Fjodor Dostojevskij
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fjodor Mikhajlovitsj Dostojevskij (russisk Фёдор Михáйлович Достоéвский; fødd 11. november 1821, død 9. februar 1881), var ein russisk forfattar. Romankunsten hans har hatt stor påverknad på forfattarar i ettertida, og da spesielt på framveksten av eksistensialismen og modernismen. Dostojevskij skreiv realistiske, psykologiske verk, som ofte tok opp samfunnstilhøve som politikk og religion.
[endre] Liv
Dostojevskij vart fødd inn i fattige kår, var van med å ha det vanskeleg økonomisk heile livet. Fleire av verka hans, som Forbrytelse og Straff vart fyrst publiserte som avisføljetongar, som Dostojevskij skreiv i all hast for å tene pengar. Debutverket Fattige folk kom ut i 1846.
Dostojevskij var politisk aktiv, og vart fengsla den 23. april 1849 for å ha medverka i revolusjonær aktivitet mot Tsar Nikolai I.. Forfattaren vart dømd til døden 16. november same år, men gjeven nåde framfor eksekusjonspelotongen, og send til ti års straffarbeid i Sibir. Desse hendingane skulle få stor innverknad på dei seinare verka åt Dostojevskij.
1854 sleppte Dostojevskij ut av straffeleiren, og tenestegjorde i nokre år som korporal i Kasakhstan. Han kom attende åt St. Petersburg i 1860. Etter at både kona og broren døydde, vart Dostojevskij råka av depresjon, og han vart seinare speleavhengig. Dette førde til at han måtte skrive Forbrytelse og Straff og Spilleren samtidig for å tene pengar raskt. I denne perioden, fram til han døydde i, skreiv Dostojevskij nokre av sine mest kjende og høgst verdsette bøker.
På slutten av livet sitt, budde Dostojevskij på rekreasjonsstaden i småbyen Staraya Russa, ikkje langt frå Petersburg. Her døydde han den 28. januar 1881 av ei lungeblødning. På gravsteinen hans står "Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Fell ikkje kveitekornet i jorda og døyr, er og vert det berre eitt korn. Men døyr det, gjev det stor grøde.", frå Johannes 12:24.
[endre] Forfattarskap
Dostojevskij har hatt stor påverknad på moderne forfattarar som Albert Camus, Franz Kafka og Gabriel García Márquez. I Noreg er spesielt Knut Hamsun kjend for å vera inspirert av den russiske forfattaren. Verka åt Dostojevskij er rekna for å ha stor psykologisk innsikt, og tek opp evige tema som kjærleik, religion og det vondes problem. Forfattaren sine eigne opplevingar la grunnlaget for mykje av det hans skulle skrive om; blant anna inspirerte einsemda han gjennomlevde i Sibir verk som Opptegnelser fra et kjellerdyp og Forbrytelse og Straff, og speleavhengnaden hans sette spor i romanar som Spilleren.
[endre] Verk
Romanar
- Бедные люди (Bednye ljudi), 1846. Norsk omsetjing 1930: Fattige folk
- Двойник: Петербургская поэма, 1846. Norsk omsetjing 1931: Dobbeltgjengeren
- Herr Prokhartsjin, 1846
- Vertinnen, 1847
- Et svakt hjerte, 1848
- Lyse Nætter 1848. Norsk omsetjing 1888.
- Неточка Незванова (Netotsjka Nesvanova), 1849. Norsk omsetjing 1925: Lille Netta Njesvanov
- En liten helt, 1849. Norsk omsetjing 1931
- Onkels drøm, 1859
- Село Степанчиково и его обитатели (Selo Stepancikovo i ego obitateli), 1859. Norsk omsetjing: Landsbyen Stepantsjikovo
- Униженные и оскорблённые (Unizennye i oskorblennye), 1861. Norsk omsetjing: De fornedrede og krenkede
- Записки из мёртвого дома (Zapiski iz mertvago doma), 1862. Norsk omsetjing 1948: I dødens hus (seinare: Opptegnelser fra de dødes hus)
- Записки из подполья 1864. Norsk omsetjing: Opptegnelser fra et kjellerdyp
- Преступление и наказание (Prestuplenie i nakazanie), 1866. Norsk omsetjing 1883: Raskolnikow (seinare: Forbrytelse og straff)
- Игрок (Igrok), 1866. Norsk omsetjing 1889: Spilleren
- Идиот (Idiot), 1868. Norsk omsetjing 1947: Idioten
- Den evige ektemann, 1870.
- Бесы (Besy), 1872. Norsk omsetjing 1946: De besatte
- Подросток (Podrostok), 1874. Norsk omsetjing 1945: En ung manns historie
- Братья Карамазовы (Bratja Karamazovy), 1880. Norsk omsetjing 1888: Brødrene Karamazov
Sakprosa
- Vinteropptegnelser om sommerinntrykk, 1863
- En forfatters dagbok, 1873-80