Malaysia
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
|
|||||
Nasjonale motto: Malaysisk: Bersekutu Bertambah Mutu (Enhet er styrke) | |||||
Offisielle språk | Malayisk | ||||
Hovudstad | Kuala Lumpur | ||||
Styresett |
Konstitusjonelt monarki Tuanku Syed Sirajuddin Abdullah Ahmad Badawi |
||||
Flatevidd - Totalt - Andel vatn |
329 750 km² (65.) 0,3 % |
||||
Folketal - Estimert (2005) - Folketeljing (—) - Tettleik |
23 953 136 (46.) — 73/km² (97.) |
||||
Sjølvstende - Dato |
Frå Storbritannia 31. august 1957 |
||||
BNP - Totalt (2005) - Per innbyggjar |
289,606 mrd. USD (33.) 11 160 USD (60.) |
||||
Valuta | Ringgit | ||||
Tidssone | UTC +8 | ||||
Nasjonalsong | Negaraku | ||||
Nasjonaldag | 31. august | ||||
Internasjonal telefonkode | +60¹ | ||||
Nasjonale toppdomene | .my | ||||
¹ 020 frå Singapore |
Malaysia er eit land i Søraust-Asia. Det har landegrenser til Thailand og Brunei i nord og Singapore og Indonesia i sør. Hovudstaden Kuala Lumpur ligg nordvest i landet. I hovdustaden Kuala Lumpur ligg verdas høgaste bygning, Petronas Towers. Dei to tårna er 88 etasjer eller 452 meter høge.
Innhaldsliste |
[endre] Historie
I 1948 starta ein geriljakrig som var initiert av kommunistar i den dåverande britiske kolonien Malacka, og kampane heldt på i drygt ti år. Britiske troppar lukkast der å sigre over geriljaen fullstendig militært. Det var fyrste gong i moderne tid dette hende. Ei bidragande årsak til dette var at ein tvangsflytta nær ein halv million menneske frå den kinesiske minoriteten i landet.
Då landet Malaya erklærte sjølvstende i 1957 var det landets namnet på landet Føderasjonen av Melayulandet, ofte kalla Den malaysiske føderasjonen. I 1963 kom territoria Sarawak, Sabah og Singapore til, og landet bytta namn til Malaysia. I 1965 vart Singapore utelukka frå føderasjonen, og etter dette har relasjonane mellom dei to landa vore kjølige.
Sidan 1957 har Malaysia vore ein av medlemsstatane i Det britiske samveldet.
I 1981 vart Mahathir Mohamad statsminister, han heldt posten i 22 år fram til 2003, då Abdullah Ahmad Badawi overtok posten. Mohamad heldt landet i eit jerngrep. Etterfølgjaren hans har styrt landet på eit meir diplomatisk sett, og internasjonale kommentatorar har hyll moderniseringa hans av næringslivet i landet. Likevel er det framleis svært avgrensa pressefridom i landet.
[endre] Politikk
Malaysia er bygt opp av 13 delstatar, og av dei er 9 sultanat. I tillegg er 3 forbundsterritorie (Kuala Lumpur, det nye regjeringssetet Putrajaya og øya Labuan). Delstatane Sabah, Sarawak, Penang (inkludert øya Penang) og Malakka vert forvalta av guvernørar som er utnemnde av sentralregjeringa.
Statsforma er konstitusjonelt monarki. Kongen ver valt frå rekkja av herskarar av dei 9 sultanata kvart femte år.
Statsoverhovud for tida er Mizan Zainal Abidin. Statsminister er Abdullah Ahmad Badawi. Parlamentet heiter Dewan Rakyat og har 219 medlemmer som er valde for fem år om gongen, samt regjeringa som er kalla Dewan Negara med 70 medlemmer. Det siste valet fann stad 21. mars 2004.
[endre] Demografi
På grunn av den sentrale geografiske plasseringa på langs sjøhandelsvegen i Søraust-Asia, og tida som britisk koloni, er ein stor del av innbyggjarane i Malaysia av tamilsk eller kinesisk opphav. Dette har farga historia, samfunnet, kjøkkenet og kulturlivet i landet. Urbefolkninga blir kalla orang asli ('opphavlege menneske') på malaysisk.
[endre] Religion
Malayar (dvs. malay-malaysiarane, til forskjell frå tamilar og dei andre folkegruppene) er per definisjon muslimar. Størsteparten av tamilane er hinduar og størsteparten av kinesarane er buddhistar, men der er òg grupperingar som er kristne.
[endre] Språk
Malaysisk (Bahasa Malaysia, bahasa tyder 'språk') er svært likt indonesisk. Tamilane snakkar i tillegg tamil og kinesarane for det meste kantonesisk, hokkien, hakka eller mandarin. Urbefolkninga er heterogen og snakkar fleire ulike språk.
[endre] Økonomi
Malaysia produserer bilen Proton.
[endre] Klima
Landet har eit tropisk klima som endrar seg lite igjennom året. Temperaturane held seg stort sett rundt 30-32 ºC midt på dagen og rundt 22-25 ºC om natta, men temperaturen minkar om lag 6 ºC for kvar 1000 m i høgda. Nedbøren er stort sett jamt for delt gjennom året, men med ei lita auke i overgangsperiodane til monsunen i april-mai og oktober-november. I det store og heile kjem det ei regn- eller torebyge om lag annakvar dag. Unntaka er dei områda som møter vintermonsunen front mot front, som nordaustkysten av den malaysiske halvøya og nordlege og austlege delar av Borneo. Her kan ein få store nedbørsmengder (over 600 mm i månaden) frå november til tidleg på våren, og den årlege nedbørsnormalen er rundt 4000 mm.
[endre] På verdsveven
Søraust-Asia |
Kambodsja | Laos | Malaysia | Myanmar |