Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Organisation for Economic Co-operation and Development (norsk Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling; forkorta OECD) er ein internasjonal organisasjon av industriland. OECD er eit framhald av OEEC (Organisation for European Economic Co-operation), som vart skipa i 1948 for å gjennomføre Marshallhjelpa. OEEC vart erstatta av OECD i 1961 med USA og Canada som nye medlemar. OECD-kretsen er i dag samansett av 30 land som kjenneteiknast ved velutvikla marknadsøkonomi og demokrati i tillegg til eit relativt høgt inntektsnivå. Europakommisjonen deltek også i arbeidet saman med EU sine medlemsstatar.
Bidrag til OECDs budsjett, som er på rundt to milliardar kroner årleg, er basert på medlemslanda sin økonomiske storleik.
Innhaldsliste |
[endre] Medlemar
[endre] Nye medlemar
Det vil etterkvart dukke opp nye medlemar i OECD. Her snakkar vi om nye nasjonar som får medlemskap. Det er opne diskusjonar om medlemskap for Russland, Chile, Israel, Estland, Slovenia, Latvia, Litauen, Bulgaria og Romania. OECD samarbeidar også med Indonesia, Kina, Sør-Afrika, Brasil og India.
[endre] Eksterne lenkjer
[endre] Kjelde
- Denne artikkelen bygger på «Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling» frå Wikipedia på bokmål, den 6. juni 2008.
.