Bekkeniauge
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bekkeniauge |
||
Systematikk | ||
Rekkje: | Chordata | |
Underrekkje: | Vertebrata | |
overklasse: | Agnatha | |
Klasse: | Cephalaspidomorphi | |
Orden: | Petromyzontiformes | |
Familie: | Petromyzontidae | |
Slekt: | Lampetra | |
Art: | L. planeri | |
Vitskapleg namn | ||
Lampetra planeri
Bloch, 1784
|
Bekkeniauge er ein kjevelaus fisk i niaugefamilien. Det er den einaste reine ferskvassarten niauga i norske farvatn, og er elles utbreidd i mesteparten av vest-Europa frå den franske middelhavskysten i sør til Finland i nord.
[endre] Kjenneteikn
Bekkeniauga er som vaksen rundt 20 cm lang og har kontakt mellom dei to ryggfinnene. Ho er blågrøn på ryggen med gule sider og kvit buk, og skil seg frå elveniauge med å mangla mørke prikkar på buken. Bakerst på sugeskiva har ho 7-10 spisse tenner.
[endre] Levesett
Bekkeniauga lever heile livet i ferskvatn, og føretek få eller ingen vandringar. Larvane driv stundom noko med straumen før dei botnslår og lever filtrerande av mikroalgar og detritus. Dei lever nedgrevne i elvebotnen i 3-7 år, før dei vert kjønnsmogne.
Dei vaksne individa kjem opp or botnen og sym oppstrøms til gyteplassen om natta seint på våren. Gytegropa vert greven på sand- eller grusbotn på grunt vatn i rennande vatn (0,2-3 m vassføring i sekundet), og dei gyter i grupper på 2-30 individ. Som oftast vert egga til ei ho befrukta av 2-3 hannar. Alle døyr etter gytinga. Egga klekkar etter ei knapp veke.
[endre] Kjelder
- Jonsson, Bror: «Niøyer» i Norges dyr - fiskene 1 Cappelen 1992
- FishBase