservat
- Sørkapp fuglereservat
[endre] Geotopverneområde
[endre] Bakgrunnsstoff
- Sysselmannen på Svalbard
- Public Institutions and Services in Svalbard
- The Svalbard Project
- Svalbard Images Kart og foto
- St.meld. nr. 9 (1999-2000) Svalbard ([2])