Troms fylke
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Troms fylke | ||
Grunnleggjande | ||
Flatevidd: | 25 984 km² | |
Folkemengd: | 154 642 (2008) | |
Administrasjon | ||
Administrasjonssenter: | Tromsø | |
Fylkesmann: | Svein Ludvigsen | |
Fylkesrådsleiar: | Paul Dahlø, Ap (2003) | |
Anna | ||
Nettstad: | www.tromsfylke.no |
Troms (samisk Romssa fylkkasuohkan) er ein norsk fylkeskommune. Han grenser til Finnmark fylke i nord, til Nordland fylke i sør og til Lapplands län i Finland og Norrbottens län i Sverige i aust.
Fylket har kystline mot Norskehavet, og er prega av både hav og fjell. Det har talrike øyar, som Senja, Kvaløy og Ringvassøy, og fjordar, med Lyngenfjorden som den lengst. I kystområdet har fiske alltid vore den viktigaste næringsvegen. I det fjellrike innlandet, derimot, har ein hovudsakleg livberga seg gjennom dyrehald.
Det norske forsvaret er ein viktig arbeidsgjevar i Troms. Den sjette divisjonen, fleire fly- og helikopterbasar og radarstasjonar ligg her.
[endre] Politisk styring
Troms fylkeskommune har valt eit parlamentarisk styresett i motsetnad til formannskapsmodellen som er det vanlege i kommunar og fylkeskommunar. I denne modellen vel fylkestinget eit fylkesråd som er det utøvande organet. Tilhøvet mellom fylkesrådet og fylkestinget er då prinsippielt det same som mellom regjeringa og Stortinget. Fylkesrådet er avhengig av å ha tillit i fylkestinget for å kunne styre. Fylkesrådet i Troms består etter valet i 2007 av fire personar (Paul Dahlø, leiar, Pål Julius Skogholt, nestleiar, Synnøve Søndergård og Pia Svendsgård) utgått frå partia AP og SV.
Partifordeling ved valet i 2007:
Parti: | Representantar: |
---|---|
Arbeidarpartiet | 12 |
Høgre | 5 |
Framstegspartiet | 8 |
Sosialistisk Venstreparti | 3 |
Senterpartiet | 4 |
Kristeleg Folkeparti | 2 |
Venstre | 1 |
Kystpartiet | 1 |
Raudt | 1 |
[endre] Fylkesvåpen
Fylkesvåpenet viser ein griff. Dette er eit fabeldyr som er halvt løve og halvt ørn. Som våpen symboliserer griffen motet til ørna og styrka til løva. Griffen var merket til Bjarkøyætta. Denne slekta var i seinmiddelalderen ei av dei rikaste og mektigaste i Noreg. Baron Bjarne Erlingssøn som døydde i 1313 førte griffen som våpen. Godset hans omfatta sannsynlegvis store delar av det som i dag er Troms fylke.
[endre] Andre prosjekt
|
|