Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rogaland er eit fylke som ligg sørvest i Noreg. Det grenser mot Vest-Agder, Aust-Agder og Telemark i aust, samt Hordaland i nord. Fylket har kystline og lange sandstrender ut mot Nordsjøen, og fleire kronglete fjordar, som Boknafjorden.
Fylket har mange ulike landskap, som dei avslepa fjella i Dalane i sør, det flate og fruktbare Jærlandskapet, dramatiske fjordar og fjell i Ryfylke, og eit utal øyar på Haugalandet.
Rogaland er kalla opp etter rygene, ein germansk folkestamme som slo seg ned i området for rundt to tusen år sidan. Etter tradisjonen var det det siste fylket som vart med i den norske nasjonen, då Harald Hårfagre vann slaget i Hafrsfjord.
Rogaland har fylkeskode 11.