Arktisk niauge
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Arktisk niauge |
||
Systematikk | ||
Rekkje: | Chordata | |
Underrekkje: | Vertebrata | |
overklasse: | Agnatha | |
Klasse: | Cephalaspidomorphi | |
Orden: | Petromyzontiformes | |
Familie: | Petromyzontidae | |
Slekt: | Letheron | |
Art: | L. japonicum | |
Vitskapleg namn | ||
Letheron japonicum
von Martens, 1868
|
Arktisk niauge er ein arktisk niaugeart som lever anadromt langs kysten av Nordishavet frå Kolahalvøya til Japan. I Noreg er arten truleg registrert i Pasvikelva, utan at det finst sikre data.
[endre] Kjenneteikn
Arktisk niauge er brungrå med mørk marmorering og flekkar på oversidan. Han er 18-63 cm lang, med dei største individa i austlege bestandar. Unge individ har to ryggfinner, men desse veks saman når fisken vert eldre.
[endre] Levesett
Arktisk niauge finst både i ferskvasstasjonære og anadrome bestandar. Dei vaksne lever helst nær elveos på grunt vatn ned til 50 m. Dei er ektoparasittar på dei fleste fisk av nokonlunde storleik, mellom anna laksefisk, flyndre, torsk og sild. Larvane lever av detritus og planteplankton.
Gytinga skjer på seinsommaren på grusbotn i sakteflytande (0,6-0,8 m vassføring i sekundet) elvar på grunt vatn ned til 20 cm. Frå 2 til 8 individ gyter i lag, og begge kjønn er med på å grava gytegropa. Hoene gyter med fleire hannar kvar, på ulike tidspunkt. Båe kjønn vaktar egga i dagevis, til dei døyr. Larvane ligg nedgravne i om lag 4 år.
[endre] Lenkjer
- Jonsson, Bror: «Niøyer» i Norges dyr - Fiskene 1 Cappelen 1992
- FishBase
- Artsdatabanken om arktisk niauge i Noreg