See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Holvene - Wikipedia

Holvene

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Hjartet og dei store årene. Venene er farga blåe, nedre holvene går inn i høgre forkammer nedanfrå og baktil. Øvst kjem dei to venae anonymae og går saman i den stutte øvre holvene.
Hjartet og dei store årene. Venene er farga blåe, nedre holvene går inn i høgre forkammer nedanfrå og baktil. Øvst kjem dei to venae anonymae og går saman i den stutte øvre holvene.

Dei øvre og nedre holvenene (latin vena cava superior og inferior) er to store vener som tømmer blod frå det store kretsløpet i hjartet hos mennesket. Dei tømmer seg i høgre forkammer. Av det deoksygenerte blodet som returnerar til hjartet er berre blodet frå koronarkretsløpet som går utanom holvenene.

[endre] Øvre holvene

Øvre holvene blir danna av dei to venae anonymae som går saman i den stutte øvre holvena. I tillegg kjem vena azygos inn rett før holvena går inn i høgre forkammer ovantil.

Ein anatomisk variant er ein persisterande venstresidig øvre holvene som tømmer seg i høgre forkammer via koronarsinus. Dette er ein rest frå fostertida og er til stades hos om lag 3 promille av befolkinga. Tilstanden er ikkje fårleg. Som regel, men ikkje altid, er då venstresidig vena anonyma ikkje til stades.

[endre] Nedre holvene

Dei store venene, hjartet er fjerna. Venene er farga blåe, det er tydeleg korleis nedre holvene er ei lang åre og tek i mot blod m.a. frå nyrene, og korleis ho går side om side med livpulsåra og ryggraden. Øvst kjem dei to venae anonymae og går saman i den stutte øvre holvene.
Dei store venene, hjartet er fjerna. Venene er farga blåe, det er tydeleg korleis nedre holvene er ei lang åre og tek i mot blod m.a. frå nyrene, og korleis ho går side om side med livpulsåra og ryggraden. Øvst kjem dei to venae anonymae og går saman i den stutte øvre holvene.

Nedre holvene ligg bak bukhinna (lat. peritoneum) på høgre side av ryggraden. Ho tek i mot blod frå beina, bekkenområdet, levra (og gjennom ho tarmane) og nyrane. Ho kjem inn i hjartet i høgre forkammer nedanfrå og baktil. Der ligg ein kraftig fold, valvula Eustachi, og styrer blodstraumen mot forkammerskiljeveggen. Dette har ein viktig funksjon i fosterkretsløpet.

[endre] Vena azygos

Vena azygos drenerar blod frå området mellom ribbeina og nokre andre område. Ho er knytt både til nedre og øvre holvene.


aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -