See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Høgnorsk - Wikipedia

Høgnorsk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Denne sida finst òg på høgnorsk — sjå «Hn/Høgnorsk».

Høgnorsk er ei nemning på ei uoffisiell form for nynorsk der målet er halde ved like i ubroten tradisjon etter det første nynorske skriftmålet (landsmaal), som ein finn det hos Ivar Aasen, Aasmund Olavsson Vinje, Arne Garborg o.a. Offisiell nynorsk veik av frå denne tradisjonen først og fremst ved rettskrivingsendringa i 1938, med ei tilmåting til rettskrivinga og ordvalet i bokmål og til målføra i Nord-Noreg, i Trøndelag og på Austlandet. Det er altså på desse områda høgnorsken skil seg frå offisiell nynorsk.

Omgrepet høgnorsk vart gjort kjent av Torleiv Hannaas i 1922 i artikkelen "Høgnorsk eller flatnorsk?". Der brukar han omgrepsparet høgnorsk og flatnorsk etter mønster frå høgtysk og plattysk. Hannaas dreg opp eit skilje mellom høgnorsken som blir tala i fjell-Noreg og fjordbygdene motsett flatnorsken ein tala i byane og bygdene på det flate Austlandet. "Høgnorsken" såg han som den beste og mest ekte, "flatnorsken" meinte han var mest oppblanda med dansk. Artikkelen er ein polemikk mot samnorskpolitikken som var i emning.

Høgnorskrørsla er i dag organisert i samskipnaden Ivar Aasen-sambandet. Dei to største lokallaga er Høgnorskringen i Oslo og Vestmannalaget i Bergen. Vestmannen og Målmannen er tidsskrift som kjem ut på høgnorsk.

Innhaldsliste

[endre] Grammatikk

[endre] Bøying av namnorda

Høgnorske namnord og lagord vert bøygde i tal og bundenskap. Namnorda har tre kjønn; hannkjønn, hokjønn og inkjekjønn. Desse har anten sterk eller linn bøying, som viser seg i endinga.

Døme på regelbundne sterke og linne namnord i alle kjønn:

eintal fleirtal
ubundi bundi ubundi bundi
(ein) dag dagen dagar daga(r)ne
(ein) hane hanen hanar hana(r)ne
(ei) tid tidi/tida tider tide(r)ne
(ei) visa/vise visa visor/visur viso(r)ne/visu(r)ne
(eit) hus huset hus husi/husa
(eit) auga auga(t) augo augo

[endre] Bakgrunnsstoff

[endre] Sjå òg


aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -