See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Jordskjelvet i Indiahavet 2004 - Wikipedia

Jordskjelvet i Indiahavet 2004

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Animasjon av tsunamien i Indiahavet.
Animasjon av tsunamien i Indiahavet.
Fullstendig animasjon.
Fullstendig animasjon.

Jordskjelvet i Indiahavet 2004 var ein serie undersjøiske jordskjelv utløyst den 26. desember 2004, det fyrste og kraftigaste av styrke 9,0 vest for øya Sumatra i Indonesia, etterfølgt av fleire kjempemessige tsunamibølger som skyld over øyane i Bengalbukta og kystområde oppover strendene i Indonesia, Malaysia, Thailand, India, Sri Lanka og over Maldivene. Ein ny analyse av skjelvet foretatt i februar 2005 indikerte at det var kraftigare enn fyrst antatt, og at styrken var på heile 9,3. Dette er likevel ikkje stadfesta enno (15. februar).

Det største undersjøiske jordskjelvet fann stad kl. 07.58.50 lokal tid (Sumatra, Thailand) eller 06.58.50 srilankisk tid, rundt to timar etter soloppgang ved Sumatra (00.58.50 UTC eller kl. 01.58.50 norsk tid).

Hyposentereit var 160 km vest for Sumatra, tett ved øya Simeulue, og 30 km djupt.

Flodbølgjene som blei utløyste, trefte Sumatra kort tid etter og dei andre ramma kystane noen timar seinare. Dei nådde Sri Lankas sørkyst omkring kl. 09.20 lokal tid. Nokre stader trefte dei strendene med ei bølgjehøgde på 10 meter, men lågare høgder (3-6 m) var vanlegare. Bølgjehøgda avheng blant anna av kor langgrunt det er foran stranda bølgja treffer, og kor kraftig tsunamien som nærmar seg er.

Kraftige etterskjelv gjekk føre seg i timevis, dei nordlegaste ved Andamanøyene i Bengalbukta; dei kraftigaste utløyste mindre flodbølgjer. Mindre kraftige etterskjelv heldt fram i dagevis. Men den 28. mars 2005 følgde så eit nytt kraftig skjelv med episenter omtrent same stad, og av ein styrke som nesten kunne måle seg med desemberskjelvet.

Som jordskjelv betrakta var desemberskjelvet det sterkaste på 40 år i heile verda, etter Langfredagsjordskjelvet i Alaska i 1964, og marsskjelvet det nest sterkaste.


Innhaldsliste

[endre] Kronologi

  • 07.58 indonesisk tid: Jordskjelvet finn stad, blir registrert på det geofysiske instituttet i blir Jakarta, styrkjefastsett til 6,5 på blir Richters skala, lokalisert.
  • + 16 minutt: Varsel blir publisert frå Hawaii. Følgjejordskjelv langs Nikobarene og Andamanene blir også melde etterkvart.
  • + 30 minutt: Kjempebølger, inntil 10 meter høge, begynner å treffe Sumatras vestkyst.
  • + 1 til 2 timar: Bølgjene kjem fram til Thailand, dei sørlege Myanmar og delane av Malaysia.
  • + 2 til 3 timar: Sri Lanka.
Noko seinare også Koromandelkysten og Kerala i India.
Svakare bølgjar langs Malayahalvøyas. sørkyst; området skjerma av Sumatra.

[endre] Fagleg skildring av jordskjelvet

Det er sju jordskjelv på dette kartet pr. 26. desember 2004 kl. 1700 UTC. Det opphavlege bildet kommer frå USAs kystvakt, og engelsk Wikipedia har lagt til alle jordskjelvsdata.
Det er sju jordskjelv på dette kartet pr. 26. desember 2004 kl. 1700 UTC. Det opphavlege bildet kommer frå USAs kystvakt, og engelsk Wikipedia har lagt til alle jordskjelvsdata.

Jordskjelvet blei opphavleg meldt med styrken 6,8 på Richters skala. På den meir veleigna momentmagnitude-skalaen, blei styrken fyrst meld som 8,1 av «United States Geological Survey», men etter analysar blei dette snart oppjustert til 8,5, og så til 8,9 og til slutt til 9,0.

Etter 1900 har dei einaste jordskjelva av sterkare styrke enn dette vorne det store jordskjelvet i Chile i 1960 (magnitude 9,5, det kraftigaste jordskjelvet målt nokosinne) og to jordskjelv i Alaska: «Langfredagsjordskjelvet» (9,2) og eit skjelv ved Andranof-øyene i 1957 (9,1). Alle desse skjelva utløyste tsunamiar i Stillehavet.

Hyposentereit var på 3.316°N, 95.855°Ø, ca. 160 km vest for Sumatra og rett nord for øya Simeulue, ca. 30 km under havoverflata (tidlegare meldt som 10 km). Dette er i den yttarste vestre enden av den såkalla "Ring of Fire", eit jordskjelvbelte som står for 81 prosent av verdas større jordskjelv. Sjølve jordskjelvet (når ein ser bort i frå tsunamien) var merkbart så langt unna som Bangladesh, India, Malaysia, Myanmar, Singapore, Thailand og Maldivane.

Jordskjelvet fekk ei uvanleg stor geografisk utstrekning frå utgangspunktet i sør og langs brotlinja nordover mot Burma. Omtrent 1200 km av den geologiske brotlinja var i rørsle langs subduksjonssonen der Indiaplata går ned under Burmaplata. Havbotnen under Burmaplaten blir berekna å ha blitt løfta 10 meter vertikalt opp over Indiaplaten. Dette utløyste sjokkbølgjer i Indiahavet som bevega seg med ei fart på inntil 800 km/t, og som skapte tsunamiar der dei nådde land. Til samanlikning: Eit passasjerfly av typen Boeing 737-100 har maksimalfart på 940 km/t, og normal marsjfart på 800-850 km/t.

Indiaplaten er ein del av den store Indo-australske plata som ligg under Indiahavet og Bengalbukta, og som rører seg nordaustover i ei fart på gjennomsnittleg 5 cm pr. år (eller 15 meter pr. 300 år i forhold til Burmaplata. Med andre ord representerte dette jordskjelvet ein 300-årskorreksjon.

På Burmaplaten ligg Nikobar- og Andamanøyene og det nordlege Sumatra, og blir skuvt av Sundaplaten i aust. Både Burma- og Sundaplatene blir rekna for å vere deler av den store eurasiatiske plata. Den tektoniske aktiviteten som er resultatet av at dei nemnde platene gnissar mot kvarandre, har ført til det som blir kalla Sundabogen.


[endre] Eit utløysande jordskjelv tre dagar før?

Jordskjelvet fann stad berre tre dagar etter eit kraftig skjelv av magnitude 8,2 i eit audt havområde nede mot Antarktis, vest for dei nyzealandske Aucklandøyene og nord for den australske Macquarieøya. Dette er uvanleg; jordskjelv av styrke 8 eller kraftigare hender gjennomsnittleg ein gong i året, og godt atskilt i tid. Somme seismologar kan tenkje seg ein samanheng mellom jordskjelva, slik at det fyrste kan ha utløyst det i Indiahavet. Dei to jordskjelva fann stad i kvar sin ende av den indo-australske tektoniske plata.

[endre] Etterskjelv

Fleire etterskjelv med styrkar på mellom magnitudene 5,7 og 6,3 fann stad ved Andamanane i timane og dagane som følgde. Det same skjedde ved Nikobarene, dei sterkaste på 7,1 og 6,6. Andre etterskjelv skjedde i området rundt det opphavlege hyposenteret ved Sumatra, på storleikar mellom magnitudene 5,0 og 6,5.

[endre] Etterskjelv på minst magnitude 6, den 26. desember (lokal tid)

  • Kl. 06.51 – 06.35N 93.41Ø, magnitude 6,0 (185 km sør for Misha Nikobarene)
  • Kl. 09.51 – 06.89N 92.94Ø, magnitude 7,1 (130 km sør sørvest for Misha Nikobarene)
  • Kl. 14.49 – 08.87N 92.37Ø, magnitude 6,6 (145 km nordvest for Misha Nikobarene)
  • Kl. 15.49 – 13.47N 92.78Ø, magnitude 6,3 (200 km nord for Port Blair, Andamanene)
  • Kl. 16.35 – 13.52N 92.86Ø, magnitude 6,2 (205 km nord for Port Blair, Andamanene)

[endre] Etterskjelv på minst magnitude 6, den 27.–31. desember (lokal tid)

27. desember

  • Kl. 01.19 – 02.78N 94.17Ø, magnitude 6,1 (325 km sør sørvest for Bandar Aceh, Sumatra)
  • Kl. 00.32 – 05.47N 94.47Ø, magnitude 6,0 (90 km vest for Bandar Aceh, Sumatra)
  • Kl. 06.19 – 13.00N 92.43Ø, magnitude 6,1 (150 km nord nordvest for Port Blair, Andamanene)
  • Kl. 04.39 – 05.36N 94.65Ø, magnitude 6,1 (75 km vest sørvest for Bandar Aceh, Sumatra)

29. desember

  • Kl. 07.20 – 09.08N 93.79Ø, magnitude 6,1 (130 km nord nordaust for Misha Nikobarene)
  • Kl. 11.26 – 08.78N 93.22Ø, magnitude 6,2 (ca. 90 km nord for Misha Nikobarene)

31. desember

  • Kl. 07.54 – 07.13N 92.56Ø, magnitude 6,3 (130 km sørvest for Misha Nikobarene)
  • Kl. 17.34 – 06.22N 92.91Ø, magnitude 6,1 (205 km sør sørvest for Misha Nikobarene)

[endre] Etterskjelv på minst magnitude 6, etter den 1. januar (lokal tid)

1. januar

  • Kl. 13.25 – 05.05N 92.28Ø, magnitude 6,5 (340 km vest for Banda Aceh, Sumatra)

2. januar

  • Kl. 21.05 – 06.33N 92.80Ø, magnitude 6,2 (195 km sør sørvest for Misha Nikobarene)

4. januar

  • Kl. 02.43 – 10.67N 92.40Ø, magnitude 6,0 (115 km sør sørvest for Port Blair, Andamanene)

10. januar

  • Kl. 05.12 – 04.94N 95.11Ø, magnitude 6,2 (65 km sør sørvest for Banda Aceh, Sumatra)

24. januar

  • Kl. 04.16 – 07.37N 92.48Ø, magnitude 6,3 (120 km sørvest for Misha Nikobarene)

26. januar

  • Kl. 22.00 – 02.91N 94.43Ø, magnitude 6,1 (355 km sør sørvest for Banda Aceh, Sumatra)

[endre] Land berørt av katastrofen

Episenteret av tsunamien lå utenfor Indonesia.
Episenteret av tsunamien lå utenfor Indonesia.

Det blei frå dei forskjellige landa etter få timar melde om eit stort antall omkomne og sakna, og tala berre auka for kvar dag som gjekk. Sumatra i Indonesia var det området der flest menneske mista livet.

[endre] Omkomne i dei direkte ramma landa rundt Indiahavet

Land Omkomne Skadde Sakna Heimlause
Stadfesta Antatt1
Indonesia 230 261 230 261+ ~100 000 6 245 400 000–700 000
Sri Lanka 38 195 38 195 15 686 23 000+2 ~573 000
India 10 744 16 413 5 669 380 000
Thailand 5 3053 11 000 8 457 4 499
Somalia 150+ 298 5 000
Burma (Myanmar) 59 2 500 45 7 0004 3 200 bekreftet
Malaysia 68&ndash>;74 74 299
Maldivene 82 108 26 12 000&ndash>;22 000
Seychellene 1&ndash>;3 3
Tanzania 10 10+
Bangladesh 2 2
Sør-Afrika 25 2
Kenya 1 2 2
Jemen 1 1
Madagaskar 1 000+
Total 284 881+ ~345 000 ~125 000 ~40 000 ~1,5 millionar

Merk>: Alle tal er omtrentlege og kan endre seg raskt. Detaljar er tilgjengeleg ved å klikke på dei einskilde tala. Lekkjene fører som regel til ein utanlandsk nyheitsteneste>.

1 Inkluderer også dei som er oppgjeve under «omkome». Dersom dette talet ikkje er spesifisert, kan ein gå ut i frå at talet er det same som «omkome».

2 Inkluderer ca. 19 000 omkomne i dei regionane som er under tamilsk kontroll. Info.

3 Inkluderer minst 2 464 utlendingar.

4 Dette tallet> inkluderer innbyggjarar i Myanmar som har flykta til Thailand, og som har blitt sendt tilbake til Myanmark utan papir. Mer informasjon.

5 Inkluderer ikkje sør-afrikanarar som var utanlands (dvs. på ferie i katastrofeområdet).

Dødsofferet i Jemen var eit lite barn på øya Socotra, langt frå fastlandet og nær den kyststrekninga i Somalia som blei hardast ramma.

Tsunamien trefte også ei rekkje andre land og territorium i og rundt Indiahavet, men kosta ingen menneske livet der: Australia (med Keeling-øya), Det britiske område i Indiahavet (med den amerikanske militærbasen på Diego Garcia), Oman, Komorene, Mayotte, Mosambik, Madagaskar, Mauritius, Réunion og Sør-Afrika.

[endre] Detaljar om Burma (Myanmar)

Sjølv om talet på dødsoffer blir mistenkte å vere høgare enn det som er meldt frå Burmas styresmakter, er det grunn til å tru at det området som låg mest direkte i tsunamiens veg, den administrative eininga Tanintharyi, kom langt betre frå det enn Thailand. Området er både tynt befolka, og utanfor kysten ligg det mange øyar, blant anna Merguiøyane, som braut ned ein del av bølgene på veg innover. Ein thailandsk katolsk prest i grenseprovinsen Ranong i Thailand, sa til eit katolsk nyheitsbyrå den 4. januar at kjeldene og informasjonen hans frå opposisjonelle i Burma tydde på eit dødstal på rundt 600.

[endre] Detaljar om India

Det klare fleirtalet av dødsoffer stadfesta i India er frå delstaten Tamil Nadu. Øygruppen> Andamanene og Nikobarene har meldt om mange sakna. alvparten av dei indarane som tilslutta blir erkjent som døde, kan ha vore på desse øyane.

Då tsunamien trefte India, var ein del av søraustkysten skåna fordi den ligg i le av Sri Lanka. Nord for Sri Lanka var det særleg mange omkomne langs den sørlege delen av Koromandelkysten (nordlege Tamil Nadu, Pondicherry; særleg i distriktet Nagapattinam), men også mange i delstatane Andhra Pradesh og i Orissa. Rett sør for byen Nagapattinam drap flodbølgja omkring 1 500 pilegrimar på den katolske valfartsstaden Vailankanni; ingen annan enkelt stad på det indiske fastlandet blei ramma hardare.

Den delen av av tsunamien som trefte Indiakysten etter å ha passert sør for Sri Lanka, ramma den sørlege spissen av Tamil Nadu og nokre av dei sørlege distrikta i delstaten Kerala.

[endre] Detaljar om Indonesia

Detaljart kart over jordskjelv og stader ramma av tsunamien
Detaljart kart over jordskjelv og stader ramma av tsunamien

Indonesia stadfesta rett før nyttår nesten 80 000 døde, for det meste i provinsen Aceh nord på Sumatra, men også nokre på vestkysten og øyane til naboprovinsen Nord-Sumatra. Dei suspenderte så for ein periode den «offisielle teljinga» av omkomne på grunn av det store kaoset som var oppstått. Seinare er teljinga gjenopptatt, og pr. 15. januar hadde talet begynt å nærme seg 120 000.

Området blei fyrst rysta av det særdeles kraftige jordskjelvet som i seg sjølv førde til store øydeleggingar. Så følgde inntil sju tsunamiar av varierande styrke. I Aceh gjekk det særleg hardt ut over provinshovudstaden Banda Aceh, som ligg ved kysten, og ver fleire byr langs vestkysten. Den byen som blei hardast ramma, var Meulaboh. Øyane nærmast Banda Aceh blei svært hardt ramma, mens den øya som ligg aller nærmast jordskjelvet sitt hyposenter, Simeulue, synest å ha kome betre frå det fordi folk umiddelbart rømde innover og opp i høgda, kanskje omkom det berre fem personar. Naboøya Nias hadde derimot større tap av menneskeliv. Også nordkysten av Sumatra blei ramma; ti meter høge tsunamiar runda spissen av øya og rulla innover mot Malakkastredet.

[endre] Detaljar om Malaysia

Trass i nærleiken sin til jordskjelvet kom Malaysia relativt billig frå katastrofen. Det skuldast dels at landet ligg i le for Sumatra i høve til jordskjelvet, og dels at de nordlige delane av vestkysten som blei ramma av bølgjene hadde forvarsel. Fjernsyn og radio melde frå om faren, og livreddarar sette opp raude flagg langs stranda. Dei områda som blei ramma, var særleg auge som Langkawigruppa og Penang. Fire provinsar har meldt om omkomne: 52 i Penang, ti i Kedah, tre i Perak og ein i Selangor. Det var ein god del materielle skadar i dei same områda.

[endre] Detaljar om Maldivane

Maldivene har erklært nasjonal katastrofe. Ein tredjedel av øyane i denne øystaten kom fullstendig under bølgjene – gjennomsnittshøgda på landmassen i landet er knappe ein meter over høgvassnivået. To tredjedelar av hovudstaden Malé stod under vatn etter katastrofen. Det blir frykta at ei mengd øyar er så øydelagde at dei i praksis er blitt ubuelege.

[endre] Detaljar om Somalia

Fleire landsbyar i Somalia, som ligg så langt som 4.500 km frå jordskjelvet sitt episenter, blei skyld vekk av enorme bølgjer. Det meste av skaden fann stad i området Puntland, ein landsdel som er kontrollert av militiagrupper som ikkje samarbeider med makthavarane i Mogadishu. Særleg Ra sitt Hafun 1.150 km nordaust for Mogadishu blei ramma. Landsbyane Beyla, Garacad, Muduy og Nugaal i Puntland blei øydelagd.

[endre] Detaljar om Sri Lanka

Frå Queen of the Sea-togulykken
Frå Queen of the Sea-togulykken

Omkring 70 % av landets kystar blei ramma, særleg dei vende mot aust, sør eller sørvest. Dei ramma distrikta var, frå nord med klokka til sørvest: Jaffna, Kilinochchi, Mullaittivu, Trincomalee, Batticaloa (alle framfor alt tamilske område); og Ampara, Hambantota, Galle og i nokon grad Kalutara (alle framfor alt singalesiske område). Ein liten del av distriktet Colombo blei også ramma.

Omkring 1,5 millionar er blitt heimlause.

Mange av dei omkomne var barn og gamle. Dei tamilske byane Mullaittivu og Vadamaradchi East blei omtrent utraderte. I Mullaittivu blei ei katolsk kyrkje fylt av truande samla til høgmessa ramma, og ein barneheim med 150 foreldrelause barn blei skylt på havet. Ein av dei døde var ei norsk-tamilsk kvinne frå Bergen som arbeidde på barneheimen. Mellom Colombo og Galle blei et tog med 1.700 passasjerer treft av bølgja – nesten alle omkom.

Kinesiske antipersonellminer av type T-72A, leivningar etter mange års kampar mellom regjeringsstyrkane og separatiststraumdraget blir Tamiltigrene, er frykta å ha blitt ført med straumen rundtomkring i landskapet.

[endre] Detaljar om Thailand

Khao Lak i Thailand
Khao Lak i Thailand

Rundt halvparten av dei omkomne var turistar, resten thailendarar eller gjestearbeidarar frå Myanmar. Dei populære turistmåla Phuket og Phi Phi blei hardt ramma, men eit mindre turistområde 60 km lenger nord, Khao Lak, gjekk det enda verre med. Dei omkomne som thailandske myndigheitene redegjorde for innan årsskiftet, fordelte seg slik mellom dei berørte> provinsane (frå grensa til Myanmar i nord til grensa til Malaysia i sør):

  • 164 i Ranong
  • 3 689 i Phang Nga (med feriestaden Khao Lak)
  • 279 i Phuket
  • 367 i Krabi (med Phi Phi-øyane)
  • 5 i Trang
  • 6 i Satun

Den markante skilnaden mellom Phang Nga (82%) og dei andre fem kystprovinsar (18%) kan delvis forklarast med at Khao Lak nesten berre hadde lave bungalowar nede ved strandsletta, og ikkje så mange fleiretasjes hotell bygd tildels oppover høgdedrag bak stranda. Særleg mange tyskarar og skandinavar ferierte i Khao Lak.

[endre] Norske statsborgarar ramma av katastrofen

84 nordmenn blei etter ei halvt års hardt arbeid identifisert omkome.

[endre] Andre nordiske land som miste innbyggjarar som var utanlands i land rundt Indiahavet

[endre] Andre land som miste eigne statsborgarar som var utanlands i land rundt Indiahavet

Land i Europa:

Land i Afrika

  • Sør-Afrika: Forutan i heimlandet er 14 stadfesta omkome.

Land i Amerika:

Land i Asia:

Land i Oceania:

[endre] Dødstal i historisk samanheng

Sjølv om jordskjelveit var det fjerde kraftigaste verda har opplevt sida 1899, vil dødstallene utgjere ein mindre sum enn dersom noko tilsvarande hadde skjett i meir tettbygde delar av verda. Det jordskjelvet som sida 1899 har kravd flest ofre, var jordskjelvet i Tangshan. Den ramma millionbyen Tangshan i Kina i 1976, og minst 255 000 blei drepe. Ekspertar meiner imidlertid at dette talet er altfor lågt, og at det reelle talet sannsynlegvis er langt høgare (nokre overslag gjekk heilt opp til 650 000).

Før dette var det særleg store jordskjelvet i Ashgabat i Turkmenistan i det dåverande Sovjetunionen (1948, 110 000), jordskjelvet i Qinghai i Kina (1927, 200 000 døde), jordskjelvet i Tokyo i Japan (1923, 143 000 døde) og jordskjelvet i Gansu-provinsen i Kina (1920, 200 000 døydde).

Det mest dødbringende jordskjelvet kjent> i verdshistoria fann stad i 1556 i den kinesiske Shaanxi-provinsen, og skal ha kravd 830 000 menneskeliv.

Ein kjenner imidlertid ikkje til tsunamier som har kravd på langt nær så mange liv som denne. Ein tsunami ved Awa i Japan drap over 100 000 menneske i 1703. I 1782 utløyste eit jordskjelv i Sørkinahavet ein tsunami som kravde 40 000 menneskeliv.

Då vulkanøya Krakatau i sundet mellom Sumatra og Java eksploderte i 1883, utløyste det ein tsunami som sannsynlegvis drap 36 000 menneske.

1900-tallet var den mest dødeleg tsunamien i Morobukten ved Mindanao på Filippinene i 1976; 8000 omkomne.

Den verste tsunamien i Atlanterhavet kravde, vel å merke i kombinasjon med det utløysande jordskjelvet, over 100 000 liv (1755, Lisboa i Portugal).


[endre] Sjå også

[endre] Eksterne lenker>


aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -