Moskva
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
|
|||||
Hovudstad | Moskva | ||||
Areal - Totalt |
Rangering: 87. 1 081 km² |
||||
Innbyggjartal - totalt |
Rangering: 1. ca. 10 415 000 (2005) |
||||
Føderalt distrikt | Sentrale | ||||
Økonomisk region | Sentrale | ||||
Regionsnummer | 77 | ||||
Offisielt språk | Russisk | ||||
Borgermeister | Jurij Mikhajlovitsj Luzjkov | ||||
Nasjonalsong | |||||
Tidssone | UTC +0300 |
Moskva (russisk: Москва́) er hovudstaden i Russland og har vore det sidan 1918. Moskva er eit føderalt subjekt i den Russiske føderasjonen og også hovudstad for Moskva oblast. Byen ligg ved elva Moskva. I 2004 telde ein 11,2 innbyggjarar i storbyområdet Moskva. Byen har vore eit viktig åndeleg og kulturelt sentrum i Russland i meir enn 850 år. Den raude plassen, i sentrum av Moskva, er utgangspunkt for dei breie gatene som går ut i alle retningar. Desse gatene er igjen bundne saman med eit system av ring-gater.
[endre] Historie
Dei fyrste referansane til Moskva kan førast attende til 1147, då byen var ein liten provinsby. Dei fleste som budde i byen skal ha tilhøyrt det finsk-ugriske folkeslaget Merya. I 1156 bygde prins Jurij Dolgorukij ein trefestning kring byen. I 1177 brann byen ned til grunnen. mongolane omringa byen i 1237-1238, brann ned byen og tok livet av alle innbyggjarane. Byen blei deretter bygd opp igjen, og blei hovudstad for eit uavhengig fyrstedøme, som gradvis ekspanderte og utvikla seg til det russiske imperiet. Moskva mista sin status som hovudstad i 1712 då hovudstaden vart flytta til St. Petersburg. Byen vart hovudstad igjen etter den russiske revolusjonen, i 1918. Universitetet i byen vart grunnlagd i 1755.
[endre] Verd å vitja
- Den raude plassen
- Vasilijkatedralen
[endre] Lenkje ut
Folketalsutvikling i Moskva mellom 1400 og 1856 | |||||||||||
1400 | 1638 | 1710 | 1725 | 1738 | 1775 | 1785 | 1811 | 1813 | 1825 | 1840 | 1856 |
40 000 | 200 000 | 160 000 | 145 000 | 138 400 | 161 000 | 188 700 | 270 200 | 215 000 | 241 500 | 349 100 | 368 800 |
Folketalsutvikling i Moskva mellom 1868 og 2002 | |||||||||||
1868 | 1871 | 1888 | 1897 | 1912 | 1920 | 1926 | 1939 | 1959 | 1979 | 1989 | 2002 |
416 400 | 601 969 | 753 459 | 1 038 600 | 1 617 157 | 1 027 300 | 2 101 200 | 4 609 200 | 6 133 100 | 8 142 200 | 8 972 300 | 10 383 000 |