Havniauge
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Havniauge |
||
Systematikk | ||
Rekkje: | Chordata | |
Underrekkje: | Vertebrata | |
Klasse: | Cephalaspidomorphi | |
Orden: | Petromyzontiformes | |
Familie: | Petromyzontidae | |
Slekt: | Petromyzon | |
Art: | P. marinus | |
Vitskapleg namn | ||
Petromyzon marinus |
Havniauge (Petromyzon marinus) er ei niaugeart som lever anadromt ved båe Atlanterhavskystane og i Middelhavet. Arten er den største europeiske niaugearten, og kan bli heile 120 cm lang med ei vekt på 2,5 kg. Han lever parasittisk på beinfisk og har vore nær ved å utrydda mange økonomisk viktige fiskeslag i Canada og USA.
[endre] Kjenneteikn
Som andre niauger manglar havniauga para finner. Ho har derimot to ryggfinner, den andre er vekst saman med halefinna. Huda er marmorert i brunoliven til svart over ein bakgrunn av gult til mørkt brun, og vert mørkare med åra. Dei unge er ofte einsfarga blågrøne på oversida.
Forkroppen til havniauge er sylindrisk, medan bakkroppen er meir flattrykt.
[endre] Levesett
Havniauga lever i havet, som regel ganske kystnært. Eldre individ dreg lenger til havs enn dei yngre. Her lever dei på mellom anna torsk, hyse, laksefisk og kval, som dei syg blod og kroppsvæske frå med ein rund sugemunn full av horntenner.
Dei gyter i ferskvatn i april-juni på grus- og steinbotn frå djupner frå 40 cm og ned. Hannen er territorial og forsvarar ei gytegrop han har greve sjølv. Arten er monogam og døyr etter paring. Larvane vert klekt etter om lag to veker, og lever nedgrevne i elvebotnen i 6-8 år før dei vert forvandla til vaksne og vandrar ut i havet.
[endre] Kjelder
Jonsson, Nina: «Niøyer» i Norges dyr - Fiskene 1 Cappelen 1992 FishBase