See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Aymara - Wikipedia

Aymara

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Sjå òg artikkelen om aymaraene
Aymara
(Aymar aru)
Klassifisering: Aru språk

 Underfamilie
    Aymara

Bruk
Tala i: Bolivia, Chile, Peru
Område: Det sentrale Andes
Aymaratalande i alt: 2,2 millionar for sentral aymara
Rangering: Ikkje blant dei 100 mest utbreidde språka
Skriftsystem: Latinsk
Offisiell status
Offisielt språk i: Bolivia og Peru
Språkkodar
ISO 639-1: ay
ISO 639-2: aym
ISO 639-3: aym, ayc
Geografisk spreiing av aymara
Geografisk spreiing av aymara

Aymara (Aymar aru) er eit søramerikansk språk i aru-familien. Det er offisielt språk i Peru og Bolivia, har 300 000 talarar i Peru, 1,2 millionar i Bolivia og 50 000 i Chile.

Aymara er eitt av dei få indianarspråka i Amerika som har meir enn ein million talarar, dei andre er quechua, quichee og guaraní. Aymara vart snakka i inkariket, og før det i Aymara-kongedømma.

Innhaldsliste

[endre] Grammatikk

[endre] Fonologi

Aymara har tre vokalfonem, /a, i, u/, to lengdegradar (lang, kort), og dei høge vokalane har midtre allofonar (/i/ -> [e], /u/ -> [o]) foran uvulare konsonantar, alt som er sagt om dette systemet gjeld forresten også for grønlandsk.

Aymara har labiale, alveolare, palatale, velare og uvulare lukkelydar, utan stemtheitsopposisjon, men med ein tre-vegsopposisjon mellom vanlege, glottaliserte og aspirerte konsonantar. I tillegg har aymara ein /r/, og alveolare og palatale nasalar og lateralar, og to halvvokalar /w/ og /j/.

Trykket ligg på nestsiste staving, men kan alternere som resultat av vokallengd.

[endre] Språkhistorie

[endre] Ytre språkhistorie

Dei eldste skriftlege dokumenta på aymara er omsetjinar av religiøse tekstar på den spanske kolonitida. Misjonærane laga også grammatikkar, men dei var gjort på grunnlag av spanske grammatiske mønster.

Aymara sin ortografi var lenge basert på spansk, med dårleg attgjeving av fonemopposisjonar som ikkje finst i spansk. I 1968 etablerte Juan de Dios Yapita, som har aymara som morsmål, ein ny ortografi. Denne ortografien gjennomgjekk mindre endringar i 1984 i ei rettskrivingsreform i Bolivia, den endra versjonen vart offisielt godteke i Peru i 1985.

[endre] Språkslektskap

Aymara er i slekt med Kawki og Jaquaru, som blir snakka av ganske få talarar i sentrale delar av Peru. Om aymara og quechua er i slekt eller ikkje er omstridd.

[endre] Bakgrunnsstoff


aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -