Niauge
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Niauge |
||
Systematikk | ||
Rekkje: | Chordata | |
Underrekkje: | Vertebrata | |
Klasse: | Cephalaspidomorphi | |
Orden: | Petromyzontiformes |
Niaugene er ei gruppe kjevelause fisk som vert kjenneteikna av manglande kjever og sju karakteristiske gjelleopningar på kvar side. På verdsbasis er det registrert om lag 40 artar, i Noreg førekjem 4 av dei.
Innhaldsliste |
[endre] Skildring
Niaugene er små fisk som liknar ålar ved å ha runde, avlange kroppar utan andre finner enn på ryggen og halen. Dei største artane vert nesten halvannan meter lange, medan dei minste er ein tiandedel så store. Niauga skil seg frå slimålen ved dei sju gjelleopningane ho har på kvar side av kroppen. Desse har gjeve opphav til namnet, då dei saman med nasebora og augo gjev dyret ni laterale kroppsopningar ("augo") på kvar side.
[endre] Utbreiing
Niauga trivast best i kaldt eller temperert vatn, og finst praktisk talt ikkje i tropane. Det er særleg larvane som er vare overfor høge temperaturar, då dei døyr om det vert særleg varmare enn 28-30 gradar celcius. Derimot er dei ganske hardføre i høve til saltinnhald; ein treff på niauger overalt frå ferskvatn til det særs salte Kaspihavet. Nokre artar er anadrome (vandrar mellom ferskvatn og saltvatn) og andre er stasjonære i ferskvatn.
I Noreg førekjem fire artar niauge, som alle høyrer til i niaugefamilien Petromyzontidae: Havniauge, bekkeniauge, elveniauge og arktisk niauge.
[endre] Formeiring
Niauger gyter i ferskvatn på stadar med stabil oksygentilstrøyming. Talet på egg ligg mellom 1000 og 300000 avhengig av art, og dei fleste legg dei i eigne gytegroper. Alle dei vaksne individa døyr kort tid etter gytinga.