Korea
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Korea er ei halvøy i det austlege Asia. Korea er òg nemninga på den tidlegare koreanske nasjonen fram til 1948, og referer i dag til dei to sjølvstendige nasjonane Sør-Korea (Republikken Korea) og Nord-Korea (Den demokratiske folkerepublikken Korea), som i dag deler den koreanske halvøya.
Korea består av ei homogen etnisk folkegruppe, koreanarar, som snakkar eit eige koreansk språk og brukar sitt eige alfabet, hangul.