See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Norsk språk - Wikipedia

Norsk språk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Norsk
(norsk)
Klassifisering: Indo-europeisk
 Germansk
  Nordisk
   Vestnordisk
Bruk
Tala i: Noreg, lokalt i USA og delvis i Jämtland, Härjedalen og Båhuslen
Område: Noreg
Norsktalande i alt: 5 millionar
Rangering: Ikkje topp-100
Skriftsystem: Latinsk (norsk variant)
Offisiell status
Offisielt språk i: Noreg
Normert av: Norsk språkråd
Språkkodar
ISO 639-1: no (norsk)
nn (nynorsk)
nb (bokmål)
ISO 639-2: nor (norsk)
nno (nynorsk)
nob (bokmål)
ISO 639-3: nor (norsk)
nno (nynorsk)
nob (bokmål)

Norsk er eit germansk språk som høyrer til den nordiske, eller nordgermanske, greina. Norsk blir snakka i Noreg, og i norske utvandrarsamfunn, særleg i USA. I dei gamle norske provinsane i SverigeJämtland, Härjedalen og Båhuslen — blir det tala dialektar som svensk språkvitskap reknar som dialektar av norsk.

Innhaldsliste

[endre] Dialektar

Hovudartikkel: Norske dialektar

Dei norske dialektane blir tradisjonelt delt inn i to grupper, austnorsk og vestnorsk (inkludert nordnorsk), der austnorsk er dialektane med jamvekt og tjukk l for gamalnorsk og (i visse posisjonar) l. Den mest iøyrefallande skilnaden er likevel at austnorske dialektar har lågtone, mens vest- og nordnorske har høgtone, dvs. at eit ord som t.d. Bergen har initial låg tone i aust, men høg (eller fallande) i vest og nord.


[endre] Fonologi

Hovudartikkel: Norsk fonologi

Lydsystemet i norsk varierer ein del frå dialekt til dialekt. Dei fleste dialektane har system med ni vokalar (i, y, ʉ, u, e, ø, o, æ, a) og seks diftongar (æi øy ɑʉ ɑi ɔy ʉi). Blant konsonantane er det større variasjon.

Trykket i norsk fell på den siste tunge stavinga i rota av ordet. Som regel er dette første staving.

[endre] Morfologi

Hovudartikkel: Norsk morfologi

[endre] Substantiv

Norske substantiv blir bøygd i bestemtheit og numerus.

Som i dei fleste andre indoeuropeiske språka er substantiva i norsk delt inn i bøyingsklasser.

[endre] Adjektiv

Norske adjektiv blir bøygd i grad (fin - finare - finast) og genus. Med unntak av liten (lita, lite) er opposisjonen mellom maskulinum og femininum nøytralisert, og berre nøytrumsforma er avvikande. Dette gjeld berre for adjektiv i positiv ubestemt eintal, gradbøygde adjektiv, og adjektiv i fleirtal og/eller bestemt form (finare, finast, finaste, fine) har ikkje genusbøying.

Adjektiva blir bøygd i bestemtheit og numerus, som substantiv. Dei skil seg likevel frå kvarandre ved at dei ved substantiva er inherente kategoriar, der adjektiva rettar seg etter substantivet. Eksponentane for dei ulike trekka i kvar kategori er også heilt ulike dei eksponentane vi finn innafor substantivbøyinga. Fleirtal blir uttrykt med -e for adjektiva men med m.a. -ar/er for substantiva (gule bilar).

[endre] Verb

Regelmessige norske verb har sju bøyingsformer, med verbet leve som døme er det desse formene: fire finitte former: lever (presens), levde (preteritum), leve (optativ), lev (imperativ) og tre infinitte former: leve (infinitiv), levande (imperfektiv partisipp) og levd (perfektiv partisipp). I skolegrammatikken blir den imperfektive partisippen kalla "presens partisipp".

Verb kan delast i ulike bøyingstypar, i svake og sterke, etter om dei dannar preteritum med suffiks eller ikkje. Svake verb dannar preteritum med suffiksa -a eller -te/-(d)de, fordelinga dei i mellom er avhengig av fonologiske eigenskapar ved stammen. Einstava stammar (å nå) har suffikset -dde, stammar med trykk på siste staving og tonelag 1 (å reparere) har suffikset -te, det same har stammar med visse fonologiske strukturar. Alle andre svake verb dannar preteritum med -a. Sterke verb dannar preteritum med vokalveksling i stammen, såkalla avlyd.

Norske verb kan også delast inn i hovudverb og hjelpeverb. Hjelpeverba er ei lukka klasse av verb som blir brukt dels til å lage samansette tidsformer som i tabellen ovafor (skulle og ha er hjelpeverba der), og dels til å markere talaren si innstilling til innhaldet i setninga (Vi må gå no). Syntaktisk skil hjelpeverba seg frå andre verb ved at dei tar infinitivar kom komplement utan infinitivsmerke, jf. Vi prøver å gå no, der prøver, til skilnad frå , ikkje er eit hjelpeverb.

[endre] Lukka ordklasser

Norsk har sju lukka ordklasser, dvs. ordklasser som har grammatisk funksjon, og som har ei endeleg mengd medlemer. Artiklane adverb, determinativ, interjeksjon, konjunksjon, preposisjon, pronomen, subjunksjon inneheld drøftingar av desse ordklassene i norsk.

[endre] Ordtilfang

[endre] Indoeuropeiske arveord

[endre] Lånord i norsk

Hovudartikkel: Lånord i norsk

Språksamfunn lånar ord frå meir prestisjefylte språksamfunn, via tospråklege talarar. Studium av lånordslag i norsk speglar dermed samfunnsmessige tilhøve i Europa opp gjennom hundreåra. Med innføringa av kristendommen kom det ein god del lånord inn i norrønt. Av lånora i Fritzners Gammelnorsk Ordbog er ca. 61 % frå latin, 25 % frå gammal- og mellomhøgtysk, 7 % frå gammalfransk og under 5 % frå gammalengelsk. Dei fleste latinske lånorda er knytt til kristendommen, mange tyske ord til handel, og mange franske ord til hoffliv. Hovudtyngda av lånorda i mellomnorsk kom frå lågtysk.

Moderne lånord kjem framforalt frå svensk og engelsk.

I dei siste åra har ungdomsspråket i deler av Noreg, særleg i Oslo og andre større byar, gjennomgått store endringar. Dette heng saman med auken i talet ungdommar med framandspråkleg bakgrunn. Nye ord som er tekne i bruk i denne sjargongen inkluderer «kabe» (fin jente), «loco» (galen, tullut) og «schpa» (pen eller kul).

[endre] Norske lånord i andre språk

I vikingetida var det mange lånord frå norrønt til gammalengelsk og til irsk, som resultat av dei nordiske invasjonane på dei britiske øyane. Det er mange lånord i samisk, både lånord som går attende til tida før synkopetida, og seinare lånord.

[endre] Genustilordning

Norske substantiv er delt inn i tre genera, maskulinum, femininum eller nøytrum, etter eit sett av genustilordningsreglar. Nokre av dei mest sentrale reglane er:

  • Alle ord er maskuline, viss ingen reglar seier noko anna
  • Der norsk har ulike ord for han- og hokjønn, følgjer genus det biologiske kjønnet. Frå dette utgangspunktet får vi ei semantisk utviding, slik at ord for fruktbar og våt jord er feminine (jord, myr, mold), mens ord for stein og mineralar er maskuline (stein, grus). Ord for terrengtoppar er maskuline (nut, kamp, topp, knatt), mens ord for terrengfordjupingar er feminine (grop, dolp, deld, grav, kløft).
  • Substantiv danna av verb ved hjelp av konversjon (avleiing utan bruk av morfologiske prosessar) er nøytra (kast, hopp, stikk), mens substantiv danna av verb med suffikset -ing er feminina (kasting, hopping, stikking). Substantiv danna av adjektiv med suffikset -ing er maskulina (kviting, svarting, sværing)
  • Ord på trykksvak -e er feminina, men viss dei viser til personar (kunde, fiende, granne) eller til avlange gjenstandar (pinne, stolpe, stubbe), eller plantar (borre, bregne, karve) er dei maskulina.
  • Ord for heimlege tre er feminina (bjørk, furu, lønn, rogn), og ord for plantar er maskulina. Ord for blomar følgjer vanlege reglar, og er feminina når dei sluttar på -e (lilje, symre, sildre), og maskulina elles (blåveis, pors, tulipan).

[endre] Skriftsystem

Norsk har frå og med 1000-talet vorte skrive med det latinske alfabetet, med tillegg av bokstavane æ, ø og å. I tillegg blir desse bokstavane brukt: à, ê, é, ò, ô, ó. Norsk vart skrive med runealfabetet til inn i høgmellomalderen.

[endre] Indre språkhistorie

Hovudartikkel: Norsk indre språkhistorie

Perioden då urnordisk var eitt språk slutta omtrent 500, med synkopetida, då urnordisk vart delt i ei austleg og ei vestleg grein, i vest gammalnorsk og i aust gammaldansk og gammalsvensk. Vi reknar at den gammalnorske perioden varte til omtrent 1350, eller omtrent til Svartedauen, sjølv om fleire av dei språklege endringane starta tidlegare. Perioden fram til ca. 1525-1550 blir kalla for mellomnorsk, dette er ei tid prega av språkendring. Frå og med 1550 er vi inne i den nynorske perioden, språket frå midten av 1500-talet er forståeleg for moderne talarar. Ei onnor inndeling avgrensar eldre gamalnorsk til perioden fram til om lag 1250, yngre gamalnorsk til perioden 1250 - 1500, og nynorsk til perioden etter 1500. Målt opp i mot kvarandre er likevel endringane rundt 1350-1400 større enn dei som oppstod i hundreåret før.

[endre] Ytre språkhistorie

Hovudartikkel: Norsk ytre språkhistorie

Dei første skriftlege kjeldene for urnordisk, runeinnskrifter er frå 200-talet. Innføringa av kristendommen førte til at norrønt vart skrive med det latinske alfabetet, men bruken av runer i uformell bruk, slikt som vi i dag ville ha kalla grafitti eller hugseliste til butikken, heldt seg til inn i seinmellomalderen. Mange av skribentane som skreiv med det latinske alfabetet kunne også latin, og det er ein del latinske lånord i tekstane, særleg dei som omhandlar religiøse emne. Dokument som omhandla tilhøvet til andre land og til kyrkja vart skrive på latin, andre på norrønt.

Med unionen med Danmark frå 1389 og med Kalmarunionen kom det svenske og danske skribentar inn i riksstyringa, og gradvis vart dansk meir og meir brukt som administrasjonsspråk. Norsk heldt seg best i dei såkalla bondebreva, som i hovudsak var saksdokument frå rettsvesenet, her finn vi norsk til innpå 1600-talet. Reformasjonen innebar at dansk tok fullstendig over som skriftspråk i Noreg.

Etter 1814 måtte Noreg velje mellom å halde fram med den tidlegare kolonimakta sitt språk, eller ta i bruk sitt eige. Då norsk (landsmål/nynorsk) vart eit reelt alternativ frå 1870-talet valde dansktilhengarane dels å gje konsesjonar til dialektane, men ikkje til det norske skriftspråket (eit samrøystes stortingsvedtak i 1879 opna for bruk av dialekt i skolen), og dels å gjere dansk meir norsk, gjennom ein rad såkalla rettskrivingsreformer av dansk (seinare bokmål. Etter andre verdskrigen hadde okkupasjonsmakta samla nasjonen, og dei nasjonale argumenta for (ny-)norsk var ikkje lenger gangbare. Det førte òg til at politikken for å sameine dei to språka (samnorskpolitikken) etter kvart vart oppgjeven.

[endre] Litteratur

[endre] Sjå òg

[endre] Bakgrunnsstoff


Germanske språk
Austgermansk: gotisk | krimgotisk | vandalisk | burgundisk
Nordgermansk: islandsk | færøysk | norn | norsk | dansk | svensk | rodi | romani
Vestgermansk: tysk | jiddisch | plattysk | frisisk | nederlandsk | afrikaans | engelsk | skotsk | langobardisk



aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -