Møre og Romsdal fylke
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Møre og Romsdal fylke | ||
Grunnleggjande | ||
Flatevidd: | 15 450 km² | |
Folkemengd: | 246 772 (2008) | |
Administrasjon | ||
Administrasjonssenter: | Molde | |
Fylkesmann: | Ottar Befring | |
Fylkesordførar: | Olav Bratland, H (2007) | |
Anna | ||
Nettstad: | www.mrfylke.no/ |
Møre og Romsdal fylke femnar om dei tre gamle fogderia Sunnmøre, Romsdal og Nordmøre
Fylket har 38 kommunar. Det grensar i aust til Sør-Trøndelag fylke, i søraust til Oppland fylke og i sørvest til Sogn og Fjordane fylke. Molde (fylkeshovudstad), Ålesund og Kristiansund er nokre av dei største byane.
Møre og Romsdal er no (2005) ikkje ein fylkeskommune, men eit einskapsfylke. Det vil seie at administrasjonane til fylkeskommunen og den statlege fylkesmannen er slått saman for å komme vekk ifrå den dobbeltadministreringa den gamle ordninga kunne innebere. Mange i Møre og Romsdal meiner at dette forsøket med einskapsfylke er vellykka og at dette er eit alternativ til samanslåing med andre fylke i større regionar.
Fylket har vore busett sidan tidleg steinalder.
Bergfrue er fylkesblomen til Møre og Romsdal.
Ungdommen i Møre og Romsdal har sitt eige politiske organ, Ungdomspanelet i Møre og Romsdal. For tida er Fredric Bjørdal leiar der.
|
|