See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Den afghansk-sovjetiske krigen - Wikipedia

Den afghansk-sovjetiske krigen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Det afghanske kommunistpartiet PDPA kom til makta ved eit kupp 27. april 1978. Nur Muhammad Taraki, generalsekretær i PDPA, vart statsminister i den nye republikken, sterkt støtta av Sovjetunionen.

Den nye regjeringa forbaud tvangsekteskap, gav kvinnene stemmerett, erstatta religiøse og tradisjonelle lover med sekulære, forbaud stammedomstolar, og vedtok landreform. Menn skulle trimme skjegget, kvinner skulle ikkje gå med burka. PDPA inviterte Sovjetunionen til å hjelpe til med å modernisere infrastrukturen og utnytte naturressursane i landet. Sovjetunionen sende folk for å byggje vegar, sjukehus og skolar og for å bore etter vatn til brunnar, dei trena og utstyrte òg den afghanske hæren.

Desse reformene vart møtte med stor motstand, delvis leidd av folk frå det tradisjonelle etablissementet. Grupper vart skipa for å reversere utviklinga, og somme bruka vald og sabotasje mot industri og infrastruktur. Regjeringa reagerte med makt, og arresterte, utviste og avretta mange mujahedin («heilage muslimske krigarar»).

I 1979 var den afghanske hæren ute av stand til å møte den store motstanden, og sovjetiske troppar vart sende inn for å knuse oppstanden og samtidig sette inn ei meir påliteleg regjering i Kabul, der det var store motsetningar i leiinga i kommunistpartiet.

Den 25. desember 1979 gjekk sovjetiske styrkar inn i Kabul. Dette var starten på den sovjetiske okkupasjonen av Afghanistan og den afghansk-sovjetiske krigen, som enda i i 1989 med full tilbaketrekking av dei sovjetiske styrkane, etter Geneve-avtalen mellom den sovjetisk-støtta regjeringa i Afghanistan og den USA-støtta regjeringa i Pakistan.

I over ni år gjennomførte den sovjetiske hæren militære operasjonar mot afghanske mujahedin-opprørarar. CIA, Pakistan og Saudi Arabia hjelpte til med å finansiere motstanden. Ein viss Osama bin Laden var ein framståande organisator og finansiell støttespelar for mujahedin; hans kontor kanaliserte pengar, våpen og islamistiske krigarar frå heile verda inn i Afghanistan, med hjelp av regjeringane i USA, Pakistan og Saudi-Arabia. I 1988 skipa bin Laden den no så namngjetne organisasjonen Al Qaida.

Sovjetunionen trekte styrkane sine tilbake i februar 1989, men heldt fram med å støtte den afghanske regjeringa, leidd av Mohammed Najibullah. Massive mengder støtte frå CIA og Saudi Arabia til mujahedin heldt òg fram. Etter Sovjetunionen vart oppløyst, vart Najibullah-regjeringa styrta 18. april 1992 , da general Abdul Rashid Dostum gjorde mytteri og allierte seg med Ahmed Shah Massoud, som tok kontroll over Kabul og erklærte Afghanistan som islamsk stat.


Kjelde: Engelsk wikipedia, ein bolk frå art. "History of Afghanistan" [1]


aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -