Flatevidd
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Flatevidd eller areal er ord som vert brukte for å uttrykka utstrekkinga av eit område.
Einingane ein bruker til å måla flatevidde har to dimensjonar, lengde og breidde. Ein kvadratmeter er til dømes ein meter lang og ein meter brei, medan ein kvadratkilometer er ein kilometer i kvar retning. Andre einingar ein ofte brukar for å snakka om flatevidde er mål og dekar, som begge er definert som 1000 kvadratmeter.