See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Radar - Wikipedia

Radar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Radar
Radar

Radar er ei forkorting for Radio Detection And Ranging.

Den tradisjonelle oppfattinga av ein radar er den roterande radioantenna, sjølv om det òg finns mange andre radartypar. Radarantenna er svært avhengig av retning, dvs. han sender signalet sitt ut i ei smal stråle (beam) og mottar berre signal frå same retning.

Grunnprinsippet i ein radar er at eit radarsignal (kort impuls med høg frekvens, typisk 1-40 GHz) vert sendt ut frå antenna i ei retning. Viss radarstråla treff ein lekam (t.d. eit fly), vert ein liten del av stråla reflektert og fanga opp av mottakeren gjennom antenna. Signalet vert forsterka og endar som eit 'blipp' på skjermen. Retninga til målet (flyet) kjem ut frå retninga til antenna, og avstanden vert rekna ut frå tida det tok frå pulsen vart sendt ut til ekkoet kom attende.

Jo lenger vekk eit fly er frå radaren, jo vanskelegare vert det å oppdage det. Det er fleire årsaker til dette:

  • Jorda si krumming (ein kan setje antenna på eit høgare antennetårn)
  • Tap av signalstyrke over store avstandar (ein kan konstruere radaren med større utgangseffekt).
  • Viss ekkoet ikkje rekk å komme tilbake før neste puls vert sendt ut (tida mellom pulsane kan setjast opp (lågare PRF)).

Lengda til pulsen er i storleiksorden ein milliondel av eit sekund, PRF (Pulse Repetition Frequency) i storleiksorden 400-2000 Hz (radarpulsar pr. sekund), og effekten varierar med storleiken og føremålet til radaren. I mellomstore radarar tilknytta lufttrafikkontroll (ATC) kan pulsen vere på ein megawatt (ein million watt). Typisk navigasjonsradar til sjøs har ein pulseffekt mellom 3 og 10 KW. Det reflekterte signalet kan vere i storleiksorden ein milliondel watt eller mindre. Dette medfører store krav til den delen av radaren (T-R-boksen) som veksler mellom den høye utgangseffekten og det svake retursignalet.

Dei første radarane vart utvikla like før og under 2. verdskrig, først som ein stasjonær radar, som berre såg i ein retning. Seinere, då ein teknisk kunne kome så høgt opp i frekvens at antenna vart mindre, kunne ein konstruere den roterande antenna.

Ein radar treng ikkje å berre sjå i det horisontale planet. I ein høgderadar svingar parabolen i ei kompassretning, men med vassrett og loddrett som ytterpunkt. På denne måten finn han flyhøgda til målet.

Ein GCA-radar (Ground Controlled Approach) har to antenner, som «ser» ut langs landingsbanen mot flyet som landar. Antennene flyttar seg i ein smal vinkel i vassrett og loddrett plan. På denne måten kan flygeleiaren finne flyet sin posisjon heilt nøyaktig og dirigere piloten ned i dårlig vêr ved hjelp av radiokommunikasjon.

På dei roterande radarantennene (områderadarar) ser ein ofte ei mindre, ekstra antenne. Det er IFF/SIF-antenna (Identification Friend or Foe/Selective Identification Feature), som sender eit spørresignal ut i same retning som radarantenna. Alle større fly og dei fleste småfly og mikrofly er utstyrt med transponder. I seglfly er det liten moglegeheit for sterk elektrisk kraftforsyning, så det er sjeldan transponder i eit seglfly. Transponderen oppdagar spørresignalet og svarar tilbake med opplysningar om identitet, retning, høgd m.m. Desse opplysningane vert kopla saman med målet i radaren sin datamaskin og vert vist saman med ekkoet på skjermen. I fredstid er dette nyttig informasjon for avvikling av lufttrafikken, men det var opphavleg utvikla for krigstid, der eigne fly sendte tilbake koden for dagen og dermed kunne identifiserast på skjermen.

Innhaldsliste

[endre] Soge

Hans Christian Ørsted oppdaga elektromagnetismen, som dannar grunnlag for bruk av radiobølgjer, allereie i 1820. Ørsted viste i eit eksperiment at når ein sender elektrisk straum gjennom ein leidning oppstår det magnetisme kring leidningen. 20 år seinere viste Michael Faraday at det motsette òg er mogeleg, magnetisme kan generere elektrisk straum.

Først etter enno 30 år la James Clerk Maxwell i 1873 fram ein teori om at elektromagnetiske kraftfelt kan tranporterast trådlaust, men ingen aksepterte teorien før Heinrich Hertz prova det nokre år seinere. Først i 1910 fekk Guglielmo Marconi send ei radiobølgje frå England til Newfoundland. Etter det tok utviklinga av.

Radaren vart utvikla mellom dei to verdskrigane. I 1920 klarte ein å sende radiobølgjer i ei retning og få ein refleksjon det var mogeleg å måle tilbake frå eit skip ei sjømil vekke. Etter dette fekk ein augene opp for radaren sine bruksområde og i starten av 1930-åra hadde USA, England, Tyskland og Italia operative radarstasjonar på land. På slutten av 1930-åra tok utviklinga av på grunn av krigsfaren og ynskje om radar til luftvarsling.

Problemet med radar på skip var mykje større, dei første radarane var svært store og tunge, og derfor uegna til skipsbruk. Men i 1939 vart dei første radarane installert på to store krigsskip. Under 2. verdskrig var det stort sett ubegrensa midlar til utvikling og radaren vart derfor raskt utbetra. Ved avslutninga av 2. verdskrig hadde stort sett alle skip (krigsskip) og mange fly installert radarutstyr. Skipa brukte radar til navigasjon og enkel styring av kanonar.

I dag vert radarar brukt på svært mange område, stort sett alle skip (til og med mange småbåtar) er utstyrt med radar til navigasjon, og dagleg kan ein sjå nedbør på meteorologiske radarbilete. Militært vert radaren brukt stort sett over alt til varsling, utvelging av mål og målfølgjing, og sjølv missilar er ofte utstyrt med radar for å finne målet.

[endre] Sjå òg

  • Sonar
  • Loran
  • Lidar
  • Global Positioning System
  • Radioantenne
  • Radiofoni.

[endre] Kjelder

  • Robert BUDERI, The invention that changed the world: the story of radar from war to peace (Simon & Schuster, 1996). ISBN 0-349-11068-9
  • R.V. JONES, Most Secret War. ISBN 1-85326-699-X.
  • François LE CHEVALIER, Principles of Radar and Sonar Signal Processing (Artech House, Boston, London, 2002). ISBN 1-58053-338-8.
  • Merrill I. SKOLNIK, Introduction to Radar Systems (McGraw-Hill, 1st ed., 1962; 2nd ed., 1980; 3rd ed., 2001). ISBN 0-07-066572-9.
  • Merrill I. SKOLNIK, Radar Handbook. ISBN 0-07-057913-X.
  • George W. STIMSON, Introduction to Airborne Radar (SciTech Publishing, 2nd edition 1998). ISBN 1-891121-01-4.

[endre] Eksterne lenker


aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -