Balsfjord
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
- For fjorden som kommunen har fått namn etter, sjå Balsfjorden.
Våpen | Kart |
---|---|
Grunnleggjande opplysningar | |
Kommunenr: | 1933 |
Fylke: | Troms |
Administrasjonssenter: | Storsteinnes |
Flatevidd: | 1 493 km² |
Folketal: | 5 529 (2008) |
Politikk | |
Ordførar (2003-2011): | Gunda Johansen (Ap) |
Målform: | Bokmål |
Nettstad: | www.balsfjord.kommune.no |
Balsfjord (samisk: Báhccavuona, kvensk og finsk: Paatsivuono) er ein fjord- og landbrukskommune i Troms fylke. Han grensar i nord til Tromsø, i aust til Storfjord, i sør til Målselv, og over fjordane i vest til Lenvik.
Innhaldsliste |
[endre] Geografi
Kommunen er dominert av dei to fjordane Balsfjorden og Malangen. Rundt fjordane er slake, fruktbare lier som gjev gode forhald for jordbruk. Dei sørlege delane av kommunen, mot Målselv, har mange store vatn: Sagelvvatn, Josefvatn, Indre og Ytre Fiskelausvatn, Takvatn og Fjellfrøsvatnet. Austover fører Balsfjordeidet over til Storfjord. Nordom dette eidet ligg dei sørlegaste fjella i Lyngsalpan der den 1505 meter høge Piggtind står på grensepunktet mellom Balsfjord, Tromsø og Lyngen kommunar. Heilt i søraust ligg Tamokdalen, omkransa av dei massive fjella som er karakteristisk for Indre Troms.
Malangen i den vestlege delen av kommunen var eigen kommune fram til 1964.
[endre] Tettstader og grender
Kommunen har to tettstader: Nordkjosbotn, som er eit viktig trafikknutepunkt med vidaregåande skule, og kommunesenteret Storsteinnes med barne- og ungdomsskule. Fjordmuseet på Storsteinnes, som er ein del av Midt-Troms Museum, viser naturhistorie.
[endre] Næringsliv
Balsfjord er den største landbrukskommunen i Nord-Noreg, og landbruk og tilhøyrande industri er dei viktigaste næringane i kommunen.
[endre] Politikk
Parti | Prosent | Stemmer | Plassar i by-/kommunestyret | Medlemmer i formannskapet |
|||
---|---|---|---|---|---|---|---|
% | ± | totalt | ± | totalt | ± | ||
Arbeidarpartiet | 30,9 | 2 | 692 | -59 | 9 | 1 | 3 |
Fremskrittspartiet | 14,5 | 4,2 | 324 | 57 | 4 | 1 | 1 |
Høgre | 8,8 | -5,1 | 196 | -166 | 2 | -2 | |
Kristeleg Folkeparti | 8 | -4,7 | 178 | -152 | 2 | -1 | |
Senterpartiet | 18,2 | -2,5 | 408 | -131 | 5 | -1 | 2 |
Sosialistisk Venstreparti | 8,8 | 3,8 | 197 | 68 | 2 | 1 | 1 |
Venstre | 0 | -8,5 | 0 | -221 | 0 | -2 | |
Andre | 10,8 | 10,8 | 241 | 241 | 3 | 0 | 1 |
Valdeltaking/Total | 51,8% | 2236 | 27 | 8 | |||
Ordførar: Gunda Johansen (Arbeidarpartiet) | Varaordførar: () |
Sidan hausten 2003 har Gunda Johansen frå Arbeidarpartiet vore ordførar i kommuen. Ho kom til ordførarstillinga frå omsorgsavdelinga i kommunen der ho arbeidde som sjukepleiar.
[endre] Bakgrunnsstoff
- Denne artikkelen bygger på «Balsfjord» frå Wikipedia på bokmål, den 6. april 2008.
[endre] Systerprosjekt
|