Kvinne
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kvinne er det me vanlegvis kallar vaksne menneske av hokjønn, til skilje frå menn, som er av hannkjønn, og jenter, som ikkje er vaksne.
[endre] Ordsoge
Ordet «kvinne» kjem frå norrønt kvinna, kvenna og har samband med det engelske «queen», 'dronning'. Det finst mange synonym for kvinner, til dømes dame, kjerring, kone og kvinnfolk.
Ord som viser til ei kvinne med ein særskild status er frøken, frue/kone og enke.