Spissmus
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Spissmusfamilien |
||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Suncus murinus |
||||||||||||
Systematikk | ||||||||||||
|
||||||||||||
Artar | ||||||||||||
312 ulike, mellom anna:
|
Spissmus (Soricidæ) er ein familie av insektetarar. Dei liknar mus på utsjånad, men skil seg frå dei på mange vis ettersom mus er gnagarar medan spissmus er insektetarar. Familien omfattar nokre av verdas minste pattedyr.
Innhaldsliste |
[endre] Skildring
Spissmus har ein lang, spiss snute, små augo og avrunda øyre som er noko samankrølla. Dei lever mest av insekt og makkar, men nokre artar kan òg ta smådyr av sin eigen storleik. Dei fleste har moskuskjertlar slik at mange rovdyr let vera å eta dei. Nokre har giftig munnvatn, og kan difor drepa byttet sitt ved å bita det.
[endre] Livsløp
Spissmus lever ganske kort, ofte ikkje stort meir enn eit år eller kortare. I løpet av denne tida kan ei hospissmus få fleire kull med to til ti ungar i kvart. Dei vert fødde blinde og nakne.
[endre] Spissmus i Noreg
I Noreg finst seks artar, nemleg skogspissmus (Sorex araneus), dvergspissmus (Sorex minutus), liten dvergspissmus (Sorex minutissimus), lappspissmus (Sorex caecutiens), taigaspissmus (Sorex isdodon) og vasspissmus (Neomys fodiens). Sistnemnte et ofte fiskerogn og kan gjere skade.
[endre] Andre tydingar
Namnet spissmus vert òg bruka om dyr som ikkje hører til gruppa: springspissmus og trespissmus.
[endre] Bakgrunnsstoff
[endre] Kjelde
- Miljolare.no: Artstre:Vanleg Spissmus ({{{kommentar}}})