Bindevev
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bindevev, også kalla støttevev, knyt saman, støtter og verner dei indre delane av kroppen. Bindevev er rik på mellomcellesubstans, men inneheld relativt få celler samanlikna med epitel. Typecellene er fibroblastar.
Det finst fleire ulike typar bindevev:
- Embryonalt bindevev eller mesenchymvev
- Tett bindevev
- Laust bindevev
- Retikulært bindevev
- Kvit feittvev
- Brunt feittvev
- Blodvev
- Beinvev
- Bruskvev
Fibertyper:
- Kollagen
- Retikulære fiber
- Elastiske fiber