See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Latin - Wikipedia

Latin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Latin
(Lingua Latina)
Klassifisering: Indo-europeisk
 Italisk
  Latin
Bruk
Tala i: Romarriket
Område: Romarriket
Latintalande i alt: Utdøydd
Skriftsystem: Latinsk
Offisiell status
Offisielt språk i: Vatikanet
Normert av: ingen
Språkkodar
ISO 639-1: lat
ISO 639-2: lat
ISO 639-3: lat

Latin høyrer til den italiske greini av indoeuropeiske mål. Upphavleg vart latin tala av latinarane, eit bonde- og gjætarfolk i umrådet Latium, der Roma vart den førande byen. Med nye landvinningar breidde latinen seg utyver Italia, og sidan til mange av umrådi kring Millomhavet. Dei eldre måli der vart trengde ut, og latinen liver vidare i dei romanske måli i dag. Etter at Romarriket braut saman, var latin gjennom heile millomalderen og langt fram i nyare tid lingua franca for dei lærde i Vest-Europa; som tradisjonsmål for Den katolske kyrkja er det framleis offisielt mål i Vatikanstaten. I nyare tid har latin - saman med gresk - vorte nytta til nylaga ord innan vitskap.

[endre] Trekk ved språket

Latin er eit syntetisk språk, dvs. at bøyingsendingar syner kva funksjon eit ord har i setningi, medan ordstillingi er rimeleg fri. Substantiv vert delte inn i fem deklinasjonar, og bøygde i tal (eintal og fleirtal) og kasus (nominativ, vokativ, akkusativ, genitiv, dativ og ablativ). Adjektiv og pronomen samsvarar i kyn, tal og kasus med subsantivi dei står til. Verbi vert delte inn i fire konjugasjonar, med eigne endingar for kvar person i eintal og fleirtal. I motsetnad til norsk, som berre har tvo finitte tempi, nyttar latin langt færre hjelpeverb.

[endre] Latin som talemål

Den latinen som vart tala i Romarriket blir kalla Vulgærlatin, og var ikkje identisk med målet Cicero, Cæsar og andre forfattarar skreiv. Med tidi oppstod regionale skilnader, og me fekk dei moderne romanske språki. Dei fyrste grammatikkane for moderne romanske språk var for provencalsk og katalansk, skrivne på 1200-talet. Jamsides med denne utviklingi, fortsette dei lærde å nytta latin i skrift og tale. Uttala av latinen fylgde helst dei nasjonale måli, og samsvarte ikkje med klassisk latin.

Spire Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.


aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -