See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Bolivia - Wikipedia

Bolivia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

[endre]
República de Bolivia
Det bolivianske flagget Det bolivianske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonale motto: Firme y Feliz por la Unión
Geografisk plassering av Bolivia
Offisielle språk Spansk, quechua, aymara
Hovudstad La Paz, Sucre1
Styresett
Republikk
Evo Morales
Flatevidd
 - Totalt
 - Andel vatn
 
1 098 580 km² (28.)
1,4 %
Folketal
 - Estimert (2005)
 - Folketeljing (—)
 - Tettleik
 
8 857 870 (86.)

8/km² (179.)
Sjølvstende
Frå Spania
6. august 1825
BNP
  - Totalt (2005)
  - Per innbyggjar
 
25 892 mill. USD (101.)
3 049 USD (121.)
Valuta Boliviano
Tidssone UTC -4
Nasjonalsong «Bolivianos, el hado propicio»
Nasjonaldag 6. august
Internasjonal telefonkode +591
Nasjonale toppdomene .bo

1 Regjeringa held til i La Paz, Sucre er den formelle hovudstaden

Bolivia er ein republikk i Sør-Amerika som grensar mot Chile, Peru, Brasil, Paraguay og Argentina.

Hovudstaden er Sucre, men dei største byane er Santa Cruz og Cochabamba.

Innhaldsliste

[endre] Historie

Det har budd folk i Andesregionen i om lag 20 000 år. Rundt 1450 vart det som i dag er Bolivia ein del av inkariket. Inkaene kontrollerte området fram til 1533, då Spania hærtok og koloniserte området. Landet fekk sjølvstyre i 1825, og ein valde å kalla opp landet etter fridomshelten Simón Bolívar. Sidan då har nesten 200 militærkupp og motkupp prega landet si historie. Landet mista tilgangen til kysten under Stillehavskrigen rundt 1880. Eit demokratisk styre vart etablert i 1982, men landet har store problem med utbreidd fattigdom, sosial uro og narkotikaproduksjon. Etter at president Sánchez de Lozada flykta frå landet i 2003, vart visepresidenten, Carlos Mesa sett inn som ny president i Bolivia. Etter mykje uro trakk Mesa seg, og Eduardo Rodríguez Veltzé vart sett inn som interimpresident 9. juni 2005. Evo Morales overtok embetet 21. januar 2006 etter valsigeren i desember.

[endre] Geografi

[endre] Natur

I vest strekkjer Bolivia seg inn i Andesfjella, der Nevado Sajama er det høgaste fjellet, med sine 6 542 m. Dei sentrale delane av landet ligg på høgfjellsplatået Altiplano, der mesteparten av folket bur.

Dei austre delane av landet er eit lavlandsområde som er dekt av regnskog. Her ligg det lågaste punktet i landet, Rio Paraguay, 90 meter over havnivå.

Titicacasjøen ligg på grensa mellom Bolivia og Peru.

Heilt i vest ligg Salar de Uyuni, som er verdas største saltørken.

[endre] Departement

Bolivia er samansett av ni fylke, kalla departement (departamentos). Desse er: Beni, Chuquisaca, Cochabamba, La Paz, Oruro, Pando, Potosi, Santa Cruz og Tarija.

[endre] Klima

Låglandet i Bolivia med regnskogen i nordaust og grassletta Chaco i søraust. Begge områda er varme og fuktige, og temperaturen i Chaco-området går ofte over 40 ºC frå september til desember, og begge områda får ein god del regn frå november til april. Nedbørsmengdene er størst i nord, men Chacosletta vert ofte omvandla til eit sumpområde i regntida.

Altiplano er eit høgt platå i Bolivia med ei middelhøgd på 3800 m. Platået er både lågare og på lågare breidder enn Tibetplatået, og derfor vert ikkje Altiplano råka av vêrsystema på midlare breidder. Platået er ekstremt tørt og har mykje tropisk sol, og temperaturane varierar vanlegvis omkring 20 ºC mellom dag og natt. Charaña registrerte ein gong ein imponerande temperatursvinging på heile 42 ºC mellom natta og dagen. Desse temperaturkontrastane er særleg store om hausten (mars til mai). Sjølv på vinteren kan temperaturen gå langt under 0 ºC om natta for så å krype over 10 ºC om dagen. La Paz ligg like under den nordlege kanten av altiplano, og nattetemperaturane vert derfor ikkje så låge som lenger sør. Vinteren på Altiplano er som regel krystallklar, og det kjem berre ei lita mengd snø kvart år. Dei milde somrane fører ofte til intense torevêr, og kan av og til føre til litt sludd eller snø som raskt forsvinn.


Sør-Amerika

Argentina| Bolivia | Brasil | Chile | Colombia | Ecuador | Guyana | Panama
| Paraguay | Peru | Surinam | Trinidad og Tobago | Uruguay | Venezuela

På andre språk


aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -