Forkammer
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Forkammer (latin atrium) er ein struktur i hjartet. Det er eit kammer med tynne veggar som tek i mot blod som kjem til hjartet. Blodet går fra forkammeret til hjartekammeret som pumpar det ut i kroppen. Alle dyr med eit lukka kretsløpssystem har minst eitt forkammer og eitt hjartekammer. Medan fisk har eit forkammer og eitt hjartekammer, har andre virveldyr to forkammer, og eitt eller to hjartekammer.
[endre] Menneskehjartet
Menneskehjartet har fire kammer. Høgre forkammer tek i mot blod med lågt oksygeninnhald frå øvre og nedre holvene og koronarsinus. Stundom kjem det også vener frå levra rett inn i høgre forkammer. Frå dette forkammeret går blodet gjennom trikuspidalklaffen til høgre hjartekammer, som pumpar blod til lungene. Venstre forkammer tek i mot blod med høgt oksygeninnhald frå lungevenene. Frå dette forkammeret går blodet gjennom mitralklaffen til venstre hjartekammer som pumpar blod ut i kroppen (unnateke lungane).
Hos fosteret er det ei direkte forbinding mellom forkammera, gjennom klaffen foramen ovale.
Denne anatomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over anatomispirer. |
hei