See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Senja - Wikipedia

Senja

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Senja
Lokalt namn: Sážža
Husøy på Nord-Senja
Husøy på Nord-Senja
Geografi
Stad Nord-Noreg
Koordinatar 69°20′N 17°30′EKoordinatar: 69°20′N 17°30′E
Areal 1586,3[1] km²
Høgaste punkt Breidtinden (984 moh)
Administrasjon
Land Noreg
Fylke Troms
Største busetnad Silsand (1315 innb.)
Demografi
Folketal 7728 (2008)
Folketettleik 4,9 /km²

Senja (nordsamisk Sážža) er ei øy i Troms fylke. Med eit areal på 1586,3 km² er ho den nest største øya i Noreg, etter Hinnøya, dersom ein ser vekk frå Svalbard.

Øya har i underkant av 8000 innbyggjarar og er dekka av kommunane Berg, Torsken, Tranøy og Lenvik, den siste dekker òg noko av fastlandet. Det største fiskeværet på øya er Gryllefjord, som sommarstid har ferjesamband til Andøya i Vesterålen. Flest innbyggjarar finn ein langs Gisundet på innsida av øya. Her ligg òg den største tettstaden, Silsand. Det største fiskeværet er Gryllefjord i Torsken kommune, som sommarstid har ferjesamband med Andøya i Vesterålen. Dei som bur på Senja har i dag ferjefritt vegsamband til fastlandet med Gisundbrua over Gisundet til Finnsnes.

Senja var òg namnet på det gamle fogderiet som fram til 1894 omfatta dagens Sør-Troms.

Innhaldsliste

[endre] Geografi

Senja er kjens for sitt varierte landskap og har vorte kalla eit Noreg i miniatyr. Yttersida er preget av dramatiske fjell som stupar rett ned i havet, men òg av idyllisk skjergard og flotte sandstrender. På innsida finn ein fruktbar jord og eit vennleg landskap med bølgjande åsar og bjørkeskog. Inne i dalane ligg trivelege bygder og småbruk. Sør-Senja er berglendt med svaberg og furuskog. Her ligg òg Ånderdalen nasjonalpark.

[endre] Folkesetnad

Okshornan ved Ersfjorden
Okshornan ved Ersfjorden

Senja hadde 7782 innbyggjarar 1. januar 2008, fordelt slik:

  • Berg kommune 937
  • Lenvik kommune 4329
    • Silsandområdet 2620
    • Gibostadområdet 885
    • Stønnesbotn/Øyfjordomr. 824
  • Torsken kommune 937
  • Tranøy kommune 1579

Folketalet omfattar dei to mindre øyane Husøy og Lemmingvær. 54 % av folkesetnaden er busett på Innersida av Senja, (36 % langs Gisundet og Laksfjorden, 6 % langs Solbergfjorden og Tranøybotn, 12 % på innlandet), 19 % bur på Nord-Senja (frå Lysbotn til Mefjorden), 18 % på Yttersida (frå Ersfjorden til Flakstadvåg) og 8 % bur på Sør-Senja (Delområde Stonglandet).

[endre] Attraksjonar

På Senja er det flere museum, dei fleste ligg under Senjamuseet, som er ein avdeling av Midt-Troms Museum. Av desse finn ein Samemuseet i Kaperdalen, Hofsøya Bygdemuseum, Kveitmuseet og Gammelbutikken i Skrolsvik og Senjehesten Kystforsvarsmuseum. På Skaland er det dessutan bergverksmuseum. Øya er elles rik på attraksjonar, både når det gjeld natur og historie. Ein kan til dømes nemne Senjens Nikkerlverk ved Hamn, der det første vasskraftverket i verda vart starta i 1882.

For dei minste er Senjatrollet og Hulderheimen på Finnsæter i Berg eit populært mål.

[endre] Industri

Naturleg nok er fiskeindustrien dominerande på Senja, og spesielt Nergårdkonsernets anlegg i Senjahopen sysselset mange, men òg Brødrene Karlsen på Husøya driv godt. På Skaland er det gruvedrift, der ein vinn ut grafitt. Grafittverket utvida nyleg drifta etter at ein fann nye førekomstar ved Trælen, nordvest for Skaland. Annen viktig industri er ArtNord og Tromspotet på Silsand, som spesialiserer seg på potet og potetprodukt, og trappefabrikken i Sollia.

[endre] Handel og samferdsel

Innbyggjarane på Senja har via Gisundbrua ferjefritt vegsamband til fastlandet over Gisundet til Finnsnes, som er den næraste byen. Byen fungerer som handelssenter for hele Midt-Tromsregionen, inkludert Senja. Men øya har òg samband med dei andre byene i fylket. På Lysnes på Nord-Senja har ein hurtigbåtsamband med Tromsø, ein tur som tar om lag 50 minutt. Frå bygdene Flakstadvåg og Skrolsvik på vest- og sørsida av øya går det dessutan hurtigbåtar til Harstad. Om sommaren går det ferjer mellom Nord-Senja og Kvaløya og mellom Sør-Senja og Harstad.

Senja har eige rutebilselskap, Senja Rutebil AS med hovudkontor i Vangsvik i Tranøy. Rutetrafikken går i hovudsak mellom Finnsnes og dei forskjellige bygdene på Senja. Senja Rutebil driv òg Finnsnes sin einaste «bybuss», som går mellom sentrum og dei forskjellige bustadfelta på Silsand.

Det er fire riksvegar på Senja. Hovudvegen, Riksveg 86 kjem via Gisundbrua frå Finnsnes, Sørreisa og Bardufoss. Han strekkjer seg tvers over øya fram til Torsken og Gryllefjord på «Yttersia». Frå Silsand går Riksveg 861 nordover langs Gisundet til Gibostad og Nord-Senja. Sørover frå Islandsbotn går Riksveg 860 til Stonglandseidet. Og langs nordvestsida av øya går Riksveg 862 frå Straumsbotn i Berg, via Senjahopen til Botnhamn i Lenvik.

[endre] Utdanning

Senja har vidaregåande skule på Gibostad, med studieretningar innan naturbruk, elektrofag og teknikk og industriell produksjon. I tillegg er det to vidaregåande skular, samt studiesenter med desentralisert høgskuleutdanning på Finnsnes på fastlandet.

[endre] Idrett

Fotballaget FK Senja held til på Silsand, og spelar i 2. divisjon. Klubben har gode anlegg med 2 kunstgrasbanar i Islandsbotn. 2. laget til FK Senja speler i 4. divisjon. I 5. divisjon, som er det lågaste nivået i seniorfotballen i Troms (på herresida), spelar Kameratan FK (heimekampar på Islandsbotn), IL Foss (Skaland) og Gryllefjord IL.

I tillegg har dei fleste bygdene rundt om på Senja eigne idrettslag og fotballbanar. På Silsand er det òg idrettshall. I desember 2006 opna Senjahallen i Senjahopen, den første fotballhallen på øya.

[endre] Tettstader

Silsand
Silsand
  • Dei største tettstadane: (innbyggjartal 2007)
  • Mindre tettsteder:
    • Stonglandseidet, Tranøy, 194 innb.
    • Torsken, 175 innb.
    • Mefjordvær, Berg, 154 innb.
    • Medby-Kaldfarnes, Torsken, 143 innb.
    • Sifjord, Torsken, 108 innb.
    • Grunnfarnes, Torsken, 95 innb.
    • Rødsand, Tranøy, 85 innb.
  • Vidstrekte bygdesamfunn med meir enn 200 innbyggjarar:
    • Botnhamn, Lenvik, 371 innb.
    • Grasmyr, Lenvik, 247 innb.
    • Vangsvik, Tranøy, 339 innb.

[endre] Bakgrunnsstoff

[endre] Kjelder


aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -