See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Pattedyr - Wikipedia

Pattedyr

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Pattedyr

Brunbjørn (Ursus arctos)
Brunbjørn

Systematikk
Rike: Dyr
Rekkje: Ryggstrengdyr
Underrekkje: Virveldyr
Klasse: Pattedyr
Underklasser
  • Prototheria (Ovipare pattedyr)
  • Theria (Marsupialar og placentale pattedyr)

alternativt

  • Prototheria (Kloakkdyr)
  • Metatheria (Pungdyr)
  • Eutheria (Placentale pattedyr)
Vitskapleg namn
Mammalia

Pattedyr (Mammalia) er ein dyreklasse innan zoologien som høyrer til virveldyra. Det finst over 5 000 nolevande artar av pattedyr, mellom anna mennesket, og ein finn representantar for klassa i nær sagt alle økosystemjorda. På grunn av storleiken til dei fleste pattedyra utgjer dei ein vesentleg del av biomassen i dei fleste lokale faunaer.

Innhaldsliste

[endre] Kjenneteikn

Det finst ei rekke felles kjenneteikn hos pattedyr:

  • Hodyra har mjølkekjertler som produserer mjølk til nyfødde ungar som syg mor si
  • Sju halsvirvlar (med unntak av dovendyr, spissmus og sjøku)
  • Underkjeva er danna av ein enkelt knokkel
  • Tre øyreknoklar i mellomøyret (hammar, ambolt, stigbøyle)
  • Endoterme el. likevarme, hjernen styrer system for kroppsvarme og blodsirkulasjon
  • Respirasjon med lunger
  • Difydont tannsett (mjølketenner som blir felte når det permanente tannsettet veks fram)
  • Differensierte tenner (heterodonti)
  • Ei eller anna form for hår eller pels på kroppen
  • Før levande avkom, med unntak av kloakkdyra som legg egg

[endre] Opphav og utvklingsstadier

Pattedyra stammar frå amniote krypdyr. Strukturer av øvre delar av kraniefunn har gjort det mogleg å identifisere tre hovudgrupper som byrja spalte seg av i Karbonperioden i Paleozoikum:

  • Synapsider (Synapsida) - omfatter pattedyra og deira forfedre.
  • Anapsider (Anapsida) - omfatter skelpaddene og deira forfedre.
  • Diapsider (Diapsida) - omfattar dinosaurar, firfisler, slangar, krokodiller, fuglar og deira forfedre.

[endre] Paleozoikum

Synapsidene var kjenneteikna med eitt par opningar i kranietaket for feste av tyggemusklar. Dette var òg den første gruppa av amniotar som spreidde seg til landjorda. Dei første synapsidene utvikla seg vidt ut i herbivore og karnivore former som har fått samlenamnet pecylosauriar.

Frå ei anna tidleg gruppe av karnivore synapsider kom dei første forløparane til pattedyra, therapsidane. Desse var den einaste gruppa av synapsider som overlevde Paleozoikum og utvikla seg vidare. Dei fleste var små, men nokre var opp til fire meter. Therapsidane er dei første med ein effektiv gange på meir rette ekstremitetar festa under dyret. Sidan stabiliteten vart redusert når dyret heva seg over bakken, utvikla cerebellum (muskelkoordineringssenteret) i hjernen seg mykje. Kranieform og muskelsystemet i kjeven forandra seg mot auka effektivitet i næringsopptaket.

Therapsidane utvikla seg i talrike herbivore og karnivore former, men dei tidlegaste formene døydde ut i den store utdøyingsperioden i enden av Perm. Tidligare vart pelycosauriar og therapsidar omtala som «pattedyrliknande krypdyr», men dette gjerast ikkje lenger sidan dei ikkje er ein del av den eigentlege krypdyrlinja.

[endre] Mesozoikum

Ei therapsid gruppe av kjøttetande og pattedyrliknande krypdyr som overlevde inn i Mesozoikum var cynodontane (Cynodontia). Desse utvikla fleire nye trekk som ein finn att hos pattedyr av i dag, mellom anna viktige endringar i skjelettet og sekundært ganetak som gjorde det mogleg å puste sjølv om det holdt eit byttedyr i munnen, tygde mat eller sugde mjølk av mora. Innafor den manfaldige cyodontforgreininga var det ei lita gruppe kjøttetarar kalla trithelodontider som likna mest på dei etterfølgjande pattedyra.

Dei første pattedyra som utvikla seg i sein Trias var små spissmus-liknande dyr med stort kranium, kjeve med ny form og ein ny type difydont tannsett der tennene berre vart skifta ut ein gong. Til samanlikning hadde dei tidlegare og meir primitive amniotane eit polyfyodont tannsett med kontinuerleg utskifting av tennene gjennom heile livssyklusen. Den forandra kjeveutforminga resulterte i at enkelt knoklar frå kjeveopphenget vart vidare redusert og hamna til slutt i mellomøret som øreknoklar. Ein rekner med at dei første pattedyra var endoterme, men med lågare kroppstemperatur enn dei moderne placentale pattedyra.

Hår eller pels hadde ein viktig funksjon som isolasjon. Dette tyder på at talg- og svettekjertlar må ha utvikla seg samstundes for å smøre håra og gi auka varmetap når det var naudsynt.

Ein trur dei tidlegaste pattedyra klekka ut ungane frå egg i lite utvikla form slik at dei var avhengige av morsmjølk, varme og skydd. Denne forma for reproduksjon ser vi i dag berre hos monotrematane nebbdyr og maurpiggsvin.

[endre] Cenozoikum

Allereie midt i Trias hadde dei tidlege pattedyra utvikla nesten alle dei nye trekka som ein finn hos moderne pattedyr. Det gjekk imidlertid nærare 150 millioner år før dei breidte seg ut i stort mangfald. Dette fenomenet antar ein skuldast at pattedyra i byrjinga levde «i skuggen av» dinosaurane. Medan dinosaurane var talrike og i stort artsmangfald, døydde alle grupper av synapside amniotar ut - med unntak av pattedyra sine forløparar. Dei spissmusliknande pattedyrartane som overlevde var sannsynlegvis nattlege arter.

Det var ikkje før i Kritt, og særleg i den seinare Eocen-epoken som byrja for 54 millioner år sidan, at den raske utbreidinga av dei «moderne» gruppene starta. Denne utviklinga i Cenozoikum forklarast delvis med den store mengda tomme habitat som sto att etter dei utdøydde amniote gruppene mot slutten av Kritt.

Vilkåra for at desse gruppene av dyr greide å utvikle seg i stor stil var at dei hadde stor rørsleevne, var endoterme, hadde utvikla ein form for «intelligens», var tilpasningsdyktige, fødte levande ungar som dei tok seg av (yngelpleie) og som ernærte seg av mjølk som hodyra sjølv produserte.

Det var ikkje lenger nok å legge egg i reir og la ungane skaffe seg føde frå det ytre miljøet som einaste reproduktive taktikk.

[endre] Klassifisering

Klassifiseringa av dyr og planter har gjennomgått mange endringar etter Carl von Linné sin opprinnelege taksonomi i Systema naturae frå 1735. For pattedyr nyttar lærebøkene i stor grad klassifiseringa til George Gaylord Simpson frå 1945 og McKenna & Bell sin revisjon av Systema naturae som vart etablert i 1997. Med moderne DNA-analyse har ein óg kunna finne ny informasjon om kva slektskap og opphav dei ulike artane har, og ein må vente at det på bakgrunn av dette vil koma nye klassifiseringar som vil hevdast å vera «meir korrekte».

[endre] Underklasser og ordenar

Tradisjonelt har pattedyr vore inndelt i følgjande tre underklasser:

  • Prototheria (Kloakkdyr) - Ovipare (eggleggjande) pattedyr.
  • Metatheria (Pungdyr) - pattedyr som ber sine uutvikla ungar i ein pung.
  • Eutheria (Placentale pattedyr) - som føder fullt utvikla ungar.

Nemninga placentale pattedyr tyder «pattedyr med livmor», frå det latinske ordet for livmor placenta. Pungdyr har faktisk både livmor og morkake og ein har etterkvart kome fram til at skilnaden mellom pungdyr og dei andre pattedyra som føder levande ungar elles er liten. I moderne taksonomi er difor pungdyr og placentale pattedyr er slegne saman i ei felles underklasse Theria.

Ei moderne klassifisering av pattedyr i underklasser med tilhøyrande ordenar ser difor slik ut:

  • Underklasse Prototheria: Ovipare (eggleggjande) pattedyr
  • Underklasse Theria: Marsupialar (pungdyr) og placentale pattedyr
    • Orden Marsupialia: Pungdyr
    • Orden Insectivora: Insektetande pattedyr
    • Orden Chiroptera: Flaggermus
    • Orden Xenarthra/Edentata/Pholidota: Gumlarar
    • Orden Pholidota: Skjeldyr
    • Orden Lagomorpha: Haredyr/Dobbelttanna gnagarar
    • Orden Macroscelidae: Springspissmus/elefantspissmus
    • Orden Rodentia: Enkelttanna gnagarar
    • Orden Carnivora: Rovdyr
      • Underorden Pinnipedia: Sel
    • Orden Tubulidentata: Jordsvin
    • Orden Proboscidea: Elefantar/snabeldyr
    • Orden Procaviidae/Hyracoidea: Klippegrevlingar/fjellgrevlingar
    • Orden Perissodactyla: Upartåa hovdyr
    • Orden Artiodactyla: Partåa hovdyr/klauvdyr
    • Orden Cetacea: Kvalar
    • Orden Sirenia: Sjøkyr/sirenedyr
    • Orden Scandentia: Trespissmus
    • Orden Primates: Primatar/herredyr

[endre] Sjå òg

[endre] Kjelder



aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -