Sør-Spitsbergen nasjonalpark
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sør-Spitsbergen nasjonalpark | ||
Totalareal | 8504 km² | |
Landareal | 5141 km² | |
Sjøareal | 3363 km² | |
Område | Sør-Spitsbergen på Svalbard |
Sør-Spitsbergen nasjonalpark er ein nasjonalpark som ligg på Svalbard. Parken vart oppretta ved forskrift av 1. juni 1973 med endringar i 2002
Nasjonalparken omfattar Wedel Jarlsberg Land, Torell Land og Sørkapp Land med tilliggande territorialfarvatn. Formålet med fredinga er m.a. å ta vare på:
- eit område med storslått landskap med karakteristiske spisse (alpine) fjellformasjonar, kystsletter og isbrear
- fleire store og små hekkelokalitetar for sjøfugl (fuglefjell) og hekke- og overvintringsområde for ender (særlig ærfugl) og viktige leveområde for isbjørn
- viktige kulturminne og kulturmiljø frå kvalfangsttida, overvintringsfangst, gruvedrift, turisme, forskning og frå andre verdskrigen.