Hjarte
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
- For hjarte i samband med kortspel sjå kortfarge
Eit hjarte (latin cor, fleirtal cordis) er eit holt muskulært organ som pumpar blod eller andre kroppsvæsker gjennom kroppen ved å gjennomføra stadige rytmiske samantrekningar. Det finst kretsløpssystem utan hjarte (t.d. hos leddormar), med eit hjarte (t.d. hos kjevemunnar) og med fleire hjarte (t.d. hos slimålar). Hos dyr som har lukka kretsløpssystem (t.d. virveldyr) pumpar hjartet blod gjennom blodårar, medan det syter for at all kroppsvæske strøymer gjennom heile kroppen hos dyr som har ope kretsløpssystem (t.d. leddyr).
Innhaldsliste |
[endre] Menneskehjarte
[endre] Struktur
Hos menneske ligg hjartet til vanleg noko til venstre for midten av brystkassa (toraks), under brystbeinet (sternum). Det ligg i ein sekk kalla hjarteposen (perikard), klemt inne mellom høgre og venstre lunge. Hjartet kviler mot mellomgolvet (diafragma). Hjartet har ein spiss, apeks, denne er normalt vend mot venstre. Hos barn ligg denne spissen høgt, hjartet ligg vassrett, hos vaksne er spissen retta meir nedover.
Hjartet har fire holrom eller kammer: Eitt venstre og eitt høgre forkammer (atrium) øvst og eitt venstre og eitt høgre hjartekammer (ventrikkel) nedst. Ein skiljevegg (septum) skil høgre- og venstresida av hjartet frå kvarandre. Venstre hjartekammer ligg til dels under og bak høgre hjartekammer. Det har fasong som ein sylinder med ein spiss ende, og tjukke vegger. Høgre hjartekammer har ein trekanta fasong og er falda halvegs rundt det venstre. Det har tynnare vegger, medan forkammera har enno tynnare vegger.
[endre] Blodstraumen gjennom hjartet
Høgre hjartekammer pumpar blod til lungene, venstre hjartekammer pumpar til resten av kroppen. Klaffar mellom forkammer og hjartekammer syter for at blodstraumen berre går ein veg. Det er klaffar også ved utløpa frå hjartekammera.
Frå kroppen kjem blod med lågt oksygeninnhald inn til høgre forkammer frå dei to store venene. Øvre holvene (Vena cava superior) tømmer armar, overkropp og hovud, nedre holvene (Vena cava inferior) tømmer resten av kroppen. Frå høgre forkammer går blodet gjennom trikuspidalklaffen til høgre hjartekammer. Derfrå renn det gjennom pulmonalklaffen og ut i lungekretsløpet (også kalla det litle kretsløpet eller pulmonalkretsløpet). Her får blodet tilført oksygen frå lungene, motsett veg luftar kroppen ut karbondioksid. Det oksygenerte blodet kjem så attende til hjartet i venstre forkammer gjennom lungevenene. Blodet renn ned i venstre hjartekammer gjennom mitralklaffen, for så å bli pumpa ut gjennom aortaklaffen og ut i den store livpulsåra (aorta).
Hjartemuskelen si eiga blodforsyning kjem frå høgre og venstre kranspulsåre (koronararterie), som går av frå livpulsåra straks etter hjartet. Dette blodet kjem attende til høgre forkammer gjennon koronarsinus (Sinus coronarius).
[endre] Hjartemuskelen
At hjartet kan trekkje seg saman kjem av at veggene er bygde av muskelcellar som kan arbeida utan stans og utan å bli slitne ut. Denne typen muskelcellar finst berre i hjartet. Veggane har tre lag. Epikard er det fyrste eller ytterste og er danna av flate epitel-celler og bindevev. Under dette ligg myokard, den eigentlege muskelen. Endokard er enno eit lag av flate epitel-celler og bindevev, inn mot hjartekammera.
Venstre hjartekammer har meir muskelmasse enn høgre av di han pumpar mot ein høgre motstand, alle kroppens blodårer utanfor lungene. Motstanden i lungekretsløpet som høgre hjartekammer forsyner er mykje mindre.
[endre] Hjartesyklusen
Hjartet si oppgåve er å pumpe blod rundt i kroppen. Kvart hjarteslag er ei rekkje med hendingar som tilsaman blir kalla hjartesykelen. Kvar sykel har tre hovudtrinn: Forkammersystole, hjartekammersystole og hjartets diastole. Under systolen trekkjer forkammera seg saman og pressar blod inn i hjartekammera. Når samantrekninga stoggar og forkammera slappar av, søkk trykket i forkammera og blir lågare enn i hjartekammera. Då prøver blodet å renna attende, og trikuspidal- og mitralklaffane lukkar seg. Det er lukkinga av klaffane som lagar den kjende lyden av hjartet som slår.
Hjartekammeras systole er òg ein samantrekning som driv blodet ut, i dette tilfellet til kretsløpssystemet. Også her lukkar klaffane ut, aorta- og pulmonalklaffen, når pumpekammera utvidar seg.
Til slutt blir hjartet fylt på nytt når kammera utvidar seg. Dette blir kalla diastole og startar noko tidlegare i forkammera enn i pumpekammera. Diastolen i hjartekammera fell grovt sett saman med systolen i foorkammera.
[endre] Regulering av hjartesyklusen
Hjartemuskelen er myogen, det tyder at han sjølv kan stimulera seg til samantrekning. Han er den einaste muskelen i menneskekroppen som kan det, i motsetnad til musklane i skjelettet som treng stimulering frå nervar for å trekkje seg saman. Samantrekningane i hjartet startar spontant, sjølv om nerveimpulsar eller hormonpåverknad kan påverka hjartefrekvensen (upresist kalla "pulsen" på folkemunne), til dømes ved fysisk slit eller fare.
Rytmen i samantrekningane vert styrt frå sinusknuten. Sinusknuten, også kjend som hjartet sin pacemaker, ligg i øvre vegg i høgre forkammer og skapar ein elektrisk impuls som stimulerer forkammera til å trekkja seg saman (sjå aksjonspotensial). Når den elektriske impulsen når atrioventrikulærknuten (AV-knuten), som ligg øvst i veggen mellom hjartekammera, i overgangen mellom forkammer og hjartekammer, vert han leia ned i His-bunten og fører til samantrekning av hjartekammera. Tida det tek for impulsen å nå fram til denne knuten frå sinusknuten skaper eit opphald mellom samantrekningane i dei to kammera, og sikrar at kvar samantrekning skjer samstundes i dei to forkammera og ein augneblink seinare i dei to hjartekammera.
[endre] Frekvens
Kor ofte hjartet trekkjer seg saman varierer. Hos ein nyfødt unge er alt mellom 80 og 180 samantrekningar i minuttet normalt. Normal kvilefrekvens hos ein vaksen er 50-70, ved hardt arbeide kan frekvensen auke til 200. Samstundes kan slagvolumet auke, så medan hjartet hos ein vaksen pumpar om lag fem liter i minuttet i kvile kan dette auke til over 25 liter i høg aktivitet.
Det er tre mekanismar som styrer hjartefrekvensen med å verke på sinusknuten:
- Auke frekvensen
- Sympatisk innervering (truncus sympaticus)
- Hormonell sympatisk stimulus (adrenalin og noradrenalin)
- Minske frekvensen
- Parasympatisk innervering (nervus vagus)
Dersom sinusknuten mistar evna til å styre hjartefrekvensen, kan AV-knuten overta. Den naturlege frekvensen her ligg lågare enn frekvensen i sinusknuten. His-bunten og purkinjefibrane kan også overta som pacemaker. Men her er frekvensen endå lågare enn i AV-knuten.
[endre] Undersøkingar av hjartet
- Blodprøvar
- Elektrokardiografi (EKG) er elektrisk registrering av hjartets aktivitet.
- Ekkokardiografi er ultralydgransking av hjartet.
- Hjartekateterisering (angiografi)
- Computertomografi (CT)
- Magnetresonanstomografi (MR)
- Myokardscintigrafi er undersøking av blodsirkulasjonen i hjartemuskelen gjennom innsprøyting av radioaktive isotopar.
[endre] Hjartesjukdommar
Kardiologi er den greinspesialiteten innfor medisinen som ser på hjartesjukdommane. I daglegtale snakkar ein ofte også om barnekardiologi som eigen greinspesialitet. Det er det ikkje, og både kardiologar og barnelækjarar steller med hjartesjukdommar hos barn. I mellom dei viktigaste hjartesjukdommane er:
- Koronarsjukdom, er kjenneteikna med at hjartemuskelen ikkje får nok oksygen. Då kan ein få kraftig smerte og bli særs uvel, dette er kjent som angina pectoris.
- Hjarteinfarkt, skjer når muskelceller døyr av di delar av hjartet manglar blodforsyning.
- Hjartesvikt, ei gradvis forverring i hjartet sin pumpefunksjon.
- Endokarditt og myokarditt, er betennelsar i hjartet.
- Arytmi, som er forstyrringar i hjarterytmen.
- Medfødde hjartefeil.
[endre] Førstehjelp
- Sjå hjartestans for naudstilfelle
Dersom eit menneske har hjartestans (ikkje følbare hjarteslag), bør ein straks starta hjarte-lungeredning (munn-til-munn og hjartemassasje).
[endre] Hjartet hos andre virveldyr
[endre] Fiskehjartet
Virveldyra sin siste felles stamart hadde allereie eit lukka kretsløpsystem med hjarte. Hjartet var her eit langstrakt organ som hadde fleire holrom etter kvarandre:
- Venesekk (Sinus venosus) til å samle opp kroppen sitt oksygenfattige blod,
- Forkammer (atrium) med klaffar,
- Hjartekammer (ventrikkel) med klaffar og
- Hjartekonus (Truncus arteriosus).
Slik er det framleis hos slimålar og niauge. Venesekk og hjartekonus deler virveldyra også med lansettfiskane.
Slimålar har i tillegg såkalla aksessoriske hjarter, «hjelpehjarter», på tre skilde stader i kroppen: Eitt par i halen, eitt par i hovudet, og eitt enkelt hjarte i leverportåra. Desse hjelper med å pumpe det venøse blodet attende til «hovudhjartet».
Hjartet pumpar det oksygenfattige blodet til gjellene. Etter tilførsel av oksygen går blodet til heile kroppen.
I stamarten til kjevemunnane fekk hjartet ei s-form, ved at venesekken og forkammeret ligg oppå pumpekammeret og hjartekonen, slik at blodet strøymer «baklengs» mellom for- og hjartekammer. Slik er det hos dei aller fleste fiskeartane.
[endre] Virveldyr på land
Kjevemunnane sitt hjarte blei utvikla vidare i stamarten til dei virveldyra som lever på land. Det var her det andre forkammeret kom til. Eit slikt hjarte med to forkammer og eit hjartekammer finst framleis hos amfibiane.
Hjartet pumpar her blanda blod. Det eine forkammeret tek i mot oksygenfattig blod frå kroppen og det andre forkammeret oksygenrikt blod frå lungene. Blodet frå begge forkammera blir blanda i hjartekammeret.
Dei andre virveldyra på land har ikkje berre to forkammer, men òg to hjartekammer. Delinga av hjartekammeret skjedde altså i stamarten til amiondyr, men skiljeveggen var ikkje fullstendig. Dette fører med seg at venøst og arterielt blod blir blanda i hjartet. Samtidig med delinga av hjartekammeret vart hjartekrona delt i tre; éin del dannar overgangen til lungearterien, ein annan til den venstre aortaen og den siste til høgre aortaen. Denne tilstanden finn vi i dag hos bruøgla, skjelpadder og skjelkrypdyr.
Skiljeveggen i hjartet vart fullstendig lukka to gonger uavhengig av kvarandre innanfor amniondyra: Den eine gongen var i den felles stamarten for krokodillar og fuglar, og den andre gongen var i stamarten åt pattedyra. Dermed blei det i begge desse falla lagt til rette for eit fullstendig skilje mellom venøst og arterielt blod. I både fuglar og pattedyr har dessutan den eine av livpulsårene gått tapt. Men mens fuglar berre har bevart den høgre livpulsåra, er det i pattedyra den venstre livpulsåra som er bevart.
[endre] Hjarterytmen
Mindre dyr har høgare hjarterytme enn større dyr. Likeeins har yngre snøggare hjarterytme enn eldre innanfor same art. Døme på hjartefrekvens (i slag per minutt):
- Gråkval: 9
- Sel: 10 når han dykkar og 140 når han er på land
- Elefant: 25
- Menneske: 70 (vaksne), 100–110 (småbarn), 140–150 (menneskefoster).
- Sporv: 500
Andre pattedyr lever stort sett i 1 milliard hjarteslag, medan mennesket lever i 2–3 milliardar slag.
[endre] Hjarte hos virvellause dyr
Hjarte finst ikkje berre hos virveldyr og lansettfiskar. Ein finn også hjarte hos armføtingar, blautdyr, kappedyr og leddyr. Hos enteropneustar, foronidar, pigghudingar, pterobrankiar og slimormar finst hjarteliknande strukturar. Desse vert kalla ampullar eller lakuner, fordi dei først og fremst fungerer som blodreservoar, ikkje som blodpumper. Likevel vert dei også av og til omtala som hjarte. Hos leddormar overtek heile ryggåra hjartefunksjonen, ved at ho gjennom samantrekningar driv blodet gjennom det lukka sirkulasjonssystemet.
Ein er ikkje viss på kor ofte hjarte har oppstått uavhengig i dyra sine stamtre. Men i og med at det mest truleg ikkje fanst noko hjarte i den siste sams stamarten for t.d. virvel- og blautdyr, må hjarte ha oppstått minst to gonger uavhengig av kvarandre.
I opne sirkulasjonssystem vert blodet kalla hemolymfe. Her er det strengt teke ikkje snakk om blod i eigentleg forstand, men ei kroppsvæske med mange ulike bestanddelar.
[endre] Blautdyrhjartet
Hos blautdyr består hjartet av eit hjartekammer og eit varierande tal forkammer. Talet på forkammer samsvarar med talet på gjellene, slik at det finst grupper med eit, to eller fire forkammer. Vener transporterer hemolymfen frå gjellene til hjartet, og to arterier fordeler så denne oksygenrike hemolymfen i kroppen. Utover dette finst det ikkje årer, dvs. at sirkulasjonssystemet er ope.
[endre] Leddyrhjartet
Hos leddyr er hjartet eit nokså langt organ som strekkjer seg over fleire segment. Sirkulasjonssystemet er ope; vener manglar fullstendig. I staden for gjennom vener entrar blodet gjennom «sprekker» i hjartet, såkalla ostier. Det finst eit par ostier per kroppssegment. Hjartet pumpar så hemolymfen gjennom arterier til dei ulike kroppsregionane, der årene sluttar. Hemolymfen vert oksygenisert før han kjem til hjartet. Hjartet pumpar altså arterielt «blod».
[endre] Våre nærmaste virvellause slektningar
Virveldyr vert samanfatta med lansettfiskar og kappedyr til ryggstrengdyr. Lansettfiskane har, som nemnt over, eit hjarte som tydeleg liknar på vårt. Også kappedyr har eit hjarte, men dette er ikkje delt i ulike avsnitt. Dessuten har kappedyra sitt hjarte ein unik eigenskap blant dyr: Det kan endra retninga av blodomløpet! Kappedyr vekslar mellom å pumpa blod frå tarmen til gjellene (som hos andre ryggstrengdyr) eller frå gjellene til tarmen. (Dei same årene fungerer dermed både som arterier og vener, avhengig av retninga til blodomløpet.)
Ryggstrengdyr vert i sin tur samanfatta med enteropneustar, pigghuder og pterobrankiar til deuterostomiar. Hos enteropneustar, pterobrankiar og nokre pigghudar (m.a. sjøpiggsvin og sjøstjerner) finn ein blæreaktige utvidingar av blodårer, som har hjartelignende funksjon. Desse kan trekkja seg saman og dermed transportera blod i kroppen. Det er likevel usikkert om desse organa er homologe med kvarandre og/eller med ryggstrengdyra sine hjarte. Hos pigghuder (der organet heiter «dorsalblære») finst det t.d. ikkje noko sirkulasjonssystem i eigentlig tyding, men eit «hemalsystem» med årer som sluttar blindt. Derfor er det tvilsamt og framleis uavklart om desse systema i det heile teke kan samanliknast med vårt sirkulasjonsorgan og hjarte.
[endre] Hjartet i kulturen
Hjartet er blodfylt og gjev frå seg puls ein kan kjenna gjennom huda til eit levande menneske. Sterke kjensler gjer at det går fortare og er meir tydeleg til stades for eigaren. Det er ikkje så rart at det i mange kulturar har vore sett på som bustaden for sjela, sinnet og kjenslene. Ein finn døme på dette mellom anna i Bibelen, i læra til Aristoteles og hos stoikarane. Leveren har òg vore brukt som eit liknande symbol, medan det i dag er hjernen som blir rekna som det viktigaste organet for personlegdom. Hjartet er mest brukt som eit symbol på kjærleik.
[endre] Hjarteform
Hjartet er mykje brukt som symbol, særleg med den stiliserte hjarteforma ♥. Det er ikkje kjend kvar denne forma kjem frå. Teoriar spenner frå det sumeriske kileskriftsymbolet for 'kvinne', som hadde ein liknande fasong, til frøa frå Silphium-planten, som hadde samband med kjærleik og sex i og med at han blei brukt til prevensjon og abortframkalling. Bilete av dei hjarteforma frøa blei prega på myntar i den antikke byen Kyrene. Andre forklaringar har peikt på likskapar med ulike (seksuelle) delar av kvinnekroppen, men ein kan ikkje sjå heilt bort frå at symbolet ganske enkelt viser til utsjånaden på det ekte hjartet.
Ein finn stiliserte hjarter som kortfarge på spelkort og som pynt og symbol ei rekke stader, til dømes på klede, sukkertøy og på kjærleiksbrev og -kort. Det blir brukt som ideogram for «elsker», til dømes i utsegna «I ♥ New York». I nyare tid har ein òg teke i bruk meir anatomiske hjarte som symbol på slike kjensler.
[endre] Språk
Ein kan fortsatt snakka om hjartet når ein meiner kjensler, som å bli «varm rundt hjarterøtene». Å «ha hjartet på rette staden» eller vera «godhjarta» tyder at ein er snill og god, medan å ha eit «hjarte av stein» tyder at ein ikkje har miskunn.
Ein finn òg att hjartet i uttrykk som viser til sentrum eller den viktigaste delen av noko, til dømes «hjartet av byen» eller «Folkestad er sjølve hjartet i Volda kommune». Denne bruken kan minna om den biletlege bruken av navle.
[endre] Religion
Hjartet har spelt fleire roller i ulike religionar. I egyptisk mytologi blei hjartet til avdøde vegde mot fjøra til Ma'at i dødsriket Duat. Hjarte som blei funne for lette blei etne opp av monsteret Ammit, medan dei andre fekk koma til Osiris i Aaru.
I Aztekarriket og andre førkolumbiske mesoamerikanske kulturar var hjartet ofte ein viktig del av menneskeofring. I mange rituale skar ein ut hjartet medan offeret endå levde og tilbaud det til gudane, til dømes ved å kasta det på elden.
Innan kristendommen, særleg katolisismen, er hjartet eit symbol på guddomeleg kjærleik for menneskja. Det heilage hjartet til Jesus (og av og til også Jomfru Maria) blir minna med Jesu hjartefest i den katolske kyrkja, og Jesus blir ofte framstilt med eit tydeleg hjarte utanpå bringa.
I hinduismen finn ein framstillingar av guden Hanuman som held open bringa si slik at ein kan sjå hjartet hans, der ein finn Rama (og i nokre versjonar også Sita). Dette biletet kjem frå ei soge om at Hanuman viste fram hjartet sitt for å visa kor trugen han var til den høgare guden Rama.
[endre] Kjelder
|
---|
Blod | Hjarte → Livpulsåre → Pulsåre → Kapillær → Vene → Holvene → Hjarte → Lungepulsåre → Lungene → Lungevene → Hjarte |