See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Japan - Wikipedia

Japan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

[endre]
Nippon (Nihon-koku)
日本国
Det japanske flagget Det japanske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonale motto: Ingen
Geografisk plassering av Japan
Offisielle språk Japansk
Hovudstad Tokyo
Styresett
Monarki
Akihito
Shinzo Abe
Flatevidd
 - Totalt
 - Andel vatn
 
377 835 km² (61.)
0,8 %
Folketal
 - Estimert (2005)
 - Folketeljing (2004)
 - Tettleik
 
127 417 244 (10.)
127 333 002
337/km² (18.)
Sjølvstende
Historisk
BNP
  - Totalt (2005)
  - Per innbyggjar
 
4,009,327 mrd. USD (3.)
31 384 USD (12.)
Valuta Yen
Tidssone UTC +9
Nasjonalsong «Kimigayo»
Nasjonaldag 23. desember
Internasjonal telefonkode +81
Nasjonale toppdomene .jp


Japan (japansk Nihon: 日 (sol) 本 (opphav), «soloppgangslandet») er eit øyrike heilt aust i Asia. Det ligg ved Stillehavet, aust for det japanske havet som skil det frå Kina, og den koreanske halvøya, som har kort veg til Japan over Koreasundet.

Japansk hus på ein innsjø i Tazawako
Japansk hus på ein innsjø i Tazawako

Japan er sett saman av nokre store og fleire små øyar. Dei store øyane, frå nord til sør, er Hokkaido, Honshu (den største), Shikoku og Kyushu. Landet ligg svært isolert til, og har utvikla sin særeigne kultur, med noko påverknad frå Kina. Etter Den andre verdskrigen har den sterkaste påverkinga kome frå USA.

[endre] Provinsar

Japan er delt inn i 47 provinsar:

  • Hyōgo
  • Ibaraki
  • Ishikawa
  • Iwate
  • Kagawa
  • Kagoshima
  • Kanagawa
  • Kōchi
  • Kumamoto
  • Kyōto
  • Mie
  • Miyagi
Japan sine 47 provinsar
Japan sine 47 provinsar
  • Shimane
  • Shizuoka
  • Tochigi
  • Tokushima
  • Tōkyō
  • Tottori
  • Toyama
  • Wakayama
  • Yamagata
  • Yamaguchi
  • Yamanashi

[endre] Klima

Dei 4000 øyane i Japan går frå tropane i sør til nordlege midlare breidder i nord, så ein har store klimatiske kontrastar frå nord til sør. Hovudtrekka er derimot at vinteren er kald og somrane er varme og våte. Om vinteren, når den kalde nordaustlege vinden i samband med den asiatiske monsunen tar med seg fukt frå Japanhavet fører dette til ein av dei største klimakontrastane i verda. Vestsida av fjella som deler Honshu på tvers, særleg dei sentrale områda, får store mengder snø, som fell nesten dagleg gjennom vinteren. Ibukifjellet har verdsrekorden for største snødjupne med 11,82 m frå 1927. I låglandet kjem det ofte opp mot 150 cm i løpet av vinteren, men mengda varierar ein god del frå år til år. Sjølv dei sørlege områda på Kyushu kan få nokre dagar med snø kvart år. Kysten av Stillehavet og området rundt innsjøen Seto Naikai har derimot eit ganske anna klima med klårt og kjøleg vêr. Fleire område her har meir sol om vinteren enn om sommaren. Seint på vinteren eller tidleg på våren kan små lågtrykk kome opp frå Taiwan og gje litt regn eller snø i dei sørlege eller austlege byane.

Ustadige varmeperiodar i mars trengjer seg nordover og fører til bløminga av kirsebærtrea på Honshu i april. Midten av våren er vanlegvis ei fin tid i Japan med unntak av enkelte episodar med sandstormar frå Mongolia som fargar himmelen gul. Ein kan få litt regn av og til, og innimellom kraftige hagl- og torebyger. Etter kvart strekk den kinesiske monsunfronten Mei-yu seg inn over Japan, her kalla Bei-u. Dette kan føre til kraftig regn i heile Japan i vekesvis, med unntak av Hokkaido, vanlegvis frå midten av juni til tidleg i juli. Når fronten har regna frå seg set sommaren inn for fullt med tropiske temperaturar som varer til ut i september. Vêret er trykkande men sjøbris og torebyger på ettermiddagen kan gje litt friskare forhold. Ein svakare versjon av Bei-u-fronten flyttar seg sørover igjen i september og oktober, og kan gje nokre veker med regnvêr igjen. Japan vert i gjennomsnitt råka av tre-fire tyfonar kvar haust, og særleg den sørlege kyststripa er kan få store øydeleggjingar og flaum.

Hokkaido, som er den nordlegaste av dei store øyane, er fleire grader kaldare året rundt enn dei andre øyane. Sjølv om Hokkaido er litt tørrare enn Honshu får ho likevel rikeleg med regn og snø. Dei austlege områda får i snitt 800 mm i året, medan den vestlege sida kan få opp mot 2000 mm. Ofte har ein tåke på den søraustlege kysten frå juni til august. Temperaturane kan variere ein god del frå år til år både om vinteren og om sommaren.

Dei subtropiske øyane i Japan har forholdsvis tørre vintrar, men ein kan få ganske så kjøleg og skya vêr så langt sør som til Okinawa. Sommaren er varm, fuktig og solrik, men somme tider tyfonar kan slå til mot øyane med full kraft.

[endre] På verdsveven

Commons har multimedia som gjeld: Japan

[endre] Offisielle

[endre] Andre


Aust-Asia

Japan | Kina | Russland
Nord-Korea | Sør-Korea | Taiwan

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.


Wikipedia på bokmål/riksmål
Denne spireartikkelen kan utvidast ved hjelp av den utfyllande artikkelen «Japan» på Wikipedia på bokmål/riksmål.


På andre språk


aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -