Nettlesar
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein nettlesar (engelsk web browser) er eit dataprogram brukt for å syna innhald frå Verdsveven på ein dataskjerm.
Dei fleste sidene på Verdsveven vert overførte på HTML-format. Nettlesaren si jobb er å tolka HTML-kodane for å plassera tekst og bilete rett når dei skal visast på skjermen, og å gjera det enkelt for brukaren å navigera blant websidene.
Nettlesaren Mosaic frå NCSA var den første populære nettlesaren med grafikk, og har mykje av æra for at folk tidleg fekk augo opp for Verdsveven.
Nokre populære nettlesarar i dag:
- Microsoft Internet Explorer - proprietær, følgjer med Microsoft Windows.
- Safari - KHTML-basert, proprietær, standard på Mac OS X.
- Opera - Presto-basert, proprietær, utvikla av Opera Software.
- Opera Mini - Populær lettversjon av Opera sin nettlesar til mobiltelefonar
- Netscape - Nettlesar tidlegare kjend som Netscape Navigator (Versjon 9, som no er beta kjem òg til å heita Navigator).
- Konqueror - open kjeldekode nettlesar for UNIX/Linux Skrivebordsmiljøet KDE.
- Epiphany - open kjeldekode nettlesar for UNIX/Linux Skrivebordsmiljøet GNOME.
- Firefox - open kjeldekode, utvikla i regi av Mozilla.
- Dillo - GPL-lisensiert, rask nettlesar, spesielt populær i system med få ressursar.
- Lynx - GPL-lisensiert, standard tekstbasert nettlesar, følgjer m.a. med alle Linux-system.