Hopen naturreservat
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopen naturreservat er eit naturreservat oppretta ved forskrift av 26. september 2003 i medhald av Lov om miljøvern på Svalbard. Hopen naturreservat omfattar heile øya Hopen, med unntak av eit lite landareal omkring stasjonen på austsiden av øya. Reservat omfattar òg territorialfarvatnet rundt Hopen.
Naturreservatet har eit landareal på om lag 46 km2 landareal og eit marint areal på om lag 3 208 km2 og gjeld gårdsnummer 1 på Svalbard.
Formålet med fredningen er å ta vare på ein nær urørt arktisk øy med tilgrensande sjøområde, inkludert havbotnen, og blant anna sikre øya som eit hi-, trekk- og næringsområde for isbjørn.