See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
KDE - Wikipedia

KDE

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Skjermdump av KDE 3.5
Skjermdump av KDE 3.5
«Konqi» heiter maskoten til KDE
«Konqi» heiter maskoten til KDE

KDEK Desktop Environment – eir eit ope, fritt tilgjengeleg skrivebordsmiljø og ein fri utviklingsplattform som er bygd på det norske Trolltechs Qt-biblioteket. KDE køyrer på dei fleste UNIX-platformar og -liknande, inkludert Linux, BSD og Solaris. Ein kan og køyre KDE Mac OS X ved hjelp av X11.app og i Microsoft Windows med Cygwin.

K-en i «KDE» stod opphavleg for «Kool» («C» som i «Cool» var allerede brukt i CDE – Common Desktop Environment), og vert difor skriven som «K» – bokstaven før «L» (Linux).

Maskoten til prosjektet er ein grøn drage kalla Konqi.

Innhaldsliste

[endre] Historie

KDE vart starta i 1996 av Matthias Ettrich, som da var student på universitetet i Tübingen. Han tykte at dei grafiske miljøa i UNIX på den tida var altfor dårlege. Ettrich skreiv eit innlegg på Usenet om problemet han hadde med at ingen program såg ut som andre eller fungerte noko særleg saman med andre program. Han foreslo difor å lage noko som ikkje bare var en samling med program, men eit nytt skrivebordsmiljø, der brukarane kunne forvente at dei ulike elementa hadde eins utsjånad og verkemåte. Han ville òg at det skulle være lett å bruke – sidan eit av problema hans var at kjærasten ikkje kunne bruke UNIX-maskina. Innlegget, som vart posta til mange ulike nyheitsgrupper, vekte stor interesse, og KDE-prosjektet var dermed i gang.

Ettrich valgte å bruke Qt-biblioteket for KDE-prosjektet. I 1997 vart GNU-prosjektet bekymra på grunn av diverse lisensieringsproblem med Qt, noko som førte til at GNOME-prosjektet vart starta av Miguel de Icaza. Qt vart seinare re-lisensiert for å kunne tilby ei alternatriv GNU GPL-lisens, noko som i stor grad dempa lisensieringsuroa. GPL-lisensen på eit bibliotek krev imidlertid at alle program som bruker dette biblioteket òg må vera GPL-lisensiert, og nokre meiner at dette er et problem ettersom proprietær programvare ikkje kan lenkje til KDE sine bibliotek.

Både KDE og GNOME er i dag ein del av Freedesktop.org-prosjektet – eit forsøk på å standardisere UNIX-skrivebordet slik at dei ulike skrivebordsmiljøa kan fungere saman.

[endre] Organiseringa av KDE-prosjektet

Som mange andre prosjekt for fri programvare, er KDE utvikla i hovudsak på dugnad, sjølv om ein del store føretak, som Novell, Trolltech og Mandriva har tilsette som arbeider med å utvikle KDE. Organiseringa er temmeleg kompleks, ettersom det er så mange som bidreg til KDE-prosjektet på ulike måtar (gjennom utvikling, oversetjing, grafikk etc.). Dei fleste problema som oppstår vert diskuterte på fleire epostlister.

Det finst brukarar og utviklarar over heile verda, men prosjektet har sterke røtter i Tyskland. Webtenarane står ved universitetet i Tübingen, og Kaiserslautern, ein tysk velferdsorganisasjon (KDE e.V.) eig varemerket «KDE». KDE-konferansar finn ofte stad i Tyskland.

[endre] Viktige KDE-brukarprogram

  • Konqueror – KDEs nettlesar og filbehandlar.
  • KMail – KDEs e-postlesar.
  • Kontact – integrerer KMail, planleggjaren KOrganizer, nyhendesgruppelesaren KNode og fleire i ei gruppevareløsning.
  • Kopete – IM-klient (MSN, Jabber, IRC, etc.)
  • KOffice – Kontorprogramvare.
  • KDevelop – Utviklingsverktøy.
  • Quanta Plus – Utviklingsverktøy for nettsider.

[endre] Bakgrunnsstoff


aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -