Nasjonalpark
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein nasjonalpark er eit område verna av ein stat for å ta vare på viktige naturverdiar. Parkane er som regel større område med ein særmerka utsjånad, flora eller fauna. Dei er gjerne opne for friluftsliv så lenge dette ikkje verkar dårleg inn på naturen. Også avgrensa økonomisk aktivitet, som jakt, fiske, tømmerhogst, beiting og anna landbruksaktivitet kan vera tillete.
Verdas eldste nasjonalpark er Yellowstone i USA, som blei oppretta for å ta vare på dyrelivet i området, og for dei vulkanske landskapa med geysirar og varme kjelder.
[endre] Nasjonalparkar i Noreg
I Noreg blir nasjonalpark rekna nasjonalpark som ei middels streng verneform. Naturreservat har strengare vern, medan landskapsvernområde har svakare.
Den første nasjonalparken i Noreg var Rondane, som blei oppretta i 1962. Nasjonalparkar er hjemla i naturvernlova frå 19. juni 1970.