Hopen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopen | |
---|---|
Vêrstasjonen på Hopen sett frå nord |
|
Geografi | |
Stad | Barentshavet |
Koordinatar | Koordinatar: |
Øygruppe | Svalbard |
Areal | 47 km² |
Lengd | 33 km |
Breidd | 2 km |
Høgaste punkt | Iversenfjellet (370 moh) |
Administrasjon | |
Land | Noreg |
Demografi | |
Folketal | 4 |
Folketettleik | 0,1 /km² |
Hopen er ei øy på Svalbard. Øya ligg i Barentshavet 185 km aust for sørspissen av Spitsbergen. Øya er 33 km lang og 2 km brei.
Hopen er omkransa av is mellom november og juli. I denne perioden får Hopen stadig besøk av isbjørn og fjellrev.
Det finst forskjellige historier om korleis øya vart oppdaga, men truleg var det Thomas Marmaduke av Hull som først såg øya i 1613. Han var ein engelsk kvalfangar som jobba for Muscovy Company i London. Han gav øya namnet Hope Island, truleg etter skuta hans, «Hopewell».
Hopen vart freda som naturreservat 26. september 2003. Heile øya er freda bortsett frå et lite område rundt Meteorologisk institutt sin vêrstasjon.
[endre] Andre verdskrig
I juni–juli 1942 vart 24 fartøy i den austgåande konvoien PQ17 søkt aust for Hopen og mange omkom. Den 4. november vart det sovjetiske dampskipet «Dekabrist» på 7463 brt søkt av tyske fly like sør for Hopen med 80 mann ombord. Ein av totalt fire livbåtar som vart firt på sjøen og med 19 mann ombord, mellom anna skipper Stepan Polikarpovic Beljajev, tok seg i land på sørspissen av Hopen. De fleste av dei 19 omkom i løpet av vinteren, men skipperen, skipslegen og ein matros overlevde opphaldet og vart henta av den tyske ubåten U-703 som førte dei til Harstad sommaren og hausten 1943.
Under den andre verdskrigen bygde tyskarane ein meteorologisk stasjon i Husdalen på den søraustlege siden av øya. Stasjonsbygningane vart i dag nytta av Noreg og utgjer den meteorologiske stasjonen Hopen radio.
[endre] Bakgrunnsstoff
- Hopen hos Svalbard Images
- Hopen hos Meteorologisk Institutt
- Forvaltningsplan for naturreservatet hos Sysselmannen på Svalbard
- Verneforskrifta for Hopen frå lovdata
- Kart over Hopen frå Sysselmannen på Svalbard
- Bilete frå Hopen
[endre] Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Hopen» frå Wikipedia på bokmål, den 7. april 2008.