Afghanistan
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
جمهوری اسلامی افغانستان (dari: Jamhūrī-ye Islāmī-ye Afġānistān ) د افغانستان اسلامي جمهوریت (pashto: De Afġānistān Islāmī Jomhoriyat ) |
|||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
|
|||||||
Nasjonale motto: Ukjent | |||||||
Offisielle språk | Pashto og dari | ||||||
Hovudstad | Kabul | ||||||
Styresett |
Republikk Hamid Karzai |
||||||
Flatevidd - Totalt - Andel vatn |
647 500 km² (41.) 0 % |
||||||
Folketal - Estimert (2008) - Tettleik |
32 738 376 (38.) 50,6 /km² (46.) |
||||||
Sjølvstende frå Det britiske imperiet |
1919 | ||||||
BNP - Totalt (2005) |
63 857 mill. USD (68.) |
||||||
Valuta | Afghani | ||||||
Tidssone | UTC+4,30 | ||||||
Nasjonalsong | «d.: Soroud-e melli-ye Afġānistān (Afghanistans Nasjonalsong – سرود ملی افغانستان) p.: Dā hewā́d melí Afġānistā́n day (Dette er det afghansk landet – دا هېواد افغانستان دی), eller Melí soroúd (Nasjonalsongen – ملي سرود)» |
||||||
Nasjonaldag | 19. august | ||||||
Internasjonal telefonkode | +670 | ||||||
Nasjonale toppdomene | .af
|
Den islamske staten Afghanistan er eit fjell-land i vestre Himalaya. Det grensar til Pakistan, Iran, Turkmenistan, Usbekistan, Tadsjikistan og Kina. Landet har ikkje kystline.
Namnet Afghanistan kjem av det alternative namnet for pasjtunar, afghanarar, som var grunnleggjarane av det moderne Afghanistan. Siste del kjem frå det persiske ordet stān (land).
Innhaldsliste |
[endre] Historie
Afghanistan vert ofte kalla vegkrysset i Sentral-Asia og har ei turbulent historie. Regionen som i dag heiter Afghanistan har opp gjennom tidene vorte okkupert av mange styrkar inkludert det persiske riket, Dsjengis-khan og Aleksander den store.
Den afghanske staten slik vi kjenner den i dag, oppstod i 1746 under Durrani-dynastiet, men kontrollen over landet vart gjeve til Storbritannia til kong Amanullah steig opp på trona i 1919.
Sidan 1900 har elleve leiarar vorte fjerna udemokratisk: 1919 (attentat), 1929 (abdisert), 1929 (henretting), 1933 (attentat), 1973 (fjerna), 1978 (henretting), 1979 (henretting), 1979 (henretting), 1987 (fjerna), 1992 (kasta), 1996 (kasta) og 2001 (kasta).
Den siste stabile perioden i Afghanistan var mellom 1933 og 1973 då landet var under kong Zahir Shah. I 1973 gjennomførte kongen sin svoger, Mohammed Daoud Khan, eit kupp. Daoud og heile hans familie vart myrda i 1978 då det afghanske kommunistpartiet overtok styret gjennom eit kupp.
Motstanden mot regjeringane som fylgde var betydeleg. I tillegg var regjeringane prega av innbyrdes konflikt. I august 1978 byrja den amerikanske regjeringa å støtte mujahedin-styrkane med mål om å trekkje Sovjetunionen inn i konflikten. Då regjeringa stod i fare for kollaps, intervenerte Sovjet 24. desember 1979. Mujahedin sin motstand, støtta av USA, Pakistan og andre regjeringar, førte til at rundt 15000 sovjetiske soldatar mista livet. Dette i tillegg til internasjonalt press førte til at Sovjet trakk seg ut ti år seinare i 1989. For fleire detaljar, sjå Den afghansk-sovjetiske krigen
Kampane heldt fram mellom ulike mujahedin-fraksjonar. Dette førte til opprettinga av ein tilstand der krigsherrar regjerte og Taliban oppstod. Dei mest alvorlege sammenstøta hende i 1994 då 10000 menneske vart drepne frå ulike fraksjonar i kampane rundt Kabul. Støtta av Pakistan og Pakistan sine allierte utvikla Taliban seg til ein politisk og religiøs maktfaktor og tok til slutt makta i 1996. Taliban klarte å erobre 90% av landet, bortsett frå Nordalliansen sine festningar fyrst og fremst i nordaust. Taliban freista å gjennomføre ei streng tolking av islamsk Sharia-lov. Alliansen mellom Pakistan og Taliban ga muslimske terroristar støtte og ein trygg gøymestad (særleg Osama bin Laden sitt al-Qaida) og var sentrum for islamsk terrorisme.
Den amerikansk leia alliansen sin militære intervensjon som starta 7. oktober 2001 førte til Taliban sitt fall. Angrepet var eit svar på terroristangrepet i USA 11. september. Seint i 2001 møtte leiarar frå motstandsgruppene i Afghanistan og områda rundt i Bonn og vart einige om ein plan for opprettinga av ein ny regjeringsstruktur der Hamid Karzai vart formann i et afghansk interimstyre i desember 2001. Etter eit landsdekkjande Loya jirga i 2002 vart Karzai vald til president.
I tillegg til sporadiske voldelege politiske opptøyar og pågåande militære aksjonar for å renske ut restane av al-Qaida og Taliban, slit landet med enorm fattigdom, krigsherrar som tek seg til rette, ein svært svak infrastruktur og landminer.
3. mars og 25. mars 2002 rista ei rekkje jordskjelv Afghanistan der 1800 mista livet og tusenvis av heimar vart øydelagde. Over 4000 menneske vart skada. Jordskjelva hende i Samangan-provinsen (3. mars) og Baghlan-provinsen (25. mars). Det siste var verst og førte til flest omkomne. Internasjonale autoritetar støtta den afghanske regjeringa i denne situasjonen.
[endre] Provinsar
Afghanistan består av 34 provinsar, eller velayat:
|
|
[endre] Geografi
Afghanistan er eit fjellrikt land med sletter i nord og sørvest. Det høgste punktet er Nowshak, 7485 moh. Store delar av landet er tørt, og ferskvasstilgongen er begrensa. Landet vert jamnleg rista av jordskjelv.
Dei største byane i Afghanistan er hovudstaden Kabul, Herat, Jalalabad, Mazar-e Sharif og Kandahar.
[endre] Klima
Fjellområda like sør for landet stoppar monsunen før den går inn i landet, og Afghanistan har dermed eit tørt klima. Ytterkanten av lågtrykk som kjem inn over Midtausten frå Middelhavet kan gje litt regn om vinteren, eller snø i høgda. Temperaturane er derimot låge, særleg i høgda som ofte kan få frost. Om sommaren kan det derimot bli svært varmt, spesielt i låglandet. Kabul har ein årleg nedbørsnormal på 339 mm, medan Kandahar berre har 178 mm.
[endre] På verdsveven
- Development Gateway sin portal om afghansk gjenoppbyggjing
- Afghanistan sin islamske overgongsstat (Afghansk regjeringsside)
- Afghanan Dot Net
- Afghanistan Portal
- Sabawoon Online
- CIA - The World Factbook -- Afghanistan* Library of Congress Country Study of Afghanistan
- Tilbakevendinga til Afghanistan - Ein serie kortfilmar av Washington Post om det nye Afghanistan
- British Royal College for Defense Studies analysar og forslag om krig i august 2001
- 2002 FN kart over Afghanistan (PDF)
- Afghanistan Information Management Service - frå FN prosjekt
- Fleire eksterne lenkjer - Hyperlenkside om Afghanistan
Vest-Asia |
Afghanistan | Armenia | Bahrain | Georgia | Irak | Iran | Israel | Jordan | Kuwait | Kypros | |