Sula
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Våpen | Kart |
---|---|
Grunnleggjande opplysningar | |
Kommunenr: | 1531 |
Fylke: | Møre og Romsdal |
Administrasjonssenter: | Langevåg |
Flatevidd: | 58 km² |
Folketal: | 7 626 (2008) |
Politikk | |
Ordførar (2007–2011): | Ronny Harald Blomvik (FrP) |
Målform: | Nynorsk |
Nettstad: | www.sula.kommune.no |
Sula er ein liten øykommune på Sunnmøre i Møre og Romsdal. Kommunen har grenser til Ålesund, Hareid og Ørsta.
Med flatevidd på 58 km² er Sula ein av dei minste kommunane i Møre og Romsdal. Han er òg ein av dei mest folketette, med 119 innbyggjarar per km². Nord for øya ligg Borgundfjorden og i sør Storfjorden. Det høgaste punktet på øya er Vardane på Sulafjellet, 776 moh. Kring halvparten av innbyggjarane i kommunen bur i administrasjonssenteret Langevåg, men bygdene Mauseidvåg, Solavågen og Fiskarstrand har òg stor busetjing.
Innhaldsliste |
[endre] Historie
Heilt fram til 1977 var Sula ein del av Borgund kommune. Dei første tankane om å bli ein eigen kommune vart lagde fram i 1919 i Sunnmørsposten. På denne tida hadde Sula omlag halvparten så mange innbyggjarar som resten av Borgund herad, som det heitte då. Forslaget førte ikkje fram. Men då Borgund blei slått saman med Ålesund i 1968, blussa kampen opp att. Innbyggjarane og politikarane på Sula var redde at øya no ville bli ein utkant i den nye store kommunen Ålesund. Frå samanslåinga og fram til 1977 gjekk det føre seg ein heftig debatt. Utskiljinga var oppe til handsaming fleire gonger. Stortinget vedtok at Sula skulle skiljast ut frå Ålesund i 1976.
[endre] Næringsliv
Sula er eit viktig trafikknutepunkt ettersom Europaveg 39, kyststamvegen, går gjennom kommunen. Ei bru og to ferjesamband knyter øysamfunnet til nabokommunane.
Sula var tidlegare eit viktig fiske- og jordbruksområde. I dag er fleire næringsvegar representerte, mellom anna møbel-, tekstil-, transport- og fiskeforedlingsindustri og skipskonstruksjon.
[endre] Fiskerstrand verft
Verftet blei grunnlagt i 1909 som Fiskerstrand Slip & Motorverksted av Peder E. Fiskerstrand. Verftet har i dag godt ry og står for både nybygg og reparasjon av ferjer og fiskebåtar.
[endre] Kjende folk frå Sula kommune
- Annbjørg Lien, (1971– ), felespelar og møbeldesigner.
- Jens Arne Molvær, (1940– ), musikar, typograf, skribent og reklamemann.
|